Resultata etter arbeid på sløydsal, tekstil- og keramikkrom er ofte interessante å sjå på. Elevane er veldig forskjellige, vel ulike innfallsvinklar til oppgåvene og løyser dei ofte på kreative og spennande måtar! I ein glasmonter i 2. etasje på skulen er det no ei lita utstilling av keramikkfuglar som elevar på småskulesteget har laga. Eg syns desse fuglane var så stilige og fine, at eg gjerne vil vise dei til fleire! Her er eit utval av arbeida (Eg tok bilder av alle, men lysforholda var slik at mange dessverre vart uklåre). Nyt kunsten!
Kanskje nokon fann inspirasjon til å lage eigne fuglar?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar