søndag 3. februar 2019

David Walliams: Midnattsgjengen

David Walliams har i ei årrekke levert artige og tankevekkande forteljingar til barn. Han vert av mange, og ikkje utan grunn, samanlikna med Roald Dahl. Han har det same fokuset på barn, humoren gjennomsyrar forteljingane og under det heile ligg det samtidig eit alvor.

"Midnattsgjengen" er den hittil siste boka som er oversett til norsk, og handlinga er lagt til eit stort, gamalt sjukehus. Tom kjem inn til behandling på barneavdelinga, som er styrt med jernhand av bestyrerinna Matrone. For å gjere kvardagen litt lettare for dei små, har barna starta sin eigen, hemmelege klubb. Midnattsgjengen vaknar når dei vaksne har gått til ro for natta, og målet er å oppfylle barna sine draumar!

Dei vaksne set stadig kjeppar i hjula for barna, og det vert stadig vanskelegare å gjennomføre prosjekta. Likevel er det ein siste, viktig draum som bør oppfyllast før Midnattsgjengen må leggjast ned: Vesle Sally er for svak til å vere med på moroa, og ho har ein draum som er bortimot umogleg å oppfylle...

I boka "Midnattsgjengen" vert me med på endå eit fantasifullt eventyr frå Walliams si hand, og sjølvsagt er den eksentriske kioskeigaren Raj med...


fredag 1. februar 2019

Hasse Hope: Compis

Året er 2057, og det viktigaste av alt på Høyskol er å vere kul. Den nøyaktige "kulhetsindeksen", som rangerer elevane frå 0 til 100, har dei siste tre åra vore dominert av Leo Kreutzberg. Han er sjølve definisjonen på kul, og alt ligg til rette for at også det komande skuleåret skal gli av gårde på ein kul måte.

Samtidig har bedrifta PrivateOil (tidlegare Equinor) måtte finne seg ein ny nisje å tene pengar på, sidan dei ikkje lenger har lov til å bore etter olje. Redninga er det hemmelege robotprosjektet Compis. Denne roboten kan på alle måtar framstå som eit menneske, og skal seljast som redninga for einsame sjeler. Compis kan bli ein kul kamerat, som hjelper ungdomane til nye venskap!

Problemet er berre at Compis er så nerd som det går an å bli, og PrivateOil må ta grep. Dette grip svært forstyrrande inn i livet til Leo Kreutzberg, som snart får ei vanskeleg oppgåve å hanskast med.

PrivateOil skal tene pengar på Compis, men etter kvart får me vite at det står langt sterkare, og mørkare, krefter bak også PrivateOil.

Compis er ei sci-fi-bok som ved hjelp av humor og dramatikk stiller spørsmål rundt viktige verdiar og framtidige scenario. Vil teknologien kunne bli så smart at han ikkje lenger kan styrast? Og kva er viktigast, å vere populær eller å vere ein god venn? Compis er ei interessant bok som kan gje litt nye perspektiv på vår eiga samtid!