onsdag 22. februar 2017

Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

Reiner og Ingrid får ein sommar og ein haust saman, før Ingrid vert sjuk og døyr. Reiner si verd rasar saman, og han har ikkje lyst til å leve lenger sjølv.

Då vert han kjent med ein gut som heiter Percy, og ein mystisk mann som kallar seg sjølv for Kapteinen. Kapteinen hevdar han veit vegen inn til verda bakanfor døden, og saman reiser dei inn i dette merkelege landet. Plutseleg finn Reiner seg sjølv i eit grått og trist landskap, på leiting etter Ingrid. Dei kjem ut for mange merkelege hendingar og prøver, og forfattaren får godt fram den litt grå og triste stemninga som herskar i landet bak døden.

Så er spørsmålet om Reiner finn Ingrid, og om det er mogleg å få henne med seg heim att. Undervegs får vi små glimt tilbake til då dei to møttes og korleis kjærleiken batt dei stadig sterkare saman.

Ragnar Hovland har skrive ei svært original forteljing, og historia opnar for mange ulike tolkningar. Forteljinga er stemningsfull og trist. Eg reagerte på dei hyppige henvisningane til brennevin - det passa ikkje heilt inn i ein ungdomsroman. Når historia var ferdiglest, og eg tolka den i heilskap, ser eg likevel at dette kan ha ein funksjon i forteljinga.

Boka passar for stødige lesarar, og aller helst for ungdom som klarar å tolke tekst. Historia er absolutt verdt å få med seg!

søndag 19. februar 2017

J.K. Rowling: Harry Potter og barnets forbannelse

J.K. Rowling har i Harry Potter-bøkene bygd seg eit stort litterært univers å boltre seg i. Dei sju hovudbøkene fylgjer Harry Potter og venene hans gjennom sju år på skulen Galtvort, og hovudtema er kampen mot den vonde fyrst Voldemort.

I denne nye boka har det gått 20 år, og det er neste generasjon som skal begynne på skulen. Albus Potter føler at faren ikkje godtek han som han er, og at venskapet med Scorpio Malfang vert uglesett. Dei to kameratane får tak i ein tidsvendar, og reiser tilbake i tid for å redde Fredrik Djervell frå døden. Dette får uante konsekvensar for både dei sjølve og tida dei lever i.

Heile vegen ligg skuggen av fyrst Voldemort over forteljinga, og vi anar at noko frykteleg og vondt er i emning...

Historia er manus til ei teateroppsetjing, og er følgeleg bygd opp på ein annan måte enn bokserien om Harry Potter. Likevel er spenninga den same, og fokuset på detaljar og eit intrikate plot er like stort. Endå ein gong har J.K. Rowling vist at ho er ein forfattar i verdsklasse!

Linn T. Sunne - Lett lykkelig

Boka "Lett lykkeleg" har to hovudpersonar; Milla og mor hennar. Sommarferien har begynt, og mora ynskjer å setje i gong med eit av dei mange oppussingsprosjekta sine. Så får ho eit brev i posten, og håpet om at eksmannen skal komme tilbake sluknar. Då reiser ho og Milla heller på ferietur. Sidan mora er oppteken av stavkyrkjer, bestemmer dei seg for å besøke alle stavkyrkjene i Noreg på éin tur.

Undervegs får dei problem med bilen, og må overnatte på eit nedlagt pensjonat. Her vert dei kjent med fleire interessante menneske i den vesle bygda, og kjem rett oppi ei konflikt mellom to familiar.

For Milla vert ikkje sommaren heilt slik ho hadde sett for seg, men kanskje den kan bli bra likevel?

"Lett lykkelig" er ei kort og lettlest bok. Problema får litt enkle løysingar, og det er ei svakhet med boka. Det blir rett og slett litt mange konfliktar, og det er særleg "familiefeiden" som etter mi meining ikkje hadde trengt å vere med. Der er nok av andre spennande hendingar likevel!

Ingunn Thon: Ollis

Det er ei både festleg, snodig og seriøs forteljing Ingunn Thon her har ført i pennen. Vi vert kjent med dei gode venninnene og naboane Ollis og Gro. Dei to finn på mykje forskjellig i lag, men det er tydeleg at det er Gro som er anføraren inn i nye eventyr. Ho går fryktlaust på, medan Ollis kjem litt skeptisk og nervøst etter.

På eit av eventyra støter dei på den mildt sagt merkelege dama Borgny Ur. Ho bur heilt aleine langt inne i skogen - bortanfor ein bondegård som dei to jentene ikkje har lov til å krysse.

Ollis får eit postkort frå faren sin, som forlet henne og mora då ho var lita. Omtrent samtidig oppdagar Gro at Ollis har loge til henne, og mora sin nye kjæraste Einar går Ollis på nervane. Ho bestemmer seg då for å leggje ut på eit eventyr på eiga hand, og leite opp den sakna faren.

Måten historia er bygd opp på, med alle eventyra og dei sterke rollefigurane, minner meg mykje om Maria Parr si bok "Tonje Glimmerdal". Det er i alle fall ei bok i den same forteljartradisjonen, berre at det i "Ollis" også er lagt inn ein ekstra dimensjon av surrealisme, og det er i hovudsak figuren Borgny Ur som utgjer dette innslaget.

"Ollis" er ei festleg og fint fortalt bok, og vil nok særleg treffe born i alderen 9-12 år.

mandag 13. februar 2017

Sabaa Tahir: En glo i asken

Dette er første boka i ein ny fantasy-serie, og Sabaa Tahir si debutbok. Viss ho klarar å fylgje opp dei neste bøkene på same nivå, er dette eit forfattarskap eg ser fram til å fylje!

En glo i asken er ei ganske rå og brutal bok. Her er mykje smerte og død, og bakteppet er ein militær diktaturstat der dei sivile innbyggarane vert haldne nede med jernhand. Vi vert ekstra godt kjent med to ungdomar i storbyen Serra, der også militærskulen Svarttind ligg. Elevane ved denne skulen vert plukka ut når dei er seks år gamle, og går gjennom 14 år med beinhard disiplin og undervisning før dei vert uteksaminerte. Ikkje alle overlever opphaldet ved skulen. Her møter vi Elias, som snart skal forlate skulen. Han legg planar for livet vidare, men ei plutseleg innblanding frå uventa hald snur om på alt han har tenkt.

I byen bur Laia saman med broren og besteforeldrene. Ein dag vert dei utsett for eit raid frå militærmakta, og broren vert sett i fengsel. Laia inngår avtale med motstandsrørsla, der ho skal vere spion for dei mot at dei hjelper broren laus. Dermed kryssar Elias og Laia sine vegar, og begge vert, på kvar sin måte, i tvil om kven dei kan stole på og kva som eigentleg er sanninga av det dei opplever og høyrer.

Plottet i boka er spennande og uforutsigbart, og det skjer stadig noko som gjer at føresetnadane for handlinga endrar seg. Stadig får vi sjå nye sider ved personane som er med, og ein kan begynne å lure på kven som er ond og kven som eigentleg er god. Og om det i det heile er mogleg å skilje mellom desse.

Boka har mykje av råskapen og det diktaturiske systemet frå Hunger Games-trilogien, mykje av det smarte plottet og dei overnaturlege herskarane som pregar End Game-bøkene og mykje av filosoferinga rundt kven som eigentleg er dei gode som vi finn i Ravneringene-trilogien. Er du glad i desse historiene, og i fantasy generelt, vil du ganske sikkert like også denne nye serien!

onsdag 8. februar 2017

Super-sterk, -smart og -rask!

Dette er tre heilt nye og lettleste faktabøker for unge lesarar! Bøkene er på nivå tre i leseland-serien, det vil seie at dei er for lesarar som byrjar å lese litt større tekstmengder. Kvar side inneheld 3-5 setningar, i tillegg til ein del snakkebobler som supplerer teksten. Bøkene har artige og gode illustrasjonar, og framsidene ser slik ut:









Tekstoppbygginga er variert og lett å fylje med på. Bøkene legg vekt på at det er ulike måtar å vere både rask, smart og sterk på. Det er altså ikkje lettleste kopiar av Guinness rekordbok, men bøker som gir både fakta og kan hjelpe borna til å tenkje litt vidare og lenger. Det er nemleg ikkje alltid ein fordel å vere veldig sterk, og det finst mange måtar å vere rask på. Og om ein er smart når det gjeld tal eller oppfinningar, kan ein annan vere smart når det kjem til å tolke andre sine kjensler!

På den måten gir bøkene også ein utvida horisont når det gjeld å setje pris på ulikskapar og ikkje berre heie på dei som står øverst på sigerspallen.

I bokhylla for gode og lettleste faktabøker for ferske lesarar står det dessverre ikkje så mange bøker endå, men desse nye leselandbøkene er med og bøter på det. Måtte det komme fleire!

tirsdag 7. februar 2017

Visste du at....?

Samlaget har dei siste åra satsa stort på enkle lesebøker for dei yngste lesarane. "Leseland"-prosjektet inneheld bøker på fire ulike nivå, der nivå 1 er for dei som nettopp har knekt lesekoden og treng artige og gode bøker å øve på, og nivå 4 er for rimeleg sterke lesarar, med mykje tekst per side.

Nyleg kom det ut tre nye bøker på det første nivået. Dei ser slik ut:









Her i huset slo bøkene svært godt an. Sjuåringen har lest alle tre, og ganske mange av faktasetningane frå boka måtte lesast høgt. "Å, høyr her! Mamma! Pappa! Visste du at hesten kan...?" Treåringen høyrde på alle faktasetningane, og las etterpå gjennom bøkene ho også. Mykje av det som vart gjengitt då, må seiast å vere alternative fakta, men også ho likte bøkene godt!

Det er éin setning per side, og stor skrift. Bøkene passar difor særs godt til å bruke i dei lågaste klassestega.

mandag 6. februar 2017

Iben Akerlie: Lars er lol

"Lars er lol" er ei både morsom, sår og alvorleg bok. Vi vert godt kjent med Amanda, ei jente som helst vil vere anonym og slett ikkje innblanda i det som skjer. No skal elevane i klassen endeleg få tildelt fadderbarn frå 1. klasse, men læraren har andre planar for Amanda. Ho vert fadder for Lars, som er ein ny gut i klassen. Lars har Downs syndrom, og Amanda veit ikkje heilt korleis ho skal forholde seg til dette.

Amanda prøvar så godt ho kan å både vere ven med Lars, samtidig som ho vil liggje lågt og umerka i terrenget. Ein dag gjer ho ei  frykteleg oppdaging, og vert stilt på val. Ho vert tvungen ut av sin nøytrale posisjon, og opplever at kvardagen plutseleg ikkje er så enkel...

Det er ei fin forteljing som vert fortalt, og den seier mykje viktig om både mobbing, å svikte venene, det å vere seg sjølv og det å tore å stå opp for det ein meinar er rett. Og sjølvsagt er det også ein god porsjon kjærleik og avstandsforelsking med i biletet også...


søndag 5. februar 2017

Sigbjørn Mostue: Når historien slutter

Dette er den tredje og siste boka i trilogien "I morgen er alt mørkt". Tema for bokserien er eit framtidig samfunnssamanbrot på grunn av ein pandemi.

I den første boka var det Brage som hadde synsvinkelen, og i den andre Marlen. I denne tredje og siste boka i serien skiftar synsvinkelen mellom Brage, Marlen og Oliver, og på den måten kan forfattaren fortelle fleire parallelle historier som han til slutt knyter saman.

Forsvaret har oppretta ei sikker sone i Oslo, og Brage og Marlen får sjansen til å bu der. Det store problemet er tilgangen til mat, og desperasjonen sprer om seg. Samtidig samlar det seg "streifarar" (menneske som har vore sjuke og mista vitet) seg utanfor murane, og stadig fleire av dei som endå ikkje er smitta ynskjer å komme inn og få beskyttelse av forsvaret. Ikkje alle får lov å komme inn.

Denne forteljinga er like intens og nervepirrande som dei to første bøkene i serien, og den er slett ikkje så lett å leggje frå seg. Tittelen på boka varslar ei katastrofe. Dette er ein dystopi, og lever til fulle opp til sjangeren. Likevel er der heldigvis også glimt av både glede, kjærleik og håp, og avslutninga rundar godt av denne spennande serien.

Dei to første bøkene har fått mange positive tilbakemeldingar frå ungdomane som har lest dei, og eg ser ingen grunn til at denne siste boka skal få noko dårlegare omtale!