søndag 15. desember 2019

Janne S. Dangsholt: Winter i verdens rikeste land

Dette er den andre boka i serien om Ingrid Winter, og fortset med den same lune humoren som i bok ein.

Ingrid er forelesar ved universitetet, men får klagar frå studentane. Dei meinar ho gjer det for vanskeleg, så leiinga bestemmer at ho må få pedagogisk oppfølging. På heimebane er heller ikkje alt heilt greitt. Huset må pussast opp, så dei må skrinlegge dei store sommarferieplanane. Heldigvis får dei hjelp av ein driftig nabo, men etter at panelet på den eine veggen er borte, og dei har laga eit stort hol i taket, har han plutseleg ikkje tid til å vere med lenger.

Dette er to av mange snodige situasjonar Ingrid Winter kjem bort i, og med stødig penn og humoristiske vendingar leier Janne Drangsholt oss gjennom familien Winter sin kaotiske kvardag.

Bør lesast!

mandag 20. mai 2019

Anna Day: Fandom

Dette er Anna Day sin debutroman, og det er ei fascinerande forteljing ho har ført i pennen. Samtidig som det er ei fantasyforteljing, er ho fylt av referansar til andre verk, og då særleg annan eventyr- og fantasylitteratur. Dette er  kanskje ikkje så merkeleg, med tanke på utgangspunktet for historia: Violet og to venninner (og ein veslebror) som er på veg til Comic-con, der dei håpar å treffe hovudrolla i filmen "Galgedansen". Filmen er basert på favorittboka deira med same namn.

På Comic-con kjem dei ut for ei merkeleg ulukke, og alle fire vaknar opp i den dystopiske verda i "Galgedansen"! Her lagar dei raskt kluss i handlingsgangen, drep hovudrolla, Rose, og rotar seg meir inn i forteljinga enn det som er behageleg. Violet vert tvungen til å ta Rose sin plass i historia. Sidan ho har lese boka mange gongar, veit ho korleis det kjem til å ende: Ei veke seinare skal ho hengast i galgen.

Vidare flettar forfattaren dei fire venene inn i fantasyforteljinga, og fortel på den måten historia på ein ny og svært original måte. Det er som me les to bøker på ein gong: både "Galgedansen" og sjølve "Fandom". Heile vegen vert nye sider ved "Galgedansen" avslørt, og venene gjer val som fører til avvik frå den originale forteljinga. Dette kan få alvorlege konsekvensar; kanskje vil dei aldri kunne komme seg heim att til si eiga verd.

Boka passar godt for deg som er glad i fantasy-litteratur, eller som ganske enkelt kan tenkje deg å lese ei original og annleis forteljing!

Frida Nilsson: Det tynne sverdet

Etter det fantastiske eventyret i boka "Ishavspiratar", var forventningane mine store til denne nye boka til Frida Nilsson. Eg kan røpe med ein gong at eg ikkje vart skuffa!

I "Det tynne sverdet" vert me kjent med Sasja, som legg ut på sitt livs eventyr. Mora er sjuk, og den natta ho dør ser Sasja at ho vert teken med i Døden sin båt. Han bestemmer seg for å følgje etter, låner ein pram og kjem seg over havet og på land i Døden sitt rike.

I dødsriket møter Sasja tre ulike typar vesen; hilderar, spartanarar og harpyrar. Han vert ven med ein hilder, og legg på veg innover i riket for å finne huset til Døden. På vegen møter dei mange eventyr, og får seg både nye vener og skumle fiendar. Til slutt når dei fram til målet, men ting er svært annleis enn Sasja hadde forventa.

Nilsson lånar ein del frå Astrid Lindgren, og eg kjenner særleg att element frå boka "Mio, min Mio". Som vaksen lesar forstår ein raskt kor dei ulike vesena kjem frå, men det gir berre ein ekstra dimensjon og styrke til forteljinga. Språket er poetisk og lett, og det er enkelt å bli gripen av dei stemningsfulle tablåa forfattaren skisserer opp. Eg fekk raskt sympati med dei ulike rollefigurane, og til og med Døden har fått, om ikkje sympatiske trekk, så i alle fall ei ganske nyansert framtoning.

Boka eignar seg godt til høgtlesing for born frå 8-9-årsalderen og oppover.

søndag 3. februar 2019

David Walliams: Midnattsgjengen

David Walliams har i ei årrekke levert artige og tankevekkande forteljingar til barn. Han vert av mange, og ikkje utan grunn, samanlikna med Roald Dahl. Han har det same fokuset på barn, humoren gjennomsyrar forteljingane og under det heile ligg det samtidig eit alvor.

"Midnattsgjengen" er den hittil siste boka som er oversett til norsk, og handlinga er lagt til eit stort, gamalt sjukehus. Tom kjem inn til behandling på barneavdelinga, som er styrt med jernhand av bestyrerinna Matrone. For å gjere kvardagen litt lettare for dei små, har barna starta sin eigen, hemmelege klubb. Midnattsgjengen vaknar når dei vaksne har gått til ro for natta, og målet er å oppfylle barna sine draumar!

Dei vaksne set stadig kjeppar i hjula for barna, og det vert stadig vanskelegare å gjennomføre prosjekta. Likevel er det ein siste, viktig draum som bør oppfyllast før Midnattsgjengen må leggjast ned: Vesle Sally er for svak til å vere med på moroa, og ho har ein draum som er bortimot umogleg å oppfylle...

I boka "Midnattsgjengen" vert me med på endå eit fantasifullt eventyr frå Walliams si hand, og sjølvsagt er den eksentriske kioskeigaren Raj med...


fredag 1. februar 2019

Hasse Hope: Compis

Året er 2057, og det viktigaste av alt på Høyskol er å vere kul. Den nøyaktige "kulhetsindeksen", som rangerer elevane frå 0 til 100, har dei siste tre åra vore dominert av Leo Kreutzberg. Han er sjølve definisjonen på kul, og alt ligg til rette for at også det komande skuleåret skal gli av gårde på ein kul måte.

Samtidig har bedrifta PrivateOil (tidlegare Equinor) måtte finne seg ein ny nisje å tene pengar på, sidan dei ikkje lenger har lov til å bore etter olje. Redninga er det hemmelege robotprosjektet Compis. Denne roboten kan på alle måtar framstå som eit menneske, og skal seljast som redninga for einsame sjeler. Compis kan bli ein kul kamerat, som hjelper ungdomane til nye venskap!

Problemet er berre at Compis er så nerd som det går an å bli, og PrivateOil må ta grep. Dette grip svært forstyrrande inn i livet til Leo Kreutzberg, som snart får ei vanskeleg oppgåve å hanskast med.

PrivateOil skal tene pengar på Compis, men etter kvart får me vite at det står langt sterkare, og mørkare, krefter bak også PrivateOil.

Compis er ei sci-fi-bok som ved hjelp av humor og dramatikk stiller spørsmål rundt viktige verdiar og framtidige scenario. Vil teknologien kunne bli så smart at han ikkje lenger kan styrast? Og kva er viktigast, å vere populær eller å vere ein god venn? Compis er ei interessant bok som kan gje litt nye perspektiv på vår eiga samtid!


søndag 13. januar 2019

Annette Münch: Drop out

Fem ungdomar møtast i eit musikkrom på skulen på kveldstid. To av dei har lov til å vere der. Dei to jentene øver til konserten dei skal spele i New York allereie neste dag. Dei tre andre, tre gutar, har iverksatt ein aksjon mot skulen. At dei møter folk i bygningen er ein strek i rekninga, og situasjonen vert snart eit psykologisk drama på liv og død.

Rundt skulen set politiet opp sperreband, og både journalistar, pårørande og nysgjerrige samlar seg der ute, i god avstand til skulen. Gutane har både våpen og sprengstoff, og to gissel som kanskje er deira einaste sjanse til å komme seg ut av situasjonen.

Medan forhandlingane med politiet pågår, får ungdomane vite stadig meir om kvarandre. Hemmelege sider vert avslørt, og skjulte motiv for å vere akkurat der denne kvelden kjem opp i dagen. Situasjonen er spent, og moglege utfall mange.

"Drop out" er ei spennande og actionfylt bok. Etter kvart som dramaet utfaldar seg, endrar forholdet mellom personane seg, og det er heilt umogleg å spå korleis det heile vil ende. Ein må rett og slett berre lese til siste side og finne det ut!


søndag 4. november 2018

Lars Mæhle: Andromeda

Simon har, på grunn av valdeleg oppførsel, blitt flytta til ein ny fosterheim. Denne gongen har han blitt sendt over fjella, til ei lita bygd på vestlandet, og Simon gjer alt han kan for å prøve å gli inn blant dei tøffaste gutane på staden. Han ynskjer å hevde seg, samtidig som han ynskjer å skjule kven han verkeleg er, som menneske. Dette fører til mange konfliktsituasjonar.

Nabojenta Kaja ser bak den harde fasaden, og avslører at han eigentleg er ein annan. Dette er ikkje så lett å takle, så han gjer det han kan for å skyve henne frå seg. Det same gjeld Pippin, den vesle guten som vert så mykje plaga av bøllene i klassen. Simon kjenner på empatien, men overlevelsesinstinktet gjer at han stadig tek feige val.

Som lesar er det noko irriterande å følgje Simon si utvikling. Eg vil så gjerne at han skal ta dei rette vala; At han plutseleg skal slå handa i bordet og seie "nok er nok". At han skal tore å stille opp for Pippin, og at han skal la vere å trakke på kjenslene til dei som bryr seg om han.

Men det er ikkje slik livet er. Lars Mæhle har skissert ein hovudperson som framstår som ganske "verkeleg" i sine vegval. Der er ingen plutseleg snuoperasjon. Han vert ikkje plutseleg modig og dei svake sin forsvarar. Likevel skjer det ei utvikling, men den er for det meste utanom Simon sin kontroll. Han flyt med, og trur han har kontroll. Til slutt oppdagar han kor lite peiling han har hatt...

Forfattar Lars Mæhle har skrive nok ei interessant ungdomsbok, og han torer å la karakterane sine svikte og svikte på nytt, og gjere ting stikk i strid med det me håpar på. Likevel viser han at det er meir under overflata, også hos dei som framstår som tøffe og usårlege. Det er det psykologiske spelet mellom hovudpersonane som er det mest interessante i boka, og som gjer at den er verdt å lese.