lørdag 22. april 2017

Erna Osland: Vaken?

Erna Osland fortset arbeidet med å spreie interessante og lett tilgjengelege fakta for born. I denne boka tek ho for seg dei nattaktive dyra, og presenterer gjennom både fiksjon og faktatekst korleis dyra lever, og forklarar kvifor dei heller vil vere vakne om natta enn om dagen.

Søskenparet Bæret og Bustebror er stadig ute etter at det er mørkt, og treff på alle slags dyr som vaknar opp i det mørket sig på. Bæret er nysgjerrig på mykje, og heldigvis kan Bustebror hjelpe med både praktiske løysingar og forklaringar på kva dei ser.

Etter kvart tekstavsnitt om søskenparet, kjem eit oppslag med fakta om dei dyra dei har observert. Her skriv Osland om kor dyra lever, kva dei et og korleis dei vernar seg mot fiendar.

Språket er enkelt, og teksten lett å lese. Dermed kan unge lesarar lett tileigne seg kunnskapen. Blandinga av fakta og fiksjon fungerer også godt. Då vert born som helst les berre fakta også presentert for fiksjonstekstar, og dei som er mest gladi forteljingar, kan også få smakebitar av faktastoff!

Boka er fint illustrert av Anna Fiske, med kjekke og svært detaljerte bilder frå utfluktene til Bæret og Bustebror. Mange av dyra er godt kamuflerte i sitt miljø, så bildene kan også fungere som "leit og finn"-oppslag. På faktasidene utfyller bildene informasjonen som vert gitt i teksten.

Alt i alt er dette ei lærerik og fin bok for born i barneskulealder!


lørdag 15. april 2017

Meg Rosoff: Det jeg vet om deg

Sjølve handlinga i "Det jeg vet om deg" er ikkje så spesiell. Det er ei reise over havet, ein biltur og ein snøstorm. Stort meir av ytre dramatikk er det ikkje snakk om. Ja, viss vi ser vekk frå at bestevenen til Mila sin far, Matthew, er sporlaust vekke, då.

Det som er det spesielle med denne boka, er det psykologiske aspektet som pregar alle dialogar og situasjonar vi møter Mila og faren i. Mila har ein litt uvanleg eigenskap, nemleg at ho er svært god til å lese andre personar og leggje merke til detaljar ingen andre får med seg.

Ho forstår difor raskt at det er noko meir enn ei vanleg forsvinning det er snakk om når ho møter Matthew si kone, og ho prøvar å nøste opp i kva som har skjedd. Det er ikkje lett, for det er eitt eller anna under overflata som ho ikkje får taket på...

"Det jeg vet om deg" er ei svært velskriven bok, og eit flott psykologisk drama. Ungdom som er glad i krim vil like denne boka, det same vil nok ungdom som likar å dykke inn i menneska sitt indre liv!

søndag 9. april 2017

Gro Dahle: Megzilla

Puberteten er ei forvirrande tid, og det er ikkje alltid så godt å vite kven ein er eller kven ein skal bli. I denne interessante og vakre boka tek Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus oss med på ei reise inn i denne usikre verda.

Hovudpersonen går gjennom fleire ulike fasar, og eg trur tenåringar som les boka vil kjenne seg att i mykje her. Kroppen endrar seg, tankane endrar seg, kjenslene endrar seg og det kjennes ut som ein mistar både seg sjølv og den verda ein kjenner. Det er mange spørsmål som dukkar opp, og mange av spørsmåla handlar om korleis ein er og korleis andre opplever ein. Sjølvsagt har også kjærleiken, både den lukkelege og den ulukkelege, fått sin tilmålte plass i historia.

Språket i boka er poetisk, og tekst og teikningar utfyller kvarandre. Dette er ei bok alle ungdomar tidleg i tenåra burde lese. Det kan vere at ein kjenner seg att, kjenner seg litt meir "normal" og kanskje får trua på at det heile truleg vil gå bra!

fredag 7. april 2017

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Heilt sidan eg som liten gut sat og bladde i bokverket "Norge i krig" når vi var på besøk hos den eine grandonkelen min, har eg vore interessert i 2. verdskrigen. Opp gjennom åra har eg lese eit utal både skjønnlitterære bøker og meir sakprega tekstar og bøker om emnet.

Denne nye boka til Ingunn Røyset er av dei betre framstillingane av krigen!

Boka presenterer den norske krigshistoria på ein ryddig og interessant måte, og det geniale grepet i boka er å la ei som var ungdom då krigen starta fortelje historia. Vi fyljer livet til Jorun Emilie Holm, som ved krigsutbrotet var 12 år. Gjennom opplevingar i krigsåra, både dei ho var med på sjølv og det ho fekk fortalt av vener og familie eller høyrde i radio, får vi eit nært og samansett bilde av både angrepet på Norge, motstandsarbeidet og kvardagslivet i krigsåra. Boka er rikt illustrert med både private foto og meir kjende offentlege bilder. Gjennom heile boka er der også margtekstar som forklarar hendingar og omgrep, og gir ei meir faktabasert tilnærming til teksten.

Vi får altså både nærleik til eit enkeltmenneske som opplevde krigen og konsekvensane krigen hadde for livet hennar, og vi får mykje av den meir kjende krigshistoria servert i kronologisk rekkefølge.

Dette er eit funn for historieinteressert ungdom, eller ungdom som skal skrive skuleoppgåve om emnet. Og det beste: Den er svært lesbar også for vaksne!