søndag 15. mars 2015

Kaoshjerte - Lise Forfang Grimnes

Kaoshjerte er ei knakande god bok, og bakteppet for historia er på same tid originalt og tradisjonelt. Tradisjonelt - fordi det handlar om norske eventyr og gamal overtru. Forteljingane om huldra er sentrale i boka. Originalt - fordi dette er eit ganske så nytenkjande og spennande utgangspunkt for ei fantasybok for ungdom. Og forfattaren lukkast i å skape ei aktuell og spennande forteljing.

Hovudpersonen vaknar opp forslått og forkommen heime i blokka i Oslo, og kan ikkje hugse nokon ting frå dei to siste vekene av sommarferien. Kva har skjedd? Fleire merkelege møte og små glimt tilbake til dei siste dagane vekker nysgjerrigheten hos meg som lesar, og fortvilinga hos hovudpersonen.

Dette er eit godt grep frå forfattaren si side, for når hovudpersonen Minja får att hukommelsen, og vi blir ført med tilbake til jakta på hennar eiga mormor, eit møte med eit variert og interessant persongalleri og ei bygd der mange veit meir enn dei vil ut med, har vi allereie fått ein del knaggar å henge historia på.

Etter kvart går det opp for hovudpersonen at konsekvensane av vala hennar er mykje verre enn ho kunne sett for seg. Då søstra til bestevenen hennar ringer og etterlyser broren, og Minja hugsar kva som har skjedd, går det opp for henne at livet aldri meir vil bli det same.

Dette er ei spennande bok for dei som likar fantasy, og med på kjøpet får ein eit innblikk i norske tradisjonsforteljingar!