onsdag 27. juni 2012

Sommarblues (ei novelle)

Eg pussar tennene på trass.

Det er ikkje det at eg er spesielt trassig. Heller ikkje at eg spesielt mislikar å pusse tennene. Det heile er mykje meir komplisert. Mykje. At eg er sint no, er i grunn heilt irrasjonelt, for eg skal jo ingen stad. Det er ingen som tvingar meg til å pusse tennene, eller til i det heile å stå opp for den saks skuld. Eg har ikkje nokon etter meg, for eg har ferie, null planar for veka og ute vil om nokon timar sola skinne som om den aldri har gjort anna. Og det har den vel kanskje ikkje, heller?

Kanskje er det litt med meg som med sola. Vi skin heile tida, det er berre litt vanskeleg å få auge på det av og til. Uff, nei, no rotar eg det til. Ikkje misforstå, eg seier ikkje at eg er ei solstråle, at eg eigentleg er blid og glad heile tida. Men kanskje er eg det litt, inst inne. For eg er ikkje ein sur person. Eg skyar somme tider over, og då er det vanskeleg å få auge på det gode. Slik som akkurat no, her eg står, grinete, sur og tverr.

Det er vanskeleg å forklare grunnen. Ikkje fordi eg ikkje veit kva som er feil, heller ikkje at eg ikkje klarar å forklare det. Det er berre det at det er så irrasjonelt, så lite smart. Eg, som vanlegvis er tvers gjennom rasjonell, og kanskje er det akkurat det som er saka, eg er ofte for rasjonell, slik at det til slutt har bikka litt over. Eg er litt lei. Lei av å alltid vere den fornuftige, den som har alt lina opp og svara klar og alt så vanvittig, håplaust rasjonelt.

Eg er sur på grunn av ein draum. Ja, du las rett. Eg er sur. På grunn av. Ein. Draum.  Ikkje eit mareritt, eller jo, det var eit slags mareritt, men ikkje av det slaget som folk tenkjer på når dei seier mareritt. Der var ingen monster eller brannar eller opne hol i bakken som du prøvar febrilsk å unngå, men som du er dømt til å dette nedi, og der nede møter du alt det du fryktar mest. Store, forvokste edderkoppar, legar med sprøyter så store, og lange, som gjerdepålar, eller Siv Jensen som pratar og pratar og pratar, heilt til du hoppar ned i neste avgrunn. Med vilje. Det var ikkje slik.

Det var i grunn motsett. Det var det motsette av mareritt: Eg drøymde at eg vakna og stod opp. Pussa tennene. Åt frukost. Pakka skulesekken. Gjekk til skulebussen. Slumra gjennom førti minutt med vogging og radiostemmer. Og så vidare. Ja, og så vidare, du veit, heilt inn på skulen, gjennom ein heil skuledag. Ein heil skuledag. Med friminutt, prøvar, lunsjpause, stilskriving, matematikkoppgåver, engelskgloser, Napoleonskrigar, sikksakksøm og det heile. Til og med dopause midt i setningsanalysen.

I det same det ringte ut etter siste time, ringte vekkarklokka mi på nattbordet. Dei seier at vi drøymer veldig raskt, så det er sannsynleg at draumen min faktisk starta i det klokka begynte å ringe, og så vakne eg på andre ringet. Og på dei få sekunda gjennomlevde eg altså ein heil skuledag. Snakk om slag i bakhovudet, særleg i kombinasjon med neste tanke: No må eg opp og gjere det same ein gong til. Ein skuledag ekstra, så å seie. Då begynte skyene å trekke saman, men sola lyste fortsatt gjennom, viss du forstår kva eg meiner. Eg meiner at eg takla det heile med overraskande ro.

Eg raska med meg kleda og gjekk ut på badet. Kledde på meg. Gjekk på do. Vaska hendene. Vaska fjeset. Tok tannkrem på tannkosten. Såg på klokka. Begynte å pusse. Såg på klokka ein gong til. Tok ut tannbørsten og stivna med klokkearmen løfta. Visarane fortsette å tikke på sin sedvanlige rundgang, alt anna i rommet stod i ro. Og utanfor døra høyrde eg plutseleg ei låg, men absolutt merkbar, stille fnising. Eg kikkar ut vindauget, og ser at månen fortsatt heng over straummastene. Til og med eit par stjerner blunkar lurt til meg.

Det var då, på det tidspunktet, at skyene trakk seg heilt saman, og det begynte å regne. Ja, du forstår kva eg meiner. Det begynte til og med å lyne, ørlite granne. Dei slo ikkje ned på klokka mi, heller ikkje på minifjolset med dei store augene som tassar fnisande rundt på gongen. Ikkje ein gong vekkarklokka mi, som så openbart er tukla med, får gjennomgå. Det er draumen eg er sur for, det er draumen som er gjenstand for sinnet mitt.

Ein skal ikkje ha slike draumar. I alle fall ikkje i sommarferien.

Denne dagen skal bli, og her slår eg neven i vasken, denne dagen skal bli så utruleg mykje betre. Eg nektar å leggje meg att. Eg nektar kaste vekk så mykje som eit sekund til av den dyrebare fridomen.

Så no står eg her og pussar tennene. På reint trass.


I denne teksten har eg teke utgangspunkt i to sjølvopplevde situasjonar. Den eine er ei ganske sær oppleving eg hadde på ungdomsskulen, natta til ein tentamensdag. Eg drøymde at eg vakna og gjorde alle dei tinga ein plar gjere om morgonen, gjekk på skulen og hadde tentamen. Alt rota seg til, på eit eller anna vis, som det ofte gjer i draumar, så eg var ganske stressa. Til slutt skulle eg levere, og oppdaga at eg hadde gjort alt heilt feil. Akkurat då vakna eg på skikkeleg, med ganske sterk hjartebank. Eg innser at alt har vore ein draum, og det var både godt og dårleg. På den eine sida måtte eg no gjere alt "om att", men på den andre sida så gjekk det då betrakeleg mykje betre enn då eg drøymte...

Den andre situasjonen opplevde eg i vaksen alder. Eg vakna av at vekkarklokka ringte, stod opp, stelte meg, kledde på meg, laga niste og sette meg til å ete frukost. Først då, medan eg sat og åt, såg eg på klokka. Då var den rett før fire om natta... Nokon hadde tulla med klokka mi, og sidan vi var berre to i familien på den tida, var det ikkje så vanskeleg å vite kven. Datoen var då også 1. april, så eg burde kanskje ha vore meir på vakt.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar