onsdag 10. juni 2015

Glimt frå foldøyturen

Måndag og tysdag var 8A på leirskule på Foldøy. Her fekk vi oppleve to flotte sommardagar i hyggeleg selskap! Etter å ha sortert i bildene frå turen, sit eg att med nærare 300 bilder... Det var mykje fint å ta bilde av, både flott natur og elevar og aktivitetane vi fylte dagane med. Her er nokre glimt frå turen.

Dei siste elevane kjem med båt frå Jelsa, og går til dei ventande klassekameratane på leirskulen:


Heile gjengen samla (tre elevar var diverre sjuke eller skada, så vi var litt amputerte)


På veg til fjøreekskursjon:


Mykje flott natur på Foldøy!



Ein lokal helt:



Denne stranda var målet vårt for turen første dagen:


Ivrige elevar. Alt dei vil er å komme raskt i gong med skulearbeidet.


Det næraste vi kom fall i vatnet...


Vi var også ved landskapsvernområdet og kikka på fuglar. Det er midt i hekkesesongen, så vi såg også etter om vi kunne sjå hekkande fuglar og reir.


Gjess:


Måseungar:


Kveldsstemning på leirskulen. Elevane fann seg godt til rette, og vi hadde mykje fritid etter middag, i tillegg til ei fellessamling med leikar og konkurransar.


Tysdag morgon. Frukost i sola:


Ut på tur att. No var det Otrahola som stod for tur.



Hekkande siland:


På veg inn i Otrahola:


Tjelden visste å passe reira sine. Hit, men ikkje lenger, var det utvetydige signalet viss vi gjekk for nær. Så det var best å halde seg unna!


Tilbake til leirskulen:



Sveinung har eit godt hovud for volleyball:


Grilling i fjøra:



God utsikt mot Norsk Stein:


Turen nærmar seg slutten, og elevane finn diverse tidsfordriv på båtkaia, medan vi ventar på heimtransport. Her representert ved:


Så kom båten, og ein liten time seinare ferga, og vi måtte vinke farvel til Foldøy for denne gongen. Det vart ein kjekk tur med klassen, og vi trur dei fleste hadde ei positiv oppleving av dagane. Fint å kunne bevege seg litt ut frå klasserommet av og til også!

Takk for godt humør, mykje humor, koselege samtalar og ståpå-vilje, 8A!


søndag 15. mars 2015

Kaoshjerte - Lise Forfang Grimnes

Kaoshjerte er ei knakande god bok, og bakteppet for historia er på same tid originalt og tradisjonelt. Tradisjonelt - fordi det handlar om norske eventyr og gamal overtru. Forteljingane om huldra er sentrale i boka. Originalt - fordi dette er eit ganske så nytenkjande og spennande utgangspunkt for ei fantasybok for ungdom. Og forfattaren lukkast i å skape ei aktuell og spennande forteljing.

Hovudpersonen vaknar opp forslått og forkommen heime i blokka i Oslo, og kan ikkje hugse nokon ting frå dei to siste vekene av sommarferien. Kva har skjedd? Fleire merkelege møte og små glimt tilbake til dei siste dagane vekker nysgjerrigheten hos meg som lesar, og fortvilinga hos hovudpersonen.

Dette er eit godt grep frå forfattaren si side, for når hovudpersonen Minja får att hukommelsen, og vi blir ført med tilbake til jakta på hennar eiga mormor, eit møte med eit variert og interessant persongalleri og ei bygd der mange veit meir enn dei vil ut med, har vi allereie fått ein del knaggar å henge historia på.

Etter kvart går det opp for hovudpersonen at konsekvensane av vala hennar er mykje verre enn ho kunne sett for seg. Då søstra til bestevenen hennar ringer og etterlyser broren, og Minja hugsar kva som har skjedd, går det opp for henne at livet aldri meir vil bli det same.

Dette er ei spennande bok for dei som likar fantasy, og med på kjøpet får ein eit innblikk i norske tradisjonsforteljingar!

fredag 30. januar 2015

Bil

Skulle ønske eg var ein bil
Skulle ønske eg hadde høglytte horn
og firehjulstrekk
Skulle ønske eg kunne rulle
ut i verda og kjenne fridomen
som vind i håret

Då skulle eg krysse alle kontinent
Då skulle eg sjølv bestemme retninga
og rulle fram for eigen motor
Då skulle eg tute utanfor huset ditt
og be deg vere med




(Ønskedikt, skrive i samband med diktundervisning i norsktimane for tida)

tirsdag 27. januar 2015

Gullglim

det er ikkje gull
alt som glimar
har eg høyrt

erfaringa seier
at det glimar ikkje
av alt som er gull
heller

lørdag 24. januar 2015

Nyttårsball 2015


Nokre glimt frå nyttårsballet i går kveld!


Mozell i høge glas, og fint dekka bord i ein pynta gymsal møtte elevane då dei troppa opp i finstasen rett før sju.


Flotte elevar i stemningsfull belysning:



Maten kom frå Kulp, og det var foreldre som stod for serveringa - og oppryddinga...


Det var mange varme hovud å sjå i løpet av kvelden. Greitt å kunne kjøle seg ned med litt is!


Dansedelen av ballet vart opna med ein polynese:


...og musikkinnslag ved både elevar...


...og lærarar!


Dermed var stemninga satt, og dei fleste dansa til eit variert utval songar fram mot slutten av ballet klokka 23. Det er vanskeleg å dømme om kva kvar enkelt tenkjer, men det såg i alle fall ut som at dei fleste kosa seg!

Takk for ein fin kveld!


torsdag 15. januar 2015

Finne ly - Aina Basso

Aina Basso er ein forfattar eg har stor glede av å lese. Språket er lett og poetisk, og bileta ho teiknar av personar og stadar trer levande fram i hovudet. I tillegg fortel ho om viktige historiske hendingar, situasjonar som eg veit lite om frå før. Eg har tidlegare lest boka "Inn i elden", som handlar om hekseprosessane i Finnmark.

I boka "Finne ly" er det tatarane som er i fokus. Vi vert kjent med den unge taterjenta Hanna, som har rømt frå tukthuset og søker tilflukt på ein sideliggjande gard, midt i ein skog. Her finn ho ly, og lever ein heil sommar som tenestejente på garden.

Så ein dag kjem eit taterfylgje og slår seg ned i nærleiken, og skuggane frå fortida dukkar opp att. Hanna vert trekt mellom lojaliteten til sitt eige folk, lengsla etter fridom og tryggleiken i det å leve "normalt". Så begynner stemninga i bygda å bli hissig, etterkvart som ting forsvinn frå ulike hald, og skulda fell på tatarane. Noko må gjerast for å hamle opp med utøyet...

"Finne ly" har spenning både på det indre og det ytre planet. For min eigen del er det den indre reisa til Hanna som er mest spennande. Drakampen mellom dei ulike måtane å leve på, og korleis ho opplever møtet med det "vanlege" livet. Og korleis ho til slutt er nøydd til å bestemme seg for kva side ho vil stå på - korleis ho vil at livet skal vere.

Heile vegen er det poetiske språket der. Herleg, flytande nynorsk, og vakre naturbilder som eit bakteppe for både indre strid, forelsking, mistru, håp og hat. Det er rett og slett vakkert!