torsdag 29. desember 2016

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger


Hovudpersonen i boka heiter Honey, og bur saman med mora og ei utviklingshemma storesøster. Livet til Honey er i stor grad styrt av storesøstera sitt handikap, og ho er vant til å gjere mykje heime. Blant anna er det ho som plar lage middag når ho kjem heim frå skulen. Faren til Honey er også eit kapittel for seg, og gjer ikkje livet hennar så mykje enklare.

Det store problemet til Honey er at ho ikkje alltid klarar å seie sanninga. Ho diktar opp svar på ståande fot, og gir ofte det svaret ho trur spørsmålsstillaren vil ha. Dermed hamnar ho stadig i situasjonar ho ikkje hadde planlagt, og vert blant anna kjent med ein herr Marcel på denne måten. Den eldre, sjuke mannen vert ein god ven, og livet skiftar retning. Ho vert også med på eit kurs i kinesisk, sjølvsagt utan å eigentleg ville det…

Honey har ein tøff kvardag, og det er mange såre situasjonar og hendingar i boka. Likevel er det ikkje ei trist bok. Forfattaren skaper ein nærleik og humoristisk varme rundt hovudpersonen, og eg som lesar blir glad i både henne og menneska ho har rundt seg. Ut av ein vanskeleg situasjon klarer altså forfattaren å skape ei ekte feel-good-forteljing!

Denne boka bør lesast!

onsdag 28. desember 2016

Torbjørn Moen: Jenta i speilet

Tenk deg at du vaknar opp og ser deg i spegelen, og der ser du ein person du aldri før har sett. Denne personen er til og med av motsett kjønn, og veldig vakker! Dette er utgangspunktet for Moen sin roman, og hovudpersonen, Truls, får ei utfordring han ikkje i sine villaste fantasiar kunne drøymt om.

Truls prøver å finne ut kva som har skjedd, og endå viktigare: Korleis han kan bli seg sjølv att. Med seg på laget har han bestekompisen FX. Dei har ein teori dei jobbar ut frå, og er på sporet av ei løysing, men så kjem Line og Helene frå klassen inn i bildet, og alt vert plutseleg meir komplisert...

Dette er ei svært humoristisk bok, og forfattaren klarer å bringe fram ei rekke komiske og snåle situasjonar. I tillegg er der eit alvor under, for Truls oppdagar at han fortsatt er kjernen av seg sjølv, trass den nye kroppen. Og ein del av situasjonane han kjem ut for, hadde han aldri opplevd som sitt normale eg. Altså er det ikkje berre negativt det som har skjedd. På slutten av boka må han ta eit vanskeleg valg...

Denne boka passar godt for ungdomsskuleelevar, og eg trur mange gutar vil kunne like denne heilsprø forteljinga. Det er heller ikkje dumt å få med seg dei observasjonane Truls gjer av gutar no når han er i ein jentekropp. Kan vere verdt å ta med seg!

John Green/Maureen Johnson/Lauren Myracle: La det snø

Tre amerikanske forfattarar har gått saman om denne boka, og i kvar sine tre historier flettar dei liva til ein gjeng ungdomar rundt den nedsnødde byen Gracetown saman. Forfattarane har valt ulike innfallsvinklar til det som er boka sitt store tema, nemleg forelsking og kjærleik.

I den første boka køyrer eit tog seg fast i snøen utanfor byen, og ut av toget stig først Jubilee, som er på veg for å feire jul saman med besteforeldrene sine. Etter henne kjem 14 cheerleaders, og til slutt Jeb, ein lokal ungdom som er på veg heim for å ordne opp i kjærleikslivet sitt. Alle desse er innom Waffle House, og der startar forviklingane og dramatikken.

Gjennom dei tre historiene vert vi godt kjent med ungdomane, både dei som går av toget og dei lokale ungdomane som vert berørt av togstoppen. Gjennom heile boka lavar snøen ned, og det er mykje både venskap og hjerte/smerte.

I tillegg til å vere ei underhaldande og romantisk bok, syns eg forfattarane klarar å få sagt mykje om kva det vil seie å vere ein god kjærast og kva det vil seie å vere ein egosentrisk kjærast. Bodskapen i forteljingane er: Ikkje overfokuser på eigne problem. Still opp for venene dine. Still opp for kjærasten din. Ha eit blikk for andre sine kjensler, ikkje berre dine eigne osv. Her er det mykje bra å plukke med seg, altså!

Og så er det heller ikkje noko å seie på forteljestilen. Desse forfattarane kan kunsten å bygge opp og fortelje gode historier!

Tyra Teodora Tronstad: Mørket kommer innenfra

I denne spennande dystopien er det Linnea og Max som er hovudpersonane. Dei går inn i historia med kvart sitt utgangspunkt; Linnea ventar på at mora skal kome heim frå jobb, medan Max sit fordjupa i skulebøkene og har ikkje fått med seg så mykje av det som skjer utanfor huset. Rundt dei held byen dei bur i på å kollapse, og det er kriminelle gjengar som har teke kontroll over gatene.

Dei to hovudpersonane vert ført inn i mange dramatiske og grusame hendingar, og dei vert nøydde til å ta fleire vanskelege avgjerdsler sjølve også.

Som tittelen på boka hintar om, er dette ei bok som handlar om det mørke i mennesket. Dette mørket kjem innanfrå, og det er ikkje så lett å skilje mellom gode og vonde menneske. Og kanskje finst ikkje dette skiljet i det heile. Linnea og Max kan til slutt berre stole på seg sjølv, og dei må ta kontroll over eigne liv.

Boka er velskriven og forfattaren skildrar dei dramatiske dagane rundt bykollapsen på ein nær og spennande måte. Det grusame i menneska ligg og vaker like under overflata heile vegen, og historia tek stadig nye, uventa vendingar.


torsdag 22. desember 2016

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

Dette er den første boka i ein ny fantasy-serie frå Asbjørn Rydland. Dei som har leste serien om Drakeguten, veit at Rydland meistrar å skrive spenningsbøker med både magi og driv. Dette er også tilfelle med den nye serien Vegandi.

Eirik har akkurat flytta ut frå byen, og blir saman med venene Khalid og Maria dradd inn i ei spennande og farleg parallell verd. Dataspelet Reborn, som dei tre venene spelar, vert vegen inn i eit ukjent landskap, prega av magi og kampen mellom ulike krefter. Problemet er berre at det er ikkje heilt lett å vite kven som er gode og kven som er vonde. Den nye verda har også heilt andre reglar enn vår verd. Fienden manipulerer både menneske og natur, men Eirik finn raskt ut korleis han kan gjere det same.

Boka har ein del rolege parti, der vi vert kjent med landskapet og ideen bak historia, og fleire parti der farten aukar og vi vert dregne inn i dramatiske kampar - ofte på liv og død.

Eg likar historia og ideen bak boka godt, og gler meg til å lese fortsetjinga. Det einaste minuset, som er ganske stort, er alle bannorda som er spreidde utover boka. Dette er unødvendig støy i ei elles god bok. Slike språklege bommertar gjer det vanskeleg for oss norsklærarar, som skal lære ungdomane god språkskikk.

søndag 18. desember 2016

Patrick Ness: Monsteret kommer

Av og til kan du møte monster som ikkje klarer å skremme deg, fordi du har møtt andre monster som er mykje verre. Slik er det for Conor, som i mareritta sine møter det verste monsteret av dei alle.

Utanfor huset til Conor står det ei stor barlind, og presis sju minutt over tolv vaknar barlinden til live, og tvingar Conor til å snakke med seg. Det fortel tre historier, og vil til slutt ha ei viktig historie tilbake; Hovudpersonen er nøydd til å fortelje den sanne forteljinga om seg sjølv.

Undervegs blir det verre for Conor på skulen. Harry og gjengen hans plager han i friminutta, Lily fortel noko ho ikkje burde og dei andre behandlar han som luft.

Og mora sine medisinar gjer ikkje det dei skal.

Dette er ei poetisk og vakker bok, med fantastiske illustrasjonar. Det er eit fint samspel mellom tekst og bilder, og til saman vert det ei djupt ærleg og sår bok. Dette er den type bok du blir litt klokare av å lese, og den type historie som du ikkje blir så fort ferdig med.

Alle burde lese denne boka, og særleg dei som står i fare for å miste nokon dei er glade i.

lørdag 17. desember 2016

Per Olav Kaldestad: Når morgonfrosken syng

Denne diktsamlinga kom ut i 2004, og inneheld både utforskande og glade dikt for born/ungdom. Forfattaren skriv dei fleste dikta på rim, og tek opp eit ganske vidt spekter av tema. Likevel er det nok det mellommenneskelege som står i fokus - dikt om å vere vener, finne tilhøyrsle og om kjærleik.

Eit dikt frå boka:

Eg lurer på kva du tenkjer

Eg lurer på kva du tenkjer
når munnen din seier hei.
Det lyser i augo dine,
men kva er det bakom dei?

Eg lurer på kva du tenkjer
når munnen din teier still
og augo dine blir mørke
speglar i kvar pupill

Eg lurer på kva du tenkjer
når munnen din går og går,
det glimtar i augo dine
og vippene slår og slår.

Eg lurer på kva du tenkjer.
Og du lurer sikkert på meg -
korfor eg står her stille
og berre stirrer på deg.


fredag 16. desember 2016

Kenneth Steven: Løynde ting

I denne fine diktboka for born er det sansane og det å oppleve verda kring seg som står i sentrum. Dikta tek for seg nettopp det boktittelen seier: Løynde ting. Alle detaljane og tinga i kvardagen som vi kanskje ikkje legg merke til eller får med oss til vanleg.

Fleire av dikta handlar om dyr, og då dei dyra vi sjeldan ser; revar og rotter, svalar og edderkoppar, kvalar og flaggermus. Her er dikt om sølepyttar, kviskring, den vesle elva, frostmorgonar og ting vi kan sjå i mørket.

Boka er oversett til norsk av Per Olav Kaldestad.

Eit eksempel frå boka:

Hugs

Livet handlar om dei små tinga,
glimesteinar kring føtene.

Bli vekt av solskinet,
kirsebærangen om våren.

Gå inn i morgonskog etter kveik,
medan sola strålar på skrå frå himmelen.

Å mata raudstrupen i februarsnøen
og lytta til den lyse juvelklangen i songen.

Å følgja med når nokon kjem heim frå skulen
med ei hand full av kastanjer og ei lang forteljing.

Å lytta til den store ånda i vinden
i brytekamp med trea gjennom natta.

Å le når regnet piskar i store rørsler
og springa leande gjennom haustskurar.


onsdag 14. desember 2016

Martina Gaux: Jeg er ikke

Denne ferske ungdomsboka til Martina Gaux har eit svært spennande utgangspunkt: Hovudpersonen vaknar opp på gata etter å nesten ha blitt påkøyrd av ein drosje. Ho unngår fysiske skader, men etter hendinga kan ho ikkje hugse nokon ting! Alt er nulla ut; ho kjem ikkje ein gong på sitt eige namn.

På seg har ho eit nøkkelknippe, og eit brev adressert til broren hennar. I brevet er det ei adresse, og denne vert utgangspunktet for jakta på sanninga om kven ho er.

Etter kvart møter ho personar som har vore ein del av livet hennar, og ho oppdagar gradvis kven ho er. Ikkje alt er like lett å ta inn over seg, og det vert ei smertefull reise tilbake til sin eigen identitet. Dessutan oppdagar ho at ein del ting hadde det kanskje vore like greitt å ikkje vite noko om.

Tema i boka er identitet: Kva er det som avgjer kven ein er som person? Kor mykje har ein kontroll med sjølv, og kor mykje kan omgjevnadane styre? Kor mykje spelar sosial status, tru, nasjonalitet, språk, kjønn osv inn på den ein er?

Det er ei utfordrande bok, og ein spennande innfallsvinkel til tema. Det som gjer boka ekstra god, er at vi som lesarar ikkje veit noko meir om personen enn ho gjer sjølv og det ho etter kvart finn ut. Dermed vert vi med på reisa inn i identiteten, og det er spennande å finne ut kva som er sanninga om fortida hennar!

tirsdag 13. desember 2016

Marit Kaldhol: Zweet

Den lokale fabrikken har ein svær gasslekkasje, og området rundt vert evakuert. Der ligg blant anna den lokale ungdomsskulen, og elevane vert køyrde vekk i buss. Alle, med unntak av Lill Miriam. Ho spring i stikk motsett retning, og har laga seg sin eigen versjon av det som hender. Ho låser seg inne på sin hemmelege gøymeplass, og det vert sendt ut leitemannskap for å finne henne.

Susan ber på ein tung hemmelegheit, og prøver å takle krisa på sin eigen måte. Ho må bestemme seg for om ho skal seie det ho veit. Kanskje kan det berge Lill Miriam.

Den tredje hovudpersonen i boka heiter Ruben, og er halvt cubansk. Han har ikkje heilt innpass i gutegjengen, og har det siste året vorte god ven med Lill Miriam. Han er kanskje den einaste som veit korleis ho tenkjer, og han er bekymra.

Denne boka tek opp to viktige tema; Korleis vi menneske møter og behandlar dei som er annleis enn oss sjølve, og korleis menneska sitt jag etter større avlingar er som å sage over greina vi sit på. For denne boka handlar også om bier, og den krisa vi er i ferd med å oppleve i verda. Det er nemleg fleire og fleire biekoloniar som kollapsar, og utan biene kan vi ikkje produsere mat.

Dette er ei viktig ungdomsbok, og den bør lesast!

fredag 9. desember 2016

Aina Basso: Ingen må vite

Dette er debutboka til forfattaren, og kom ut i 2008. Det er ei både lettlest og gripande bok. Ingeborg opplever det ingen ungdomar bør oppleve; ho vert misbrukt av stefaren, og lever eit dobbeltliv i forhold til omverda. Ho er forelska i Mikkel, som hjelper henne ein dag ho er ute og dett på isen. Etter kvart vert Mikkel forelska i henne også, men stefaren sine handlingar står i vegen for kjærleiken.

Handlinga er lagt til året 1734. Blodskam er ein forbrytelse av verste sort. Den hemmelege skamma må bli kjent, med alvorlege konsekvensar for alle.

Språket i boka er lett, og kapitla er korte og luftige. Lesaren får bli med inn i ei sterk, vakker og sår historie, og kan lære litt om forholda somme ungdomar levde under for tre århundre sidan samtidig. Bør lesast!

Det nye mørket


alle tause silhuettar
skuggar i det tomme rommet
jagar meg
hånar meg
gjennom regntunge skogar
om natta
- tungt dreg eg pusten, slår opp auga
ser inn i mørket
kjenner det ville hjartet banke

(skriv det ned, penn
i ville kaskadar
la orda strøyme
som virvlande vindar
over papiret
som i ein ustoppeleg tarantella
gjennom hjernevindingane)

opnar døra på gløtt
hjartet er ei dundrande pauke
blodet strøymer
i årene mine
så varm så varm
likevel er huda kald
fuktig;
opnar døra
ser inn i mørket
ser inn i den gapande trollkjeften
gang på gang på gang på gang …

(å, la orda binde meg
la orda surre meg
la orda bere meg som på ei båre
ned dette fjellet
som berre var ein ås
då eg gjekk opp)

sakte går eg inn i alle nye rom
- her er ingenting
som før,
desse unaturleg stille
tause silhuettane
i mine svarte draumar,
kviskrar – inntrengjande
på terskelen
til det nye mørket:
nu er der noget som hender –