torsdag 25. oktober 2018

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Dette er den femte boka om radarparet Jakob og Neikob, og i kjent stil møter dei ei utfordring som vert løyst på originalt vis. Denne gongen får dei besøk av Masekob, som skuldar Neikob for å ikkje vere som alle andre. Dette går hardt inn på Neikob, og han bestemmer seg for å finne ut kven denne Alle Andre er, og bli som han.

Dermed legg dei ut på ei reise med både buss, u-båt og romskip, men finn ikkje han dei leitar etter. På heimvegen krasjar dei inn i ein ukjent planet, Uno, og der treff dei endeleg Alle Andre. Jakob reiser heim aleine, og er uroleg for bestevenen som har valt å bli heilt lik alle andre på planeten.

Han får hjelp frå uventa hald, og set ut for å berge Neikob heim att.

Også denne boka om Jakob og Neikob er naivistisk og fin, og fortel noko viktig om det å vere menneske. Tema i boka, slik eg ser det, er mangfald. Ein skal ikkje vere slik som alle andre, ein skal vere seg sjølv! Illustrasjonane er i kjent stil, og boka kan brukast både som underhaldning og som utgangspunkt for samtale om det å vere unik og kor viktig det er å setje pris på mangfaldet!



Atle Hansen: Klure

"Jens er ei kløne". Slik startar informasjonsteksten på baksida av boka, og er ei grei oppsummering av kjenslene som tidleg kjem til uttrykk i boka. Hovudpersonen kjenner på ei kjensle av å ikkje få til nokon ting. Han har ingen sterke sider, og har ikkje så stor tillit til seg sjølv. Det vert ikkje noko betre av at faren kallar han for ei klure, og at store, tøffe Magnus plagar han så ofte han kan. Livet er rett og slett ikkje så lett for Jens.

Heldigvis har han ein bestevenn. Rita er alltid på hans side, og ho er den einaste som veit om den store hemmelegheita. Jens er nemleg god til å synge, og favoritthobbyen deira er å spele og synge i kjellarstova hos Rita. Ho spelar piano, Jens syng.

"Klure" er ei lettlest og fin bok om det å kjenne seg liten og annleis. Den får på ein fin måte fram at me alle er forskjellige, og er flinke til ulike ting. Alle skal ikkje passe inn i den same forma!

Passar best for born i 10-13-årsalderen.


Ruth Lillegraven: Skogen den grøne

Dette er den andre diktboka for born frå Ruth Lillegraven si hand, og det er ei vakker reise forfattaren tek oss med på!

Eg-personen i dikta ynskjer å kome vekk frå støy og bråk, småsøsken og masete foreldre og tek seg ein tur inn i skogen. Me får vere med på denne reisa inn i den grøne verda. Gjennom korte og enkle dikt kan me lese om inntrykka eg-personen får og tankane han gjer seg der han vandrar gjennom skogen. Han vandrar også gjennom døgnet og årstidene, og legg merke til alle endringane som skjer i skogen.

Det har blitt ei vakker forteljing, full av undring, fantasi og refleksjonar rundt dei små tinga - dei me kanskje ikkje alltid legg merke til elles!

Eit av favorittdikta mine i boka:







Mosemenneske

på mosen
veks små mosetre
med tynn stamme
og krone i toppen

om natta blir dei
til mosemenneske
med bein og armar
hender og hovud

dei dansar og
bukkar og neiar

men om dagen
når lyset kjem, då
rettar dei ryggen
løftar hovudet
er igjen små
mosetre


onsdag 17. oktober 2018

Linn Skåber/Lisa Aisato: Til ungdommen

"Til ungdommen" er eit djupdykk inn i ungdomslivet, og både tekstforfattar Linn Skåber og illustratør Lisa Aisato treff spikeren på hovudet - gong på gong. Her er såre og triste tekstar om både tap, einsemd og mørke tankar. Her er glade tekstar, morsomme tekstar og underfundige tekstar. Og her er teikningar som samspelar med tekstane og gir eit totalt sett vakkert inntrykk!

Forfattaren skriv i innleiinga at ho har hatt mange samtalar med ungdom i forarbeidet til boka, og at desse samtalane på ulike måtar pregar tekstane. Det er tydeleg at ho har brukt råmaterialet godt, for boka er spekka med tekstar som tek ungdomstida på alvor, og som eg trur speglar ungdom sine tankar og kjensler godt.

Boka er eit funn, både for ungdom, som ganske sikkert kan kjenne seg att i mange av tekstane, og for vaksne, som ganske sikkert kan kjenne att si eiga ungdomsstid. Den er også eit funn for dramainteresserte ungdomar, som i denne boka har fått ei rekke med monologar som kan framførast på ei scene.

Tema i tekstane er varierte, og dekker mange sider ved livet til ein ungdom, som ironisering over vaksne sine bekymringar, forelsking, kroppspress, framtidsdraumar, venskap, sjukdom, sorg, tru og prestasjonspress. Det er heller ikkje noko minus at mange av tekstane avsluttar med ein punchline som set resten av teksten i heilt nytt lys! Eg vart både glad, litt vemodig og litt trist då eg las boka, og meinar den trygt kan lesast av alle ungdomar og alle vaksne som møter ungdomar i ulike samanhengar. Risikoen for auka forståing er stor! Personleg kjem eg til å bruke ein del av tekstane i undervisninga på ungdomsskulen, både når det gjeld psykisk helse og i norskfaget - som eit tips til andre lærarar!