Det
var Oskar som først tok ordet: “Det er ein Yamaha.” Mira og eg berre nikka
tause. Ein kvar idiot kunne sjå at det var ein Yamaha.
“Eg
trur den er sju år gamal.” Mira har sett seg på huk og ser inn på motoren. “Det
står 2005 her, på ei slik lita metallplate.” Eg bøyer meg for å sjå det ho har
sett, og legg merke til at det er lite sot på eksospotta, ja lite skit i det
heile. “Ser ikkje mykje brukt ut.”
Vi
står og ser på sykkelen ei stund til. Mira går bortover stien og kikkar både
oppover og nedover, og eg ser den andre vegen, tilbake dit vi kom frå. Det ser
ikkje ut som det er eit einaste menneske i nærleiken. Ingen eigar i sikte.
Ingen som kan leggje merke til tre ungdommar i nærleiken av ein moped.
“Veldig
fin framlykt,” seier plutseleg Oskar, og dultar borti det blanke metallet.
Framhjulet dreiar så vidt litt utover, og så tilbake i den posisjonen det
hadde. “Kunne vore fin…” Orda dør liksom ut mellom leppene hans, og Mira trekk
på skuldrene: “Ja, og så?”
Oskar
ser nøyare på lykta, ser på festet, leidningane, det blanke glaset. “Trur ikkje
den er så vanskeleg å ta av.” Det var akkurat det eg tenkte sjølv, men det
høyrtes heilt feil ut no som orda var sagt. Mira stirrar på han med store
auger, og ser spørjande på meg. “Han kan vel ikkje…?” Eg trekk berre på skuldrene
og set meg ned på ein stein ved sidan av stien. Det er ein fin plass. Akkurat
passe open, akkurat passe lukka. Vi kan sjå utover bygda, ser engene, vegane,
frukthagane, men eg tvilar på om nokon klarar å få auge på oss her oppe. Og
viss dei skulle sjå oss, ville dei kanskje tru at det var tre steinar over
beitemarka. Eller tre sauer, viss vi rører på oss.
Mira
set seg ned på den same steinen, vi har begge to ryggen til Oskar og mopeden.
Ser utover den fredelege bygda, medan vi høyrer stille metallydar bak oss. Til
slutt vert det stilt, og Oskar startar å gå bortover stien. “Kjem de?” Han ser
ikkje på oss medan han spør, så det er berre så vidt vi får med oss orda. Men
jo, vi kjem då, og vi må springe litt for å ta han att. “Og no då?” spør eg,
medan eg strevar for å halde farten. Mira er mykje raskare, så ho er allereie
komen forbi Oskar, og eit godt stykke ned i bakken. “Dette har eg ingenting
med, ok?” ropar ho bak til oss. “Ok?” Ho har stoppa opp no, og ser på Oskar med
smale auge. Oskar berre nikkar, og prøver å få igjen pusten. Han held på ei
grein som stikk ut over stien, og lenar seg mot den. Han er andpusten og raud i
fjeset. Vi kan tydeleg sjå at den venstre jakkelomma bular.
Mira
startar å gå med det same ho har fått nikket frå Oskar, og snart spring ho
nedover stien. Ho forsvinn bak grantrea, og Oskar og eg står tilbake aleine. “Det
var kanskje ikkje så lurt,” prøvar eg, men Oskar berre snøftar og startar å gå
igjen han også. “Vi snakkast i morgon, Bolle!” Eg hatar når han kallar meg det.
Berre fordi eg har foreldre som er så teite at dei gir sonen sin namnet “Olle”,
som om dei budde i Sverige eller noko, så er det liksom fritt fram å tulle med
det. Eg prøvar å rope etter han, men han berre vinkar med handa og forsvinn i
skogen.
Dagen
etter vert eg vekt av mobiltelefonen. Det er Mira som ringer, og ho kviskrar
når ho snakkar. Det er berre så vidt eg får tak i orda, men eg forstår ho vil
eg skal komme ned til henne. Ho bur nesten midt i sentrum, viss vi kan kalle
kaia, butikken og den vesle bensinpumpa, og frisørsalongen, for sentrum.
Ho
ventar på meg i hagen utanfor huset, og vinkar meg bort til seg. Vi listar oss
stille over plenen og bort til gjerdet, og der har vi fri utsikt ned til
kaiområdet. “Der, rett bakanfor bensinpumpene!” Mira peikar mot eit punkt langt
borte på kaia, og først forstår eg ikkje kva ho meiner. Så ser eg det
plutseleg, akkurat som når ein plutseleg ser kor puslespelbiten passar. Der
står ein kvit moped, ein Yamaha. Ved sidan av står det to menn, den eine peikar
og viftar med hendene, og den andre ristar på hovudet. Det er heilt tydeleg at
det er sykkelen dei snakkar om. Eg kjenner hjarta dunka hardt, og hendene er
klamme.
Vi
ryggar vekk frå gjerdet, og legg oss ned i graset. Sjølv om eg ser dei rolege
skyene som glir forbi, klarar eg ikkje å samle tankane. Det einaste som står
klart tilbake, er redsle, og eit sinne retta mot Oskar. Og meg sjølv.
(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar