søndag 31. august 2014

"Flukten" av Torborg Igland og Amund Hestsveen

For alle elskarar av fantasylitteratur har det endeleg kome ei verkeleg god norsk bok i sjangeren. Den går i fotspora til Suzanne Collins sin Hunger Games-trilogi, Divergent-serien til Veronica Roth og Matched-Crossed-Reached-bøkene til Allie Condie.

Vi er i Norge, 60 år fram i tid. Verda som vi kjenner den har gått under i atomkrig, og eit nytt land, Skandia, har oppstått. Det omfattar alle dei nordiske landa, men der stoppar også all likskap med dagens Norden. Skandia er eit diktatur, og folk vert haldne på plass ved hjelp av propaganda, frykt og vald.

Leiaren i Skandia gir meg assosiasjonar til Nord-Korea sine diktatorar dei siste tiåra, og eg innser at sjølv om historia i boka ligg så langt frå min kvardag at den kjennes litt fjern, er det ikkje eit heilt usannsynleg scenario som vert teikna.

Likt i bøkene til Allie Condie, spelar kunst og litteratur ei viktig rolle i bøkene. Først og fremst ved at det er strengt forbode. Og når det er fjerna frå dagleglivet på denne måten, forstår vi kor mykje denne delen av livet faktisk betyr.

I forteljinga møter vi først og fremst hovudpersonane Jor, Livni og Kodak. Dei går siste året ved skulen, og skal snart få vite kor vegen går vidare. Men det er noko som skurrar under overflata, og rett før utvelgingsseremonien, der ein del av elevane vert valt ut til offiserstrening, avslører dei ein grusom løyndom. Verda vert snudd på hovudet, og det må handlast. Raskt. Men kven kan dei eigentleg stole på?

Boka er godt skrive, og historia er det ein kallar for ein "page-turner". Det er ikkje mange dødpunkt i boka, slutten opnar for meir spenning i neste bok. Personleg håpar eg det ikkje er så lenge til den kjem ut...

fredag 29. august 2014

onsdag 27. august 2014

Skuleglimt #2


På veg til skulen ein tidleg augustmorgon. Paparazzibilde frå bakom ein hekk.

tirsdag 26. august 2014

Skuleglimt #1


Pastasalat med dressinghjarte frå den nyoppstarta elevbedrifta; Valfag kantine. Fint tiltak!

søndag 24. august 2014

Nytt år, nytt kull, nye muligheter...

Eit nytt skuleår er godt i gong, og eg har starta opp med ny 8. klasse. Her er dei godt i gong med naturfagleg arbeid:


Det er alltid spennande med nye klassar å sjå kor lang/kort tid det går før kjemien mellom elevane stemmer.


Foreløpig ser det lovande ut. Barneskulane har visst sendt frå seg kjekke elevar i år også!

Siste bildet er frå fredagens forsøk med kjemiske reaksjonar. Kjekt å forske litt!