torsdag 6. desember 2012

Dikt for dagen: Steinen


(Tekst: Ane. Foto: Ole Jørgen)

På sporet av jula

Ein liten svipptur ut i gangen utanfor arbeidsrommet mitt, og eg kan allereie sjå svært tydelege spor som leier framover mot julehøgtida!

Hjarte:


Fleire hjarte, framfor vindauge som viser vakkert vinterlandskap, bada i sol:


Endå fleire hjarte! (Kor mange hjarte kan du finne på bildet?)


Kongler i snor pyntar opp eit vindauge mellom to korridorar:



Ein og annan forvilla turist:


Og endå fleire hjarte, på dei kvite trea i hallen oppe.


Og viss eg i tillegg kunne formidla ein del av den lukta som ofte kjem sivande innover gongane, anten frå skulekjøkenet eller SFO, så hadde du garantert kome i julestemning (viss du då ikkje er det frå før...)

tirsdag 4. desember 2012

Dikt for dagen: Avslutning

Vi har i haust jobba mykje med diktskriving i 9A, og i løpet av dei vekene vart det skrivne mange flotte elevdikt. Under her kan du lese eitt av dei, og forhåpentlegvis får eg anledning til å presentere fleire av dikta seinare. Den som lever får sjå! Og vi begynner like godt med avslutninga:


(Tekst: Marcus, Foto: Ole Jørgen)

mandag 3. desember 2012

Eit rosa innlegg

Kunden har alltid rett, som det heiter, og den som skriv må alltid tenkje på mottakarane. Sidan eg håpar at ein del av ungdomane mine skal lese bloggen, så prøvar eg sjølvsagt å ha med ting dei kan interessere seg for innimellom. Og kva er det ungdom er interessert i, som hittil har vore mangelvare på denne bloggen? Ja, nettopp: Shopping!

Eg skal sjølvsagt ikkje prøve å ta opp konkurransen med alle rosabloggarane der ute, men i eit desperat forsøk på å gje ungdomane det ungdomane vil ha, kjem her eit bilde frå dagens shoppingtur på Sand. Eg skal ikkje seie kor mykje tid eg brukte på handlerunden (Sidan eg forstår at tidsaspektet ikkje er så viktig for dei som er inne i gamet), men eg vil jo gjerne vise fram det eg fann:


 Rimi, altså! Dei har det meste!

SÅ, KVA SYNS DE? (Det betyr: Hva syns dere?)

mandag 26. november 2012

Nærmere høst

I dag er det 70 år sidan ein av dei største skamplettane i norsk historie vart utført: Deportasjonen av 532 jødar frå Oslo med skipet Donau. Dei vart sendt over havet til Tyskland, og frakta til Auschwitz. Berre 9 av desse overlevde krigen. Kvinner, barn og menn over 50 år vart sendt rett i gasskammera, og dei fleste av dei gjenverande mennene bukka under i løpet av den kalde vinteren.

Seinare vart endå fleire jødar sende til Tyskland, til saman 772 stykker, og av alle desse overlevde 34 krigen.

Det er mykje som kan seiast om ei slik ugjerning, og som regel har det blitt sagt altfor lite. Dette er ikkje akkurat eit av Noreg sine lysaste augeblikk, og det var nok ubehageleg å snakke om det i etterkant av krigen. Hadde det vore SS eller tyske nazistar som samla jødane saman og sende dei av garde, hadde det nok vore lettare og eit kapittel som hadde fått mykje meir merksemd.

Det er ikkje så kjekt å snakke om norske politimenn som hyrte inn drosjer til å hjelpe seg med å samle saman jødane. Hundre patruljar som i ly av nattemørket hentar uskuldige norske borgarar, lempar dei inn i drosjer (med sjåførar som ikkje nektar å utføre ugjerninga) og frakta til kaia der båten Donau venta.

Ingen visste kva som venta, sjølv om dei ansvarlege for deportasjonen, det norske politiet, nok må ha visst at det ikkje vart nokon lystig ferietur til utlandet. Dei hadde sett korleis jødar vart behandla av nazistar. Og korleis norske nazistar behandla norske jødar i norsk fangenskap. Det var ikkje human kunnskap å ha. Likevel sender dei jødane ut av landet.

I haust kom boka "Nærmere høst" ut, og forfattaren Marianne Kaurin gir oss i boka eit nærare innsyn i det som hendte med jødane i Oslo hausten 1942. Ho vel ein veldig personleg synsvinkel: Hovudpersonen er ei 17 år gamal, og veldig forelska, jente. Det er henne og kjærleiken hennar det handlar om.

Boka startar som ei litt trist, men vakker, historie om den ulukkelege kjærleiken. Sakte men sikkert vert hovudpersonen dregen stadig lenger inn i det som skjer i samfunnet, og til slutt møter dei det uunngåelege: deportasjonen.

Ei ufatteleg trist bok, berre så det er sagt. Og samtidig ei veldig vakker bok. Språket i boka er berre heilt fantastisk! Forfattaren skriv rett og slett episk poesi. Med elegant språk og ei hjerteskjerande historie, vert det ikkje ei tørr faktabok om dei tragiske hendingane. Det vert ei historie som grip deg, og ikkje lar deg sitje urørt tilbake.

Denne boka bør absolutt lesast! Både for å få djupare forståing for det som faktisk skjedde, for å la deg gripe av umogleg kjærleik og ufattelege svik, og for å dukke inn i eit vakkert språk som går rett til hjartet.

fredag 23. november 2012

Kakleduene



Ei kakledue
Sat og vaska sine fjør
To kakleduer
Sprang litt hastig ut vår dør

Tre kakleduer
Sat og skreiv med ubrukt penn
Fire kakleduer
Lo og vinka til ein venn

Fem kakleduer
Virra att og fram med bøker
Seks kakleduer
Sat og lot som om dei søker
(Kakleduer; facebook-gjøker?)

Sju kakleduer
Stirra fram med stive blikk
Då kakleduesjefen slo
i bordet sitt og gikk

lørdag 10. november 2012

Lyriske dagar

I samband med tema for norskundervisninga i 9A for tida, lyrikk, tek eg meg her den fridomen å dikte litt...


Det er kjekt med dikt, og det er kjekt å dikte. Og det er kanskje greit å vere litt sjølvkritisk også, i ny og ne...

Med ynskje om ei poetisk helg!

tirsdag 6. november 2012

Kunst med bodskap

Det er eit par veker sidan tv-aksjonen, der ungdomsskuleelevane samla inn godt over 43 000 kroner til Amnesty International.  I forkant av aksjonen jobba 9B med temaet menneskerettar i kunst og handverk, og eg tykkjer resultata vart gode og tankevekkjande. I monteren ved inngangspartiet kan ein sjå desse kunstverka utstilt:







Eg likar kunst med bodskap!

Det er stort sannsyn for at det ikkje går ein heil månad før neste blogginnlegg. Berre som ein advarsel...

tirsdag 18. september 2012

Gjennombrot på Sand skule: Nytt molekyl oppdaga!

I dag vart det gjort ei oppdaging som kjem til å revolusjonere heile vår tenking rundt molekylære samanhengar. To elevar oppdaga heilt tilfeldig, som det jo ofte er når store ting vert oppdaga (Ta for eksempel Columbus, som fann noko veldig stort),  eit nytt og hittil ukjent molekyl. Ein rapport er allereie på veg til Nobelkomiteen, og det er ikkje urimeleg å tenkje at dei to unge forskarane sit med kvar sin Nobelpris i fysikk før året er omme.

Dei to forskarane viser villig fram det nyoppdaga molekylet:


Av omsyn til mogleg høgt mediatrykk, og dertil ein straum av interesserte og tilhengjarar som kan komme til å forstyrre det vidare arbeidet med molekylet, ynskjer dei to elevane å vere anonyme. "Omar" og "Christopher" (La oss kalle dei det) har vanskar med å forklare korleis den store oppdaginga skjedde. Det einaste dei veit sikkert, er at dei aldri før har sett eit liknande molekyl.


Det som er ekstra unikt, og som forbløffar ei heil forskarverd, er at det for første gong er oppdaga eit karbonbasert molekyl, der det eine karbonatomet berre har inngått tre elektronparbindingar. Det er med andre ord eit umetta og svært reaktivt molekyl, og det er umogleg å sjå for seg korleis det vil oppføre seg viss ein for eksempel let det reagere med hydrogen. Ein kan ikkje utelukke ein kraftigare reaksjon enn den hittil kjente hydrogenbomba.


"I så fall ser vi behov for å opprette ein pris tilsvarande Nobels fredspris. Det var ikkje vår meining å tilføre endå meir valdelege våpen til verda, men gjort er gjort, ikkje noko å gjere med det," er svaret eg får frå "Omar" når eg konfronterar han med dei moglege følgjene.

Det vert spennande å følgje med i det vidare arbeidet med molekylet, og det er i alle fall sikkert at dette ikkje er det siste vi har sett til dei to unge genia.

fredag 14. september 2012

Gjennom kikkertsiktet (Novelle)

Eg ser mannen gjennom kikkertsiktet på rifla mi. Han er høg, neste to meter, og vaggar lett når han går. Eg har sett han fleire gongar tidlegare, både i bilar som køyrde til og frå murbygget, og gåande i gatene saman med andre menneske. Han ser alltid så streng ut, eg har aldri sett han smile eller le. Eg har lagt merke til akkurat det, for det gjer det heile så mykje lettare for meg. Det verste eg veit er å skyte menneske som ler. Det verkar så altfor brutalt, endå eg veit at dei eg skyt, har gjort seg fortent til det. Eg let meg ikkje stoppe av sentimentalitet.

Tidlegare i dag fekk eg nye opplysningar frå sjefane mine. Som den beste skarpskyttaren dei har, får eg alltid særskilt behandling. Eg får det beste utstyret, den beste løna og dei viktigaste offera. Ein medsoldat leverte meg ein lukka konvolutt, der dagsprogrammet for denne mannen eg har jakta på så lenge stod. Eg veit ikkje korleis dei hadde fått tak i det, men når eg no nettopp såg han svinge rundt hjørnet, på veg mot parkeringsplassen i enden av gata, visste eg at dei hadde gode kjelder.

Det vil ta om lag to minutt å gå heilt fram til plassen, så eg veit eg har greitt med tid til å stille inn siktet godt. Alt må vere perfekt, treff på første forsøk, for dette vil vere den einaste sjansen min. Bommar eg, kan eg berre gløyme å ta opp jakta på han igjen. For det første vil han nok skjule seg betre, og for det andre vil dei setje i gong ei klappjakt på meg. Akkurat jakta vil nok komme uansett, men den vil øydeleggje alle sjansar for eit eventuelt forsøk nummer to.

Med andre ord: Det er no eller aldri.



Eg ser på han gjennom siktet, vurderer avstand, vurderer vind og tel sekunda inni meg. Full kontroll. Eg let han vandre framfor siktekornet mitt, uanande om det som skal komme. Det er eg som har makta og kontrollen, og det fyller meg med adrenalin og til og med litt glede. Det høyrest kanskje litt grotesk ut, men eg likar jobben min. Endå så mange menn eg har sett falle saman gjennom kikkerten min, klarar det ikkje å ta frå meg gleda over å gjere ein god jobb. Eg er den beste, og det er ubestrideleg.

Eg startar nedtellinga. Fire sekund, tre sekund, to sekund. Plutseleg ser eg ei rørsle heilt i utkanten av kikkertrundingen. Nokon som spring inn i bildet, rett mot mannen. Roa mi forsvinn, og eg pustar raskt ut før eg fokuserer i kikkerten att. Eg vil vite kven det er som kjem og forstyrrar det fredelege bildet mitt.

Personen er låg, eg ser at det må vere eit barn. Langt hår, kanskje ei jente, kledd i bukser og t-skjorte. I handa held ho noko som ho rettar fram mot mannen. Ein bukett med blomar. Mannen bøyer seg ned og tek i mot, klappar henne på hovudet, og smiler medan han ser henne springe vekk. Smiler. Noko dett saman inni meg.

Eg har fulgt etter han så lenge. Det er som om eg kjenne alle rutinar, alle vanar. Vi er nesten som bekjente, berre at han ikkje veit om det. Og no har eg sett han smile. Eg begynner å tenkje på familien hans. Kanskje var det dottera hans eg såg springande over sirkelen min. Kanskje ei niese. Om ettermiddagen set han frå seg skoa i gongen, helsar blidt på kona og borna. Et middag og les avisa. Kanskje likar han å lese om seg sjølv i avisa, kanskje mislikar han det. Ikkje godt å seie med menn i hans posisjon.

Sjølv likte eg godt å spele sjakk. Før alt snudde om, og kvardagen vart fylt opp av krutt og strategiteikningar. Eg likte å sitje i ro og tenke ut lure trekk, og finne ut kva motstandaren ville gjere. Det kan hende at akkurat det er grunnen til at eg vart den beste skarpskyttaren. Eg har tålmodet. Og eg har sett folk i sjakk matt før, utan at det går noko inn på meg. Det heile er berre eit spel, og eg ei viktig brikke. Eg har min naturlege plass på brettet, og er sett der for å ta vekk andre brikker.

Barn gjer det heile så komplisert. Dei får meg til å føle, og det er ikkje det beste ein kan gjere når ein ligg og skal skyte nokon.

Eg tek meg saman og ser på mannen gjennom kikkertsiktet att. Siktar meg inn, fylgjer han på vegen vidare mot parkeringsplassen. Tel ned, gjer det eg må gjere.

Eg er trass alt profesjonell.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Bilde frå Flickr: Redsnap. Manipulert av meg.)

onsdag 12. september 2012

Læring i næring 12/13

I dag har vi hatt bedriftsbesøk i 9. klasse. Suldal Vekst arrangerer møte mellom elevar og næringsliv, og legg opp til eit samarbeid som kan komme både elevane og bedriftene til gode. Her er det Marit Larsen som ynskjer velkommen til Læring i næring.


Mange suldalsbedrifter hadde møtt opp, blant anna to tømrarfirma, kommunen, Suldalsposten:



...statkraft, kulturhuset og oppdrettsnæringa:


Etter ein halvannan time lang presentesjon, der opplegget med Læring i næring vart forklart, og mange bedrifter fekk presentert seg, var det tid for å myldre ut i hallen og melde si interesse på dei ulike standsa.

Elevane kunne skrive seg opp på lister, og så tek bedriftene kontakt for bedriftsbesøk, med eventuelt påfylgjande søknad, intervju og praksisplass. Bedriftene ynskjer å få kontakt med morgondagens arbeidskraft, og elevane får greie på mange av dei moglegheitene som finst i kommunen. Vinn vinn, med andre ord!

Mange elevar skreiv seg opp på listene, så no er det berre å krysse fingrane og håpe det vert et positivt første møte med næringslivet!


tirsdag 11. september 2012

Frå blues til rock

I føremiddag var elevane i ungdomsskulen, saman med elevane frå den vidaregåande skulen, på konsert i Suldalshallen.


Det var mange ungdomar på ein stad, og ei roleg og lydhøyr forsamling. Det verka som dette var ein konsert som fenga.


På scena stod tre musikarar. Kjetil Grande, Trym Sæter og Morten Martens dannar gruppa "Trio Grande", og saman tok dei oss med på ei reise i rockens historie, frå den spede starten i bluesmiljøa i USA på 40- og 50-talet, via Jimi Hendrix på 60-talet og  Led Zeppelin på 70-talet. Frå 1980-åra valte dei å spele ein song av Guns'n'Roses: "Sweet child of mine", og då vakna denne læraren på skikkeleg. Rett inn i mi eiga ungdomstid! Så fortsatte dei vidare, med for eksempel Radiohead frå 90-talet og vidare inn i vår eiga tid.


søndag 9. september 2012

Den morgonen


Det var den morgonen eg vakna
Og såg skyskraparane
Teikne seg mot himmelen
Over Sand sentrum

Det var den morgonen eg vakna
Og høyrte togfløyta
Såg dei parallelle spora
Sno seg inn på Foldøy S

Det var den morgonen eg vakna
Med jungellydar utanfor vindauget
Ein leopard stirra utover
Stråtaka i Erfjord landsby

Det var den morgonen eg vakna
Kjente varmen slå imot meg
Frå glasveggane rundt Suldal
Eit drivhus med eksotiske plantar

Det var den morgonen eg vakna
Og skjøna at alt kunne vore ulikt i dag
Viss historia vart skifta om
Og folk hadde teke heilt andre val




(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i det som då var 8A)