mandag 23. oktober 2017

Randi Fuglehaug: Papelina

Temaet flukt er vel meir aktuelt enn nokosinne, og det er mange barn som opplever å måtte forlate heimen sin. I boka "Papelina" gjer Randi Fuglehaug og Jill Moursund ein god jobb med å vise korleis dette kan opplevast.

Papelina er ei lita papagøyejente som bur saman med familien sin i jungelen. Ein dag får foreldra eit brev, og vi merkar stemningsskiftet i teksten. Det går frå leik til forvirring og redsle. Papelina forstår ikkje kva som skjer, men som vaksne lesarar får vi gode hint i bildene om at krigen er på veg.

Familien må flykte, og faren prøver å halde humøret til familien oppe med mykje tull og tøys. Likevel er det som ei tung sky ligg over reisa, og dei kjem snart fram til det store havet. Det er for stort til å fly over, så dei må sitje i ein tettpakka båt. Etter ei dramatisk overfart, kjem dei til slutt fram til målet. Det er ikkje noko slott som ventar dei der.

Boka kan vere god som utgangspunkt for samtale med barna om krig, og korleis barn kan oppleve det å vere på flukt. Forfattaren får fint fram barnets perspektiv i forteljinga, og illustrasjonane er uttrykksfulle og spelar godt saman med teksten. Dette er rett og slett ei fin bok!

onsdag 20. september 2017

Linda Klakken: Dumme, dumme hjarte

"Dumme, dumme hjarte" er ei fersk feelgood-bok frå Samlaget, i fin språkdrakt og eit svært aktuelt tema for målgruppa; forelsking.

Klara er hovudperson, og observerer korleis det står til med kjærleikslivet til menneska rundt henne: Broren, som ein dag er lett og lukkeleg, og neste dag låser seg inne og er sur. Stian, som stadig finn grunnar til å vere i nærleiken av henne. Faren, som ser ut til å leve i si eiga verd og ikkje vise interesse for nokon. Dette siste bestemmer Klara seg for å ordne opp i...

For hennar eigen del er ho forvirra, og veit ikkje heilt kva ho føler. Ikkje før ei ny jente kjem flyttande frå Oslo, og dansar ballett som den lettaste ting i verda.

Boka er lettlest, og retta mot born i mellomtrinnsalder/tidleg ungdomsskulealder.


tirsdag 22. august 2017

Kari Stai: Tankespinn

Kari Stai er truleg mest kjent som forfattaren av "Jakob og Neikob"-bøkene. No er ho ute med boka "Tankespinn", som er ei flott bok om vennskap og det å møte uynskte endringar.

Ada og Rolf er bestevener, og er stadig ute på fantastiske reiser i fantasien. Kanskje er det dørmatta som er eit flygande teppe, eller kastanjetreet i hagen som vert ein romrakett.

Ein dag flyttar Vilde inn i nabolaget, og Rolf vil plutseleg heller leike med henne. Ada si verd stoppar opp, og ho kjenner seg utanfor. Då vil ho forsøke å vinne tilbake vennskapet ved å gje den beste bursdagsgåva til Rolf. Problemet er berre at ho ikkje har pengar, så ho stel ein 200-lapp frå mora si pengebok. Då har ho plutseleg to problem å hanskast med; Vennskapet som held på å rakne, og det dårlege samvitet som forfylgjer henne. Heldigvis får ho hjelp til å løyse begge deler.

Dette er ei fint illustrert bok, og teikningar og tekst utfyller kvarandre og gir ein ekstra dimensjon til historia. For eksempel er det dårlege samvitet avbilda som ein gedigen torsk som skremmer henne (forøvrig den same torsken som er avbilda på 200-lappen...), og bildet der alt raknar og mora får vite kva ho har gjort og kva ho strevar med, er berre nydeleg:


Tematisk passar nok boka best for born i småskulealder, men dei fine teikningane og den gode teksten vil også vaksne ha glede av!

mandag 21. august 2017

Maria Parr: Keeperen og havet

Det er nokre år sidan førre roman frå Maria Parr, men boka "Keeperen og havet" er verdt heile ventetida!

Vi møter att Trille og Lena som bur i den vesle bygda Knert-Mathilde. Dei er blitt nokre år eldre, Lena har så smått begynt å kalle stefaren Isak for pappa og det flyttar inn ein ny familie i huset til Oppoverbakke-Jon. Farfar er fortsatt ute med sjarken sin og fiskar, og no drøymer han om å fange storkveita.

Trille og Lena opplever store endringar i liva sine i det sommarferien går over i nytt skuleår. Plutseleg er det ikkje så enkelt å vere på fotball-laget lenger, Lena går motvillig til keyboard-timane i musikkskulen og Trille prøvar å finne ut kva som kan gjere inntrykk på den nye jenta i huset til Oppoverbakke-Jon.

Boka inneheld alvorlege tema, som venskap, forelsking, sjukdom, alderdom og misunning, men også mykje humor og sprø innfall. Desse er det i hovudsak Lena som står for, og karakteren Lena er eit litterært funn det er umogleg å ikkje bli glad i!

Trass i ein del trøbbel og motbakke, er det mykje som kan løysast med ein god dose kreativitet og mykje hjelp frå dei som står rundt og vil ungdomane vel. Og Lena er ikkje den som lar seg stoppe av forlis, orkanar eller urettferdige fotballtrenarar!

Boka passar særleg godt for born i mellomtrinnsalderen, men også vaksne vil finne mykje å glede seg over i denne flotte, nye historia frå Maria Parr sin penn.

mandag 3. juli 2017

Jessica Shiefauer: Når hundene kommer

"Når hundene kommer" er eit intenst drama på to frontar: For det første handlar det om Isak og Ester, som innleiar eit forhold på starten av sommaren. Kjærleiken er godt skildra, og vi fyljer utviklinga i forholdet tett.

For det andre handlar det om Anton, Isak sin veslebror. Medan Isak er oppteken av Ester, legg verken han eller nokon andre merke til at Anton er på veg inn i noko han snart vil miste kontrollen over. Noko som vil endre liva til alle personane i boka på ein drastisk måte.

Schiefauer tek utgangspunkt i hendingar som skjedde i hennar eiga heimbygd då ho var ung, og skildrar godt korleis tilfeldige hendingar kan leie oss inn på ukjente og nye stiar - på både godt og vondt. Og det er særleg det vonde som pregar forteljinga i "Når hundene kommer".

Det er ei gripande og sterk historie, og det er ikkje så merkeleg at boka vart kåra til årets svenske barne- og ungdomsbok i 2015!

fredag 23. juni 2017

Frida Nilsson: Ishavspirater

Med denne boka har Frida Nilsson servert oss ei spennande og fantasifull odyssé-forteljing. Boka har blitt samanlikna med Astrid Lindgren sin litteratur, og måten å bygge opp forteljinga på kan ha ein del til felles med bøker som Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte.

Pirathøvdingen Hvithode terroriserar innbyggjarane på alle øyane i ishavet. Piratane hans stel rett og slett barn, og tek dei med seg til ein uviss skjebne på piratøya. Rykta går om ei diamantgruve, og at barna vert utnytta som gruvearbeidarar og sjeldan overlever særleg lenge på øya.

Når Siri si veslesøster vert bortført av piratane, bestemmer ho seg for å gjere noko ingen andre torer; Ho vil utfordre Hvithode og befri søstera. Dermed startar ei farleg ferd over havet, og ho møter både gode og onde menneske. Redselen for piratane er stor, og lenge ser det ut som ho må møte dei aleine.

Forteljinga tek stadig nye vendingar, alt etter om personane ho møter hjelper henne vidare, eller set kjeppar i hjula for prosjektet hennar. Dette gjer forteljinga om Siri si reise svært fascinerande, og her skjer noko heile vegen. Med på vegen får vi også ein del rettferdig harme frå Siri si side - ho er frustrert over egoismen ho møter på reisa, og kor grådige menneska kan vere.

Lurar du på korleis reisa til Siri arta seg, er det berre å lese boka. Den er vel verdt tida!

fredag 2. juni 2017

Jenny Jägerfeld: Det er ikke så farlig med meg

Boka startar med at hovudpersonen Maja skjer av seg tuppen av tommelfingeren i ein designtime på skulen. Denne hendinga set tonen for resten av forteljinga, som på ein måte kan kallast tragikomisk. Det går nemleg ikkje så bra for Maja, og ho må nok bere ein god del av skulda for dette sjølv.

Sjølv om Maja må seiast å vere ein ulukkesfugl, unngår boka å gli over i slapstick-humor. Dei tragiske hendingane og uhella som skjer, glir godt inn i handlinga, og historia er ikkje overlessa av ulukkelege hendingar.

På same tid som boka er ein studie i usikker ungdomstid, innehar den også eit stort mysterium. Annankvar helg bur Maja hos mora, men helga etter at ho kuttar seg i tommelen, kjem ho til låst og tomt hus. Maja anar ikkje kor mora er, og jakta på sanninga om kor ho er startar. Dette fører til mange store spørsmål, og ein del ubehagelege svar.

På vegen mot ei løysing møter vi designlæraren Valter, kameraten Enzo, ungdomane Justin og Debbie frå ein fest ho tilfeldigvis kjem inn på og overvaking av faren sin epost og facebook-konto. I tillegg til ein del samtalar med faren og tilbakeblikk på hendingar frå då ho var yngre, får vi teikna eit stadig klarare bilete av personen Maja og kva som eigentleg kan ha skjedd med mora.

Dette er ei svært velskriven og treffsikker bok, med mange språklege perler og ei god oppbygging av historia. Det er ei ungdomsbok som absolutt er verdt den tida det tek å lese den!

lørdag 27. mai 2017

Sara Kadefors: Billie - Avgang 9.42 til mitt nye liv

Billie er kalla opp etter Billie Jean, fordi Michael Jackson er mora sin favorittartist. Mora er sjuk, og Billie har lenge måtte teke ansvar for både seg sjølv og mora. Reglar har det vore lite av.

Til slutt vert mora så sjuk at ho ikkje lenger kan ha omsorga for henne, og ho må reise frå Stockholm til ein fosterfamilie i den vesle staden Bokarp. Familien Persson tek imot henne med opne armar, og gir henne ein stabil kvardag. Likevel er det eit eller anna som ikkje er heilt som det skal vere i den nye heimen, og Billie bestemmer seg for å finne ut kva som er i vegen.

Som person er Billie av den opne, positive og nyfikne typen, og bestemmer seg for at ho skal gjere det ho kan for å passe inn i det nye livet. Dermed vert ikkje boka om Billie ei slik "problembarn-som-ikkje-passar-inn-i-ny-familie"-bok, og det er heller ikkje bagasjen, eller mangelen på bagasje, ho har med seg som set premissane for handlinga. Ho får seg fort vener, sjølv om der etterkvart sjølvsagt vert litt gnissingar når hierarkiet i ungdomsmiljøet vert endra på.

Denne første boka i serien om Billie er ei positiv og artig bok, og tek opp ulike tema på ein ærleg, nyfike og realistisk måte. Det er absolutt ei bok det er verdt å få med seg!

onsdag 10. mai 2017

Eric Elfman/Neal Shusterman: Edisons kjeller

Dette er bok nummer to i Accelerati-triologien, og den vitskaplege galskapen frå bok nummer ein, "Teslas loft", fortset med uforminska styrke! Her står den eine meir fantasifulle oppfinninga etter den andre i kø. Hovudpersonane har sitt fulle hyre med å leite opp dei tapte oppfinningane, samtidig som dei må kjempe mot kyniske medlemmer av den hemmelege foreininga Accelerati.

Oppbygginga av historia er like intens som den første boka, og forfattarane får dei ulike hendingane til å passe fint saman. Boka gir fritt spelerom for fantasien, og det verkar som skribentane har kosa seg når dei dikta opp dei ulike fantastiske innretningane og korleis dei påverkar omgjevnadane.

Bøkene utfordrar den allminnelege måten å tenkje fysiske lover på, samtidig som det psykologiske spelet hovudpersonane mellom, og det presset dei møter frå omgjevnadane, gjer dette til ei spennande bok å lese!

Eg tenkjer boka er retta mot aldersgruppa 12-15 år, men også eldre lesarar vil ha glede av å tre inn i Elfman og Shusterman sitt univers!

lørdag 22. april 2017

Erna Osland: Vaken?

Erna Osland fortset arbeidet med å spreie interessante og lett tilgjengelege fakta for born. I denne boka tek ho for seg dei nattaktive dyra, og presenterer gjennom både fiksjon og faktatekst korleis dyra lever, og forklarar kvifor dei heller vil vere vakne om natta enn om dagen.

Søskenparet Bæret og Bustebror er stadig ute etter at det er mørkt, og treff på alle slags dyr som vaknar opp i det mørket sig på. Bæret er nysgjerrig på mykje, og heldigvis kan Bustebror hjelpe med både praktiske løysingar og forklaringar på kva dei ser.

Etter kvart tekstavsnitt om søskenparet, kjem eit oppslag med fakta om dei dyra dei har observert. Her skriv Osland om kor dyra lever, kva dei et og korleis dei vernar seg mot fiendar.

Språket er enkelt, og teksten lett å lese. Dermed kan unge lesarar lett tileigne seg kunnskapen. Blandinga av fakta og fiksjon fungerer også godt. Då vert born som helst les berre fakta også presentert for fiksjonstekstar, og dei som er mest gladi forteljingar, kan også få smakebitar av faktastoff!

Boka er fint illustrert av Anna Fiske, med kjekke og svært detaljerte bilder frå utfluktene til Bæret og Bustebror. Mange av dyra er godt kamuflerte i sitt miljø, så bildene kan også fungere som "leit og finn"-oppslag. På faktasidene utfyller bildene informasjonen som vert gitt i teksten.

Alt i alt er dette ei lærerik og fin bok for born i barneskulealder!


lørdag 15. april 2017

Meg Rosoff: Det jeg vet om deg

Sjølve handlinga i "Det jeg vet om deg" er ikkje så spesiell. Det er ei reise over havet, ein biltur og ein snøstorm. Stort meir av ytre dramatikk er det ikkje snakk om. Ja, viss vi ser vekk frå at bestevenen til Mila sin far, Matthew, er sporlaust vekke, då.

Det som er det spesielle med denne boka, er det psykologiske aspektet som pregar alle dialogar og situasjonar vi møter Mila og faren i. Mila har ein litt uvanleg eigenskap, nemleg at ho er svært god til å lese andre personar og leggje merke til detaljar ingen andre får med seg.

Ho forstår difor raskt at det er noko meir enn ei vanleg forsvinning det er snakk om når ho møter Matthew si kone, og ho prøvar å nøste opp i kva som har skjedd. Det er ikkje lett, for det er eitt eller anna under overflata som ho ikkje får taket på...

"Det jeg vet om deg" er ei svært velskriven bok, og eit flott psykologisk drama. Ungdom som er glad i krim vil like denne boka, det same vil nok ungdom som likar å dykke inn i menneska sitt indre liv!

søndag 9. april 2017

Gro Dahle: Megzilla

Puberteten er ei forvirrande tid, og det er ikkje alltid så godt å vite kven ein er eller kven ein skal bli. I denne interessante og vakre boka tek Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus oss med på ei reise inn i denne usikre verda.

Hovudpersonen går gjennom fleire ulike fasar, og eg trur tenåringar som les boka vil kjenne seg att i mykje her. Kroppen endrar seg, tankane endrar seg, kjenslene endrar seg og det kjennes ut som ein mistar både seg sjølv og den verda ein kjenner. Det er mange spørsmål som dukkar opp, og mange av spørsmåla handlar om korleis ein er og korleis andre opplever ein. Sjølvsagt har også kjærleiken, både den lukkelege og den ulukkelege, fått sin tilmålte plass i historia.

Språket i boka er poetisk, og tekst og teikningar utfyller kvarandre. Dette er ei bok alle ungdomar tidleg i tenåra burde lese. Det kan vere at ein kjenner seg att, kjenner seg litt meir "normal" og kanskje får trua på at det heile truleg vil gå bra!

fredag 7. april 2017

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Heilt sidan eg som liten gut sat og bladde i bokverket "Norge i krig" når vi var på besøk hos den eine grandonkelen min, har eg vore interessert i 2. verdskrigen. Opp gjennom åra har eg lese eit utal både skjønnlitterære bøker og meir sakprega tekstar og bøker om emnet.

Denne nye boka til Ingunn Røyset er av dei betre framstillingane av krigen!

Boka presenterer den norske krigshistoria på ein ryddig og interessant måte, og det geniale grepet i boka er å la ei som var ungdom då krigen starta fortelje historia. Vi fyljer livet til Jorun Emilie Holm, som ved krigsutbrotet var 12 år. Gjennom opplevingar i krigsåra, både dei ho var med på sjølv og det ho fekk fortalt av vener og familie eller høyrde i radio, får vi eit nært og samansett bilde av både angrepet på Norge, motstandsarbeidet og kvardagslivet i krigsåra. Boka er rikt illustrert med både private foto og meir kjende offentlege bilder. Gjennom heile boka er der også margtekstar som forklarar hendingar og omgrep, og gir ei meir faktabasert tilnærming til teksten.

Vi får altså både nærleik til eit enkeltmenneske som opplevde krigen og konsekvensane krigen hadde for livet hennar, og vi får mykje av den meir kjende krigshistoria servert i kronologisk rekkefølge.

Dette er eit funn for historieinteressert ungdom, eller ungdom som skal skrive skuleoppgåve om emnet. Og det beste: Den er svært lesbar også for vaksne!


tirsdag 28. mars 2017

Torbjørn Moen: Mannen i prøverommet

Dette er den andre boka om kameratane Truls og FX. Også denne gongen rotar dei seg bort i dei mest utrulege eventyra.

FX har det med å bestille alle slags merkverdige ting og maskiner frå utlandet, og denne gongen har han bestilt ei tidsmaskin via internett. Truls har ikkje noko tru på at den vil verke, og trykker på knappen for å bevise det. Det skulle han ikkje gjort...

Ikkje lenge etter finn han seg sjølv på golvet i eit prøverom, og han har vanskar med å kjenne att personen som kikkar tilbake på han frå spegelen. Til slutt må han innsjå at han ser på seg sjølv, 35 år eldre enn då han stod opp om morgonen.

Ikkje lenge etter det igjen har han ein framtidsmobil i lomma, eit heilt kobbel med securitasvakter etter seg og eit einaste ynskje i tankane: Å kome seg heim att.

Torbjørn Moen har endå ein gong teke oss med på ei humoristisk og halsbrekkande reise inn i fantasien, og boka er velkomponert og spennande. Dessutan er avslutninga ein god prikk over i-en!

Denne boka trur eg vil treffe aller best i aldersgruppa 12-15 år.

Pia Strømstad: Do - ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Korleis gjekk dei på do i middelalderen? Hadde Ludvig 14. gulldo, eller korleis var tilstandane på den fronten på Versailles? Kva gjer du om du må på do i eit romskip? Eller i 50 kuldegrader på Sørpolen?

Alle desse spørsmåla, og mange fleire, får du svar på i denne nye faktaboka for barn. Her er ingen trivia for ekle til å skrive om!

Visste du for eksempel at i middelalderen var det vanleg å bruke bæsj som våpen i krig? Eller at vikingkongen Olav Tryggvason fekk laga ein av dei lengste utedoane i verda - med 22 hol i to rekkjer mot kvarandre? For soldatane hans var det nok ein sosial happening å gå på do!

Dette, og mykje meir, kan du altså lese om i boka "Do". Tekstane er informative og lettleste, og humoristisk illustrert av Flu Hartberg. Eg tippar denne boka vil bli ein sikker vinnar på fleire av årsstega på barneskulen...

mandag 27. mars 2017

Lars Mæhle: Jag är supermann

Gjennom fem separate noveller fortel Lars Mæhle om ulike hendingar som skjer i løpet av den same dagen på Sunndalsøra. Vi vert kjend med ein gjeng ungdomar frå same bygda, det er somarferie og dei er opptekne med heilt ulike ting.

Nokre er på leit etter ei svensk jente som visst nok skal vere komen til bygda. Andre prøver å snike seg unna somararbeidet, og endar opp som besøksvenn på aldersheimen. Nokre har kome til bygda for å komme unna eit belasta miljø, medan andre har rømt frå krigen og er i ferd med å starte eit nytt liv.

Ungdomane kryssar kvarandre sine vegar, og vi vert på den måten kjende med dei både frå innsida, når dei har synsvinkelen, og frå utsida i dei andre sine forteljingar. Og heile vegen er kjærleiken, i ulike former, ei drivkraft som dreg historiene vidare.

Lars Mæhle skriv som alltid godt, men dessverre er det mykje banning i teksten. Dette øydelegg ein del for ei elles velkomponert og interessant bok.


mandag 13. mars 2017

Marit Kaldhol: Z for sorry

Det er ikkje alltid å så lett å vekse opp, og skulle stå på eigne bein. Susan er ferdig på ungdomsskulen, og flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Ho vil så gjerne fri seg frå fortida, men fortida fylgjer etter henne, og det er ikkje sikkert at ein ny start = ein god start.

Vi fyljer Susan gjennom den første hausten i byen, gjennom to parallelle forteljingar. Den eine forteljinga er lagt til ein dag på sjukehuset eit stykke ut på hausten, og den andre forteljinga fyljer henne gjennom møtet med klassen og korleis ho opplever desse vekene i byen.

Heile vegen får vi glimt tilbake i tid, og vi får gradvis vite kvifor Susan så gjerne vil vekk.

Marit Kaldhol har skrive endå ei god ungdomsbok, med fokus på eit viktig og sårt tema. Det er nok mange som kan kjenne seg att i i alle fall delar av boka!

onsdag 22. februar 2017

Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

Reiner og Ingrid får ein sommar og ein haust saman, før Ingrid vert sjuk og døyr. Reiner si verd rasar saman, og han har ikkje lyst til å leve lenger sjølv.

Då vert han kjent med ein gut som heiter Percy, og ein mystisk mann som kallar seg sjølv for Kapteinen. Kapteinen hevdar han veit vegen inn til verda bakanfor døden, og saman reiser dei inn i dette merkelege landet. Plutseleg finn Reiner seg sjølv i eit grått og trist landskap, på leiting etter Ingrid. Dei kjem ut for mange merkelege hendingar og prøver, og forfattaren får godt fram den litt grå og triste stemninga som herskar i landet bak døden.

Så er spørsmålet om Reiner finn Ingrid, og om det er mogleg å få henne med seg heim att. Undervegs får vi små glimt tilbake til då dei to møttes og korleis kjærleiken batt dei stadig sterkare saman.

Ragnar Hovland har skrive ei svært original forteljing, og historia opnar for mange ulike tolkningar. Forteljinga er stemningsfull og trist. Eg reagerte på dei hyppige henvisningane til brennevin - det passa ikkje heilt inn i ein ungdomsroman. Når historia var ferdiglest, og eg tolka den i heilskap, ser eg likevel at dette kan ha ein funksjon i forteljinga.

Boka passar for stødige lesarar, og aller helst for ungdom som klarar å tolke tekst. Historia er absolutt verdt å få med seg!

søndag 19. februar 2017

J.K. Rowling: Harry Potter og barnets forbannelse

J.K. Rowling har i Harry Potter-bøkene bygd seg eit stort litterært univers å boltre seg i. Dei sju hovudbøkene fylgjer Harry Potter og venene hans gjennom sju år på skulen Galtvort, og hovudtema er kampen mot den vonde fyrst Voldemort.

I denne nye boka har det gått 20 år, og det er neste generasjon som skal begynne på skulen. Albus Potter føler at faren ikkje godtek han som han er, og at venskapet med Scorpio Malfang vert uglesett. Dei to kameratane får tak i ein tidsvendar, og reiser tilbake i tid for å redde Fredrik Djervell frå døden. Dette får uante konsekvensar for både dei sjølve og tida dei lever i.

Heile vegen ligg skuggen av fyrst Voldemort over forteljinga, og vi anar at noko frykteleg og vondt er i emning...

Historia er manus til ei teateroppsetjing, og er følgeleg bygd opp på ein annan måte enn bokserien om Harry Potter. Likevel er spenninga den same, og fokuset på detaljar og eit intrikate plot er like stort. Endå ein gong har J.K. Rowling vist at ho er ein forfattar i verdsklasse!

Linn T. Sunne - Lett lykkelig

Boka "Lett lykkeleg" har to hovudpersonar; Milla og mor hennar. Sommarferien har begynt, og mora ynskjer å setje i gong med eit av dei mange oppussingsprosjekta sine. Så får ho eit brev i posten, og håpet om at eksmannen skal komme tilbake sluknar. Då reiser ho og Milla heller på ferietur. Sidan mora er oppteken av stavkyrkjer, bestemmer dei seg for å besøke alle stavkyrkjene i Noreg på éin tur.

Undervegs får dei problem med bilen, og må overnatte på eit nedlagt pensjonat. Her vert dei kjent med fleire interessante menneske i den vesle bygda, og kjem rett oppi ei konflikt mellom to familiar.

For Milla vert ikkje sommaren heilt slik ho hadde sett for seg, men kanskje den kan bli bra likevel?

"Lett lykkelig" er ei kort og lettlest bok. Problema får litt enkle løysingar, og det er ei svakhet med boka. Det blir rett og slett litt mange konfliktar, og det er særleg "familiefeiden" som etter mi meining ikkje hadde trengt å vere med. Der er nok av andre spennande hendingar likevel!

Ingunn Thon: Ollis

Det er ei både festleg, snodig og seriøs forteljing Ingunn Thon her har ført i pennen. Vi vert kjent med dei gode venninnene og naboane Ollis og Gro. Dei to finn på mykje forskjellig i lag, men det er tydeleg at det er Gro som er anføraren inn i nye eventyr. Ho går fryktlaust på, medan Ollis kjem litt skeptisk og nervøst etter.

På eit av eventyra støter dei på den mildt sagt merkelege dama Borgny Ur. Ho bur heilt aleine langt inne i skogen - bortanfor ein bondegård som dei to jentene ikkje har lov til å krysse.

Ollis får eit postkort frå faren sin, som forlet henne og mora då ho var lita. Omtrent samtidig oppdagar Gro at Ollis har loge til henne, og mora sin nye kjæraste Einar går Ollis på nervane. Ho bestemmer seg då for å leggje ut på eit eventyr på eiga hand, og leite opp den sakna faren.

Måten historia er bygd opp på, med alle eventyra og dei sterke rollefigurane, minner meg mykje om Maria Parr si bok "Tonje Glimmerdal". Det er i alle fall ei bok i den same forteljartradisjonen, berre at det i "Ollis" også er lagt inn ein ekstra dimensjon av surrealisme, og det er i hovudsak figuren Borgny Ur som utgjer dette innslaget.

"Ollis" er ei festleg og fint fortalt bok, og vil nok særleg treffe born i alderen 9-12 år.

mandag 13. februar 2017

Sabaa Tahir: En glo i asken

Dette er første boka i ein ny fantasy-serie, og Sabaa Tahir si debutbok. Viss ho klarar å fylgje opp dei neste bøkene på same nivå, er dette eit forfattarskap eg ser fram til å fylje!

En glo i asken er ei ganske rå og brutal bok. Her er mykje smerte og død, og bakteppet er ein militær diktaturstat der dei sivile innbyggarane vert haldne nede med jernhand. Vi vert ekstra godt kjent med to ungdomar i storbyen Serra, der også militærskulen Svarttind ligg. Elevane ved denne skulen vert plukka ut når dei er seks år gamle, og går gjennom 14 år med beinhard disiplin og undervisning før dei vert uteksaminerte. Ikkje alle overlever opphaldet ved skulen. Her møter vi Elias, som snart skal forlate skulen. Han legg planar for livet vidare, men ei plutseleg innblanding frå uventa hald snur om på alt han har tenkt.

I byen bur Laia saman med broren og besteforeldrene. Ein dag vert dei utsett for eit raid frå militærmakta, og broren vert sett i fengsel. Laia inngår avtale med motstandsrørsla, der ho skal vere spion for dei mot at dei hjelper broren laus. Dermed kryssar Elias og Laia sine vegar, og begge vert, på kvar sin måte, i tvil om kven dei kan stole på og kva som eigentleg er sanninga av det dei opplever og høyrer.

Plottet i boka er spennande og uforutsigbart, og det skjer stadig noko som gjer at føresetnadane for handlinga endrar seg. Stadig får vi sjå nye sider ved personane som er med, og ein kan begynne å lure på kven som er ond og kven som eigentleg er god. Og om det i det heile er mogleg å skilje mellom desse.

Boka har mykje av råskapen og det diktaturiske systemet frå Hunger Games-trilogien, mykje av det smarte plottet og dei overnaturlege herskarane som pregar End Game-bøkene og mykje av filosoferinga rundt kven som eigentleg er dei gode som vi finn i Ravneringene-trilogien. Er du glad i desse historiene, og i fantasy generelt, vil du ganske sikkert like også denne nye serien!

onsdag 8. februar 2017

Super-sterk, -smart og -rask!

Dette er tre heilt nye og lettleste faktabøker for unge lesarar! Bøkene er på nivå tre i leseland-serien, det vil seie at dei er for lesarar som byrjar å lese litt større tekstmengder. Kvar side inneheld 3-5 setningar, i tillegg til ein del snakkebobler som supplerer teksten. Bøkene har artige og gode illustrasjonar, og framsidene ser slik ut:









Tekstoppbygginga er variert og lett å fylje med på. Bøkene legg vekt på at det er ulike måtar å vere både rask, smart og sterk på. Det er altså ikkje lettleste kopiar av Guinness rekordbok, men bøker som gir både fakta og kan hjelpe borna til å tenkje litt vidare og lenger. Det er nemleg ikkje alltid ein fordel å vere veldig sterk, og det finst mange måtar å vere rask på. Og om ein er smart når det gjeld tal eller oppfinningar, kan ein annan vere smart når det kjem til å tolke andre sine kjensler!

På den måten gir bøkene også ein utvida horisont når det gjeld å setje pris på ulikskapar og ikkje berre heie på dei som står øverst på sigerspallen.

I bokhylla for gode og lettleste faktabøker for ferske lesarar står det dessverre ikkje så mange bøker endå, men desse nye leselandbøkene er med og bøter på det. Måtte det komme fleire!

tirsdag 7. februar 2017

Visste du at....?

Samlaget har dei siste åra satsa stort på enkle lesebøker for dei yngste lesarane. "Leseland"-prosjektet inneheld bøker på fire ulike nivå, der nivå 1 er for dei som nettopp har knekt lesekoden og treng artige og gode bøker å øve på, og nivå 4 er for rimeleg sterke lesarar, med mykje tekst per side.

Nyleg kom det ut tre nye bøker på det første nivået. Dei ser slik ut:









Her i huset slo bøkene svært godt an. Sjuåringen har lest alle tre, og ganske mange av faktasetningane frå boka måtte lesast høgt. "Å, høyr her! Mamma! Pappa! Visste du at hesten kan...?" Treåringen høyrde på alle faktasetningane, og las etterpå gjennom bøkene ho også. Mykje av det som vart gjengitt då, må seiast å vere alternative fakta, men også ho likte bøkene godt!

Det er éin setning per side, og stor skrift. Bøkene passar difor særs godt til å bruke i dei lågaste klassestega.

mandag 6. februar 2017

Iben Akerlie: Lars er lol

"Lars er lol" er ei både morsom, sår og alvorleg bok. Vi vert godt kjent med Amanda, ei jente som helst vil vere anonym og slett ikkje innblanda i det som skjer. No skal elevane i klassen endeleg få tildelt fadderbarn frå 1. klasse, men læraren har andre planar for Amanda. Ho vert fadder for Lars, som er ein ny gut i klassen. Lars har Downs syndrom, og Amanda veit ikkje heilt korleis ho skal forholde seg til dette.

Amanda prøvar så godt ho kan å både vere ven med Lars, samtidig som ho vil liggje lågt og umerka i terrenget. Ein dag gjer ho ei  frykteleg oppdaging, og vert stilt på val. Ho vert tvungen ut av sin nøytrale posisjon, og opplever at kvardagen plutseleg ikkje er så enkel...

Det er ei fin forteljing som vert fortalt, og den seier mykje viktig om både mobbing, å svikte venene, det å vere seg sjølv og det å tore å stå opp for det ein meinar er rett. Og sjølvsagt er det også ein god porsjon kjærleik og avstandsforelsking med i biletet også...


søndag 5. februar 2017

Sigbjørn Mostue: Når historien slutter

Dette er den tredje og siste boka i trilogien "I morgen er alt mørkt". Tema for bokserien er eit framtidig samfunnssamanbrot på grunn av ein pandemi.

I den første boka var det Brage som hadde synsvinkelen, og i den andre Marlen. I denne tredje og siste boka i serien skiftar synsvinkelen mellom Brage, Marlen og Oliver, og på den måten kan forfattaren fortelle fleire parallelle historier som han til slutt knyter saman.

Forsvaret har oppretta ei sikker sone i Oslo, og Brage og Marlen får sjansen til å bu der. Det store problemet er tilgangen til mat, og desperasjonen sprer om seg. Samtidig samlar det seg "streifarar" (menneske som har vore sjuke og mista vitet) seg utanfor murane, og stadig fleire av dei som endå ikkje er smitta ynskjer å komme inn og få beskyttelse av forsvaret. Ikkje alle får lov å komme inn.

Denne forteljinga er like intens og nervepirrande som dei to første bøkene i serien, og den er slett ikkje så lett å leggje frå seg. Tittelen på boka varslar ei katastrofe. Dette er ein dystopi, og lever til fulle opp til sjangeren. Likevel er der heldigvis også glimt av både glede, kjærleik og håp, og avslutninga rundar godt av denne spennande serien.

Dei to første bøkene har fått mange positive tilbakemeldingar frå ungdomane som har lest dei, og eg ser ingen grunn til at denne siste boka skal få noko dårlegare omtale!

søndag 15. januar 2017

Lise Forfang Grimnes: Blodskraft

Dette er fortsetjinga på historia om Minja som begynte i boka Kaoshjerte frå 2014. Minja er tilbake på Stovner, og strevar med å finne seg til rette i kvardagen att. Verst av alt er forholdet til venen Josef, som no har ein totalt ny personlegdom. Ho har vanskeleg for å nå inn til han, og då tanta Pari kjem på besøk, vender han ryggen til Minja og alt dei har felles.

Minja si verd rasar saman, og ho reiser tilbake til mormora i Åslia. Her prøver ho å finne ut kva som eigentleg skjer, og kven ho eigentleg er. Samtidig oppdagar ho at eit eller anna stort og ukjent truar under overflata. Det er nokon som er ute etter henne, men ho anar ikkje kven...

Bøkene om Minja er ei fantastisk blanding av gamal folketru, tradisjonell persisk forteljekunst, magi, fantasy og ungdomsliv på Stovner i Oslo. Personane er samansette, og den ukjente trusselen i boka kjem frå uventa hald.

Dette er ei spenningsbok som grip tak i deg, og det er vanskeleg å leggje boka frå seg før vendepunktet er nådd. Historia vert driven vidare av både spennande hendingar, nye opplysningar, personar som avslører nye sider og tankar som plutseleg fell på plass.

Passar godt for ungdom og vaksne som er glade i fantasy!


onsdag 11. januar 2017

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex

Denne boka inneheld svar på dei fleste spørsmål som ungdom skulle ha om kropp, utvikling, kjensler og seksualitet. Den rettar seg særleg mot aldersgruppa 10-12 år (altså mellomtrinnet), den gruppa born som er på rask veg inn i puberteten og ungdomsstadiet.

Boka er delt inn i sju kapittel.
1) Peiling på kroppen, om pubertet og korleis kroppen endrar seg.
2) Jente- og gutefabrikken, om kjønnsroller og det å få vere den ein er.
3) Familie på alle måtar, om ulike måtar å vere familie på.
4) Kjenn etter, om gode og dårlege kjensler.
5) Viktig vennskap, om det å ha vener og å vere einsam, og om mobbing og gruppepress.
6) Kjærleik på eigne vilkår, om lengting, forelsking, kjærleik og kyssing.
7) Nysgjerrig på sex, om seksualitet, sex, sjukdomar og prevensjon.

Boka kan brukast som utgangspunkt for samtale med borna, eller den kan brukast som eit oppslagsverk av borna sjølv. Boka tek som sagt opp ei rekke aktuelle tema, og supplerar godt seksualundervisninga i skulen. Det er den psykiske helsa og kunnskapen om korleis kroppen fungerer og korleis ulike menneske kan ha det som står i fokus. Boka tek også opp somme etiske sider ved tema, som seksuell lågalder, overgrep, viktigheita av å ikkje vere med på ting ein ikkje har lyst til og tips til korleis ein kan tolke andre sine kjensler.

Boka legg stor vekt på å formidle kor vanleg det er å føle seg annleis, utanfor, usikker osv. i ungdomstida, og kan på den måten vere med på å førebygge nettopp denne uvissa rundt sine eigne kjensler og eigen kropp. Når ein veit at det ein føler ikkje er uvanleg, kan ein bli meir trygg på seg sjølv!

Boka er fint illustrert, og språket er direkte og enkelt. Det er brukt noko humor i boka, særleg i illustrasjonane, noko som kan lette lesinga. I tillegg er det mange faktaboksar og margtekstar med interessant ekstra-informasjon. Dette gjer boka endå kjekkare!

Boka eignar seg til bruk både i skulen og privat.

tirsdag 10. januar 2017

Tor Arve Røssland: Pode

Det er nokre år sidan denne boka kom ut, og det er faktisk debutboka til forfattaren.

Historia er kort og enkelt oppbygd, men den er festleg og mange barneskuleelevar har nok hatt glede av lesinga. Pode og familien får for ei veke ansvaret for været, og dei styrer det med middagsetinga si. Et alle opp alt, vert det fint vær dagen etter, men om der vert restar, er det duka for uvær.

Når dette vert kjent, får Pode pengar frå ein festivalarrangør for å passe på at det vert solskinn, og ein bonde, for å sørge for at det vert regn. Han har altså eit vanskeleg val framfor seg... Og det vert ikkje enklare av at han nesten aldri likar maten faren lagar!

Eg kjenner det når eg les, at eg er jammen glad for at tinga eg gjer ikkje umiddelbart kan påverke været!

lørdag 7. januar 2017

Robert Louis Stevenson: Skatten på sjørøvarøya

Denne boka vart lånt og lest fleire gongar i løpet av barneskuleåra mine, og eg hugsar enno kjensla av spenning og fare. Sidan det er over 25 år sidan eg las den sist, hadde eg sjølvsagt gløymt mesteparten av handling. Eg frykta at det å ta den opp att no skulle vere som med Løland sin "bjednekniv", men å lese boka "Skatten på sjørøvarøya" var eit gledeleg gjensyn med ein gamal ven.

Namn som Jim Hawkins, Lange John Silver, Billy Bones, kaptein Flint og Ben Gunn vekkjer gode minner, og eg forstår godt at eg var fengsla av dramatikken og spenninga i boka.

Handlinga i boka faldar seg ut ein gong på 1700-talet, og Jim Hawkins får etter ein del dramatiske hendingar hand om skattekartet til sjølvaste kaptein Flint. Han legg ut på ein ekspedisjon organisert av den lokale godseigaren og doktoren i bygda, men det er fleire enn desse som er interesserte i den store skatten. Framme ved skatteøya viser det seg at ikkje alle i mannskapet på båten har same mål, og snart er flokken delt i to leirar. Det er ikkje lett å vite kven ein kan stole på og kven ein bør skygge unna, og kven vil til slutt stikke av med skatten? Sikkert er det i alle fall at slett ikkje alle som la ut på ekspedisjonen vil vende heim att...

Denne utgåva av boka er på nynorsk, og teksten er elegant formulert. Eg skulle ynskje denne utgåva var å få tak i min eigen barndom - det var nok langt frå så godt språk i boka eg leste i. All honnør til Samlaget som gir ut dei gode klassikarane i moderne nynorsk språkdrakt!

Har du ikkje lest "Skatten på sjørøvarøya" endå, har du ei spennande historie å glede deg til!

fredag 6. januar 2017

Lars Mæhle: Skoddefyrstens hevn

Lars Mæhle har skrive mange gode bøker for både barn og ungdom, og i denne nye krimserien rettar han seg tydeleg mot aldersgruppa 10-12 år.

Siri og Max er gode vener, og sjølvsagt, som det høver seg i denne typen bøker, rake motsetningar. Siri er høg, rask og impulsiv, medan Max er låg, litt sein i snuen og grueleg smart. Dei har altså ikkje så mykje til felles, bortsett frå interessa for etterforskning og ei eiga evne til å hamne midt oppe i trøbbel...

I boka "Skoddefyrstens hevn" skjer det to kriminelle handlingar i den vesle byen Heimvik, og mistanken vert ganske fort retta mot den litt mystiske personen Skoddefyrsten. Han plar helst luske rundt for seg sjølv, og trivst best ute i tåka. Han er også den einaste kjende rusmisbrukaren i Heimvik, og er slett ikkje så lett å få tak i.

Lensmannen, som også er Siri sin bestefar, er av det heller forsiktige og beint fram pysete slaget, og må etter kvart lite på at Siri og Max kan hjelpe han med å løyse saka.

Historia er godt komponert, og avslutninga er både overraskande og actionfylt. Tittelen på boka lovar spenning, og målgruppa vil truleg oppleve denne boka som både morosam og spennande. Det er særleg dynamikken mellom Siri, Max og lensmannen som skaper artige situasjonar, godt krydra av innfalla til den heller sidrumpa og sure onkelen til Max, røyrleggjaren Frank Jenssen.

Forhåpentlegvis vil det kome fleire bøker om krimteamet frå Heimvik!

mandag 2. januar 2017

Jesse Andrews: Jeg og Earl og jenta som dør

Det er ei noko annleis historie som vert fortalt i denne ungdomsromanen. Hovudpersonen heiter Greg, og han fortel si eiga historie. Denne inkluderer blant anna kameraten Earl, som han plar lage amatørfilmar saman med, og den litt påtvungne venninna Rachel.

Greg har som mål å gå mest mogleg usynleg gjennom high school, og gjer alt han kan for å ikkje skilje seg ut eller bli lagt merke til av medelevane. Dei tre første åra går greit, men i det fjerde åra byrjar ting å gå gale. Alt startar å skli ut den dagen han får vite at Rachel har fått kreft, og mora meir eller mindre tvingar han til å besøke henne.

Det er, trass i tema, ei ganske artig bok, og det er brukt mange ulike forteljeteknikkar for å få fram historia. Dette gjer boka variert og kjekk å lese. Sjølv om det er brukt mykje humor, er noko av humoren litt krampaktig, og litt på "slå deg sjølv i fjeset"-nivå. Det er dessverre også brukt mykje bannord i teksten. Dette dreg ned ei elles original og fin historie.

Hovudpersonen prøver å halde eit klart skilje mellom seg sjølv og dei kjenslene vi som lesarar vil forvente ein gut i hans situasjon vil kunne oppleve. Men bak den distanserte fasaden, og mellom linjene i boka, anar vi at denne historia er djupare enn berre overflatisk pjatt.

Historia kom ut som film i 2015.