mandag 26. november 2012

Nærmere høst

I dag er det 70 år sidan ein av dei største skamplettane i norsk historie vart utført: Deportasjonen av 532 jødar frå Oslo med skipet Donau. Dei vart sendt over havet til Tyskland, og frakta til Auschwitz. Berre 9 av desse overlevde krigen. Kvinner, barn og menn over 50 år vart sendt rett i gasskammera, og dei fleste av dei gjenverande mennene bukka under i løpet av den kalde vinteren.

Seinare vart endå fleire jødar sende til Tyskland, til saman 772 stykker, og av alle desse overlevde 34 krigen.

Det er mykje som kan seiast om ei slik ugjerning, og som regel har det blitt sagt altfor lite. Dette er ikkje akkurat eit av Noreg sine lysaste augeblikk, og det var nok ubehageleg å snakke om det i etterkant av krigen. Hadde det vore SS eller tyske nazistar som samla jødane saman og sende dei av garde, hadde det nok vore lettare og eit kapittel som hadde fått mykje meir merksemd.

Det er ikkje så kjekt å snakke om norske politimenn som hyrte inn drosjer til å hjelpe seg med å samle saman jødane. Hundre patruljar som i ly av nattemørket hentar uskuldige norske borgarar, lempar dei inn i drosjer (med sjåførar som ikkje nektar å utføre ugjerninga) og frakta til kaia der båten Donau venta.

Ingen visste kva som venta, sjølv om dei ansvarlege for deportasjonen, det norske politiet, nok må ha visst at det ikkje vart nokon lystig ferietur til utlandet. Dei hadde sett korleis jødar vart behandla av nazistar. Og korleis norske nazistar behandla norske jødar i norsk fangenskap. Det var ikkje human kunnskap å ha. Likevel sender dei jødane ut av landet.

I haust kom boka "Nærmere høst" ut, og forfattaren Marianne Kaurin gir oss i boka eit nærare innsyn i det som hendte med jødane i Oslo hausten 1942. Ho vel ein veldig personleg synsvinkel: Hovudpersonen er ei 17 år gamal, og veldig forelska, jente. Det er henne og kjærleiken hennar det handlar om.

Boka startar som ei litt trist, men vakker, historie om den ulukkelege kjærleiken. Sakte men sikkert vert hovudpersonen dregen stadig lenger inn i det som skjer i samfunnet, og til slutt møter dei det uunngåelege: deportasjonen.

Ei ufatteleg trist bok, berre så det er sagt. Og samtidig ei veldig vakker bok. Språket i boka er berre heilt fantastisk! Forfattaren skriv rett og slett episk poesi. Med elegant språk og ei hjerteskjerande historie, vert det ikkje ei tørr faktabok om dei tragiske hendingane. Det vert ei historie som grip deg, og ikkje lar deg sitje urørt tilbake.

Denne boka bør absolutt lesast! Både for å få djupare forståing for det som faktisk skjedde, for å la deg gripe av umogleg kjærleik og ufattelege svik, og for å dukke inn i eit vakkert språk som går rett til hjartet.

fredag 23. november 2012

Kakleduene



Ei kakledue
Sat og vaska sine fjør
To kakleduer
Sprang litt hastig ut vår dør

Tre kakleduer
Sat og skreiv med ubrukt penn
Fire kakleduer
Lo og vinka til ein venn

Fem kakleduer
Virra att og fram med bøker
Seks kakleduer
Sat og lot som om dei søker
(Kakleduer; facebook-gjøker?)

Sju kakleduer
Stirra fram med stive blikk
Då kakleduesjefen slo
i bordet sitt og gikk

lørdag 10. november 2012

Lyriske dagar

I samband med tema for norskundervisninga i 9A for tida, lyrikk, tek eg meg her den fridomen å dikte litt...


Det er kjekt med dikt, og det er kjekt å dikte. Og det er kanskje greit å vere litt sjølvkritisk også, i ny og ne...

Med ynskje om ei poetisk helg!

tirsdag 6. november 2012

Kunst med bodskap

Det er eit par veker sidan tv-aksjonen, der ungdomsskuleelevane samla inn godt over 43 000 kroner til Amnesty International.  I forkant av aksjonen jobba 9B med temaet menneskerettar i kunst og handverk, og eg tykkjer resultata vart gode og tankevekkjande. I monteren ved inngangspartiet kan ein sjå desse kunstverka utstilt:







Eg likar kunst med bodskap!

Det er stort sannsyn for at det ikkje går ein heil månad før neste blogginnlegg. Berre som ein advarsel...