søndag 4. november 2018

Lars Mæhle: Andromeda

Simon har, på grunn av valdeleg oppførsel, blitt flytta til ein ny fosterheim. Denne gongen har han blitt sendt over fjella, til ei lita bygd på vestlandet, og Simon gjer alt han kan for å prøve å gli inn blant dei tøffaste gutane på staden. Han ynskjer å hevde seg, samtidig som han ynskjer å skjule kven han verkeleg er, som menneske. Dette fører til mange konfliktsituasjonar.

Nabojenta Kaja ser bak den harde fasaden, og avslører at han eigentleg er ein annan. Dette er ikkje så lett å takle, så han gjer det han kan for å skyve henne frå seg. Det same gjeld Pippin, den vesle guten som vert så mykje plaga av bøllene i klassen. Simon kjenner på empatien, men overlevelsesinstinktet gjer at han stadig tek feige val.

Som lesar er det noko irriterande å følgje Simon si utvikling. Eg vil så gjerne at han skal ta dei rette vala; At han plutseleg skal slå handa i bordet og seie "nok er nok". At han skal tore å stille opp for Pippin, og at han skal la vere å trakke på kjenslene til dei som bryr seg om han.

Men det er ikkje slik livet er. Lars Mæhle har skissert ein hovudperson som framstår som ganske "verkeleg" i sine vegval. Der er ingen plutseleg snuoperasjon. Han vert ikkje plutseleg modig og dei svake sin forsvarar. Likevel skjer det ei utvikling, men den er for det meste utanom Simon sin kontroll. Han flyt med, og trur han har kontroll. Til slutt oppdagar han kor lite peiling han har hatt...

Forfattar Lars Mæhle har skrive nok ei interessant ungdomsbok, og han torer å la karakterane sine svikte og svikte på nytt, og gjere ting stikk i strid med det me håpar på. Likevel viser han at det er meir under overflata, også hos dei som framstår som tøffe og usårlege. Det er det psykologiske spelet mellom hovudpersonane som er det mest interessante i boka, og som gjer at den er verdt å lese.

torsdag 25. oktober 2018

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Dette er den femte boka om radarparet Jakob og Neikob, og i kjent stil møter dei ei utfordring som vert løyst på originalt vis. Denne gongen får dei besøk av Masekob, som skuldar Neikob for å ikkje vere som alle andre. Dette går hardt inn på Neikob, og han bestemmer seg for å finne ut kven denne Alle Andre er, og bli som han.

Dermed legg dei ut på ei reise med både buss, u-båt og romskip, men finn ikkje han dei leitar etter. På heimvegen krasjar dei inn i ein ukjent planet, Uno, og der treff dei endeleg Alle Andre. Jakob reiser heim aleine, og er uroleg for bestevenen som har valt å bli heilt lik alle andre på planeten.

Han får hjelp frå uventa hald, og set ut for å berge Neikob heim att.

Også denne boka om Jakob og Neikob er naivistisk og fin, og fortel noko viktig om det å vere menneske. Tema i boka, slik eg ser det, er mangfald. Ein skal ikkje vere slik som alle andre, ein skal vere seg sjølv! Illustrasjonane er i kjent stil, og boka kan brukast både som underhaldning og som utgangspunkt for samtale om det å vere unik og kor viktig det er å setje pris på mangfaldet!



Atle Hansen: Klure

"Jens er ei kløne". Slik startar informasjonsteksten på baksida av boka, og er ei grei oppsummering av kjenslene som tidleg kjem til uttrykk i boka. Hovudpersonen kjenner på ei kjensle av å ikkje få til nokon ting. Han har ingen sterke sider, og har ikkje så stor tillit til seg sjølv. Det vert ikkje noko betre av at faren kallar han for ei klure, og at store, tøffe Magnus plagar han så ofte han kan. Livet er rett og slett ikkje så lett for Jens.

Heldigvis har han ein bestevenn. Rita er alltid på hans side, og ho er den einaste som veit om den store hemmelegheita. Jens er nemleg god til å synge, og favoritthobbyen deira er å spele og synge i kjellarstova hos Rita. Ho spelar piano, Jens syng.

"Klure" er ei lettlest og fin bok om det å kjenne seg liten og annleis. Den får på ein fin måte fram at me alle er forskjellige, og er flinke til ulike ting. Alle skal ikkje passe inn i den same forma!

Passar best for born i 10-13-årsalderen.


Ruth Lillegraven: Skogen den grøne

Dette er den andre diktboka for born frå Ruth Lillegraven si hand, og det er ei vakker reise forfattaren tek oss med på!

Eg-personen i dikta ynskjer å kome vekk frå støy og bråk, småsøsken og masete foreldre og tek seg ein tur inn i skogen. Me får vere med på denne reisa inn i den grøne verda. Gjennom korte og enkle dikt kan me lese om inntrykka eg-personen får og tankane han gjer seg der han vandrar gjennom skogen. Han vandrar også gjennom døgnet og årstidene, og legg merke til alle endringane som skjer i skogen.

Det har blitt ei vakker forteljing, full av undring, fantasi og refleksjonar rundt dei små tinga - dei me kanskje ikkje alltid legg merke til elles!

Eit av favorittdikta mine i boka:







Mosemenneske

på mosen
veks små mosetre
med tynn stamme
og krone i toppen

om natta blir dei
til mosemenneske
med bein og armar
hender og hovud

dei dansar og
bukkar og neiar

men om dagen
når lyset kjem, då
rettar dei ryggen
løftar hovudet
er igjen små
mosetre


onsdag 17. oktober 2018

Linn Skåber/Lisa Aisato: Til ungdommen

"Til ungdommen" er eit djupdykk inn i ungdomslivet, og både tekstforfattar Linn Skåber og illustratør Lisa Aisato treff spikeren på hovudet - gong på gong. Her er såre og triste tekstar om både tap, einsemd og mørke tankar. Her er glade tekstar, morsomme tekstar og underfundige tekstar. Og her er teikningar som samspelar med tekstane og gir eit totalt sett vakkert inntrykk!

Forfattaren skriv i innleiinga at ho har hatt mange samtalar med ungdom i forarbeidet til boka, og at desse samtalane på ulike måtar pregar tekstane. Det er tydeleg at ho har brukt råmaterialet godt, for boka er spekka med tekstar som tek ungdomstida på alvor, og som eg trur speglar ungdom sine tankar og kjensler godt.

Boka er eit funn, både for ungdom, som ganske sikkert kan kjenne seg att i mange av tekstane, og for vaksne, som ganske sikkert kan kjenne att si eiga ungdomsstid. Den er også eit funn for dramainteresserte ungdomar, som i denne boka har fått ei rekke med monologar som kan framførast på ei scene.

Tema i tekstane er varierte, og dekker mange sider ved livet til ein ungdom, som ironisering over vaksne sine bekymringar, forelsking, kroppspress, framtidsdraumar, venskap, sjukdom, sorg, tru og prestasjonspress. Det er heller ikkje noko minus at mange av tekstane avsluttar med ein punchline som set resten av teksten i heilt nytt lys! Eg vart både glad, litt vemodig og litt trist då eg las boka, og meinar den trygt kan lesast av alle ungdomar og alle vaksne som møter ungdomar i ulike samanhengar. Risikoen for auka forståing er stor! Personleg kjem eg til å bruke ein del av tekstane i undervisninga på ungdomsskulen, både når det gjeld psykisk helse og i norskfaget - som eit tips til andre lærarar!

torsdag 12. juli 2018

Thomas Enger: Killerinstinkt

Ny ungdomskrim frå Thomas Enger, og boka startar med at hovudpersonen Even set seg i vitneboksen i ei rettssak. Boka er hans vitnemål om det som skjedde i den vesle bygda Fredheim då tre ungdomar vart drepne. Ein av ungdomane var Even sin eks-kjæreste Mari, og mistanken vert difor raskt retta mot han. Han får ein vanskeleg jobb med å bevise uskulda, og på vegen byrjar han å tvile på mange av sine næraste; Er dei til å stole på?

Både gjerningsmann og motiv er ukjent, men gjennom samtalar og små opplysningar frå fleire kantar oppdagar han stadig meir av sanninga. Mykje av det han får vite, er vanskeleg å fordøye, og til sist vert Even stilt på eit nærast umogleg val.

Dette er ei krimbok med høg intensitet heile vegen. Her er mykje som er skjult, og små hint, frampeik og hendingar driv historia framover. Først på siste side kan lesaren puste ut etter ei nervepirrande jakt på dei skuldige.

Språket i boka er lett og ledig, og vil treffe unge lesarar godt. Utgangspunktet for romanen - eit uoppklart mord - er klassisk for sjangeren, men Enger har skrive historia på ein original og oppfinnsam måte som eg trur krimlesarar vil setje pris på.


tirsdag 10. juli 2018

Bjørn Sortland: Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen

Bjørn Sortland tar i denne boka tak i eit av vår tids største tragediar og drama; konflikta i Syria. Mariam og broren Luka er dei einaste som er att av familien, og dei bur i ruinane etter det sønderbomba huset. Heldigvis var faren pessimist, og hadde teke sine forhåndsreglar i god tid, noko som gir Mariam og Luka ein sjanse til å klare seg. Likevel er livet svært vanskeleg, og det vert raskt verre: Luka vert sjuk, og det er ikkje råd å få tak i medisin. Mariam bestemmer seg då for å ta med seg broren og rømme til ein stad der han kan få hjelp.

Det er ei dramatiske historie som vert fortalt, og vi kjem nært innpå to av offera for borgarkrigen. Alle perspektiv vert omsnudde når vi kjem nær enkeltmenneska på denne måten, og vi oppdagar at flyktningen på sjøen er eit vanleg menneske som meg og deg. Jenta i ruinen er eit vanleg menneske som meg og deg. Jenta og den vesle guten som let seg smugle over landegrensene er vanlege menneske. Som meg og deg. Det er den viktigaste grunnen til at vi treng akkurat slike forteljingar.

Sortland får som vanleg sagt mykje med eit konsist og ofte knapt språk. Setningane er korte, det same er kapitla. Gjennom Mariam sine auge og tankar, og resonnement som gjer at lesaren må fylle ut det som ikkje vert sagt, blir vi tekne med inn i ei dramatisk reise og ein av krigen sine mange, stygge konsekvensar.



Endre Lund Eriksen: Baksiden

Katrine og mora prøver å liggje lågt. Dei skiftar namn og bustad, og ynskjer at færrast mogleg skal vite kven dei er. Grunnen? Faren var med i eit romturistprogram, og skulle sirkulere rundt månen før han kom tilbake til jorda. Problemet er berre at romskipet forsvann på baksida av månen.

No ynskjer dei å leve med saknet aleine, utan innblanding frå omverda. Dette vert umogleg for Katrine når ho byrjar å få mystiske epostar, og seinare når ho vert kjent med hackaren Julian, som bur i Australia. Det gjer det heller ikkje betre at to mormonarmisjonærar, Joe og Peter Paul, syner uvanleg stor interesse for henne, eller at romfartsorganisasjonen som mista raketten tilsynelatande er villig til å gjere det meste for å halde hendinga skjult.

Eriksen har skrive ein moderne og spennande thriller. Forteljegrepet er smart: Han lar Katrine sjølv fortelje historia, gjennom ein tekst ho skriv på datamaskina si. Der limer ho inn epostar og dialogar frå dagen som har vore. Målet er å dokumentere mest mogleg av det som skjer, og denne dokumentasjonen får vi del i.

Romanen "Baksiden" er både tidsaktuell, spennande og overraskande. Konflikta i teksten kan synast uløyseleg, så spørsmålet er om Katrine og Julian kjempar ein fåfengt kamp mot overmakta.

tirsdag 15. mai 2018

Torbjørn Moen: Dagene med Karlamandra

Torbjørn Moen har heilt tydeleg sansen for det å utfordre tankane våre på kva som er mogleg. I "Dagene med Karlamandra" er det mange snodige hendingar, og sjølv om lesaren ganske raskt får gode hint om kva som eigentleg skjer, er det spennande å følgje hovudpersonen Gunnar si reise gjennom ukjent terreng.

Gunnar vaknar opp aleine i eit telt midt i skogen. Han anar ikkje kor han er, men legg ein plan for å kome seg heim. På vegen møter han Karlamandra, som vert vegvisar inn til den store byen. Han oppdagar også at bestekameraten Tobias er fange hos ein slags "mafiagjeng" som har teke kontroll over Oslo sentrum.

Gunnar og Karlamandra bestemmer seg for å befri Tobias, noko som krev stor grad av både mot og list. Undervegs har Gunnar mareritt kvar natt, og det er den same draumen som vert spelt om att og om att. Han undrar på kva den kan bety, og erfarne lesarar kan pusle draumen saman med dei andre hinta som vert gitt i teksten, og finne ut mysteriet bak Gunnar si merkelege historie.

Mange lesarar vil etter kvart forstå korleis teksten vil ende, men slutten er likevel finurleg og set historia i eit nytt perspektiv. Boka passar godt for ungdom seint på mellomsteget og i ungdomsskulealder.


lørdag 14. april 2018

John Green: Skilpadder hele veien ned

Aza Holmes har ei god venninne. Ho har ei mor som er glad i henne, ein far som døydde då ho var lita og ein barndomsvenn som plutseleg kjem inn i livet hennar att. Ho går på skule, og får gode resultat. Og ho køyrer rundt i bilen Harold. Ytre sett er ho ei vanleg tenåringsjente, men når vi flyttar oss inn i tankane hennar, forstår vi raskt at ho har ein del utfordringar.

Aza er livredd for mikrobar, og tankane på bakteriar, infeksjonar og alvorlege sjukdomar trekkjer henne inn i tankespiralar ho ikkje klarar å stoppe. Livet hennar er styrt av den indre frykta. Tankane leier henne til å gjere heilt absurde ting, og til slutt fører dei henne ut til randa av katastrofe.

Venninna Daisy har ikkje eit heilt enkelt liv, men stiller heile vegen opp for Aza. Ho får ut frustrasjonane ved å skrive star wars fan-fiction, der ho gir den eine rollefiguren alle Aza sine negative eigenskapar.

Faren til barndomsvennen Davis er forsvunnen, og Aza og Daisy forsøker å finne han. Sjølv er Davis ikkje sikker på om han ynskjer at faren skal bli funnen. Samtidig vert Aza og Davis forelska i kvarandre, men kva skal ein gjere når alt ein klarar å tenkje på medan ein kysser, er alle dei millionar av mikroorganismar som finst i spytt?

John Green har med boka "Skilpadder heile veien ned" skrive ei intens bok om tvangstankar og irrasjonell frykt. Dei psykiske utfordringane til Aza pregar forteljinga. Også Davis sin far, som forsvinn etter korrupsjonsanklagar, har sine absurde sider. Han testamenterer til dømes heile formua til ei øgle.

Den amerikanske forfattaren har fått eit stort publikum, både blant ungdom, men også ein del vaksne lesarar. Det er lett å forstå kvifor! Her er det djup psykologisk innsikt, blanda med kvardagutfordringar og absurde handlingar. Eg trur nok at også denne boka vil slå an i målgruppa!

mandag 12. februar 2018

Constance Ørbeck-Nilssen/Akin Duzakin: Fargene som forsvant

Forteljinga i denne flotte bildeboka, er ytre sett enkel. Eg-personen er ei lita jente, som saman med mora legg seg til å sove midt i ein øydelagt by. Rundt dei står ruinane av byen, og alle vegar og bruer er borte.

Om natta drøymer jenta tilbake til slik livet var før krigen kom, og byrjar å hugse kvardagstinga ho likte så godt.

Fargane i boka er eit viktig verkemiddel for å få fram historia. Akin Duzakin har laga storslåtte, vakre teikningar, og livet i den øydelagde byen er teikna i svart kvitt. I draumane byrjar jenta å hugse fargane som var før, og for kvart oppslag kjem ein ny farge tilbake. Dermed blir sidene gradvis meir fargerike, heilt til jenta vaknar. Då er vi tilbake til det verkelege livet, i krigen, og fargane er borte att.

Likevel sluttar boka med eit håp; over horisonten, i det jenta og mora stig ut av opningen som ein gong var ei dør, breier ein regnboge seg ut og gir lys til himmelen. Avslutningsorda i boka er "Jeg vet at vi kan klare det".

Dette er ei vakker bildebok, og formidlar alvoret i krigen på ein sterk måte. Gjennom jenta sine draumar ser vi dei klare kontrastane mellom korleis byen var før, og kor øydelagt den er no. Språket er enkelt og poetisk, og boka kan fint brukast som utgangspunkt for samtale om det å leve i krig.


Sara Kadefors: Billie - Du er best

Dette er bok nummer to i serien om Billie, som flyttar til ein fosterfamilie i den vesle byen Bokarp. Billie ynskjer å vere seg sjølv heile vegen, og gjer det ho kan for at menneska rundt henne skal ha det bra.

Den store konflikta i boka er forholdet mellom fostermora Petra og hennar bror, Jens. Dei snakkar ikkje saman, og fetrane Alvar og Douglas ser ut til å hate kvarandre. Kva er grunnen til dette?

Billie prøver å nøste opp i konflikta, og undervegs får ho både avisoppslag, oppdraget som fadder på skulen og noko som kanskje eller kanskje ikkje er ei forelsking. Opp i alt dette er saknet etter mora ei kjensle som kjem og går, og familien tek henne fortsatt med på familieaktivitetar ho syns er snåle.

Det er ei rimeleg lettlest bok for "tweens", og Billie er ein person som sprer godt humør - både i Bokarp og hos lesarane!

onsdag 7. februar 2018

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Under

Det er knapt mogleg å føre nokon lenger inn i dystopien sine mørke bakgater enn det Bang og Kvalvaag gjer i denne ferske ungdomsboka. "Under" er første bok i trilogien "Søsteranarkistane".

Boka har fire hovudpersonar, som på kvar sin kant spelar ei viktig rolle for å drive handlinga framover. Først av alt er det Ela, som av hovudpersonane er den mest framtredande. Ho er ein naturleg leiar, og vert raskt eit symbol på opprøret som blussar opp allereie i starten av boka.

Ela tilhøyrer og jobbar i ein underjordisk by. Handlinga er lagt til ei fjern framtid, der jordas befolkning har blitt nær utrydda heile tre gongar. Byen ho bur i består utelukkande av barn og ungdom. Frå tid til annan forsvinn eit og anna barn, og dei vert fortalt at dei har flytta til andre delar av byen. Ela avslører den grusame sanninga, og kjem i opposisjon til den diktatoriske leiaren Ingmor, som har sine eigne planar med dette merkelege samfunnet.

Dei andre hovudpersonane er Skåne, Vida og Sika. Skåne er ein barndomsven, som har blitt verva til å bli soldat. Denne rolla trivst han svært dårleg i. Vida hjelper Ela i kampen mot Ingmor, og viser henne at det finst fleire sider av byen enn ho har visst om. Til sist er det Sika, då, som knapt er å finne i forteljinga, men likevel spelar ei nøkkelrolle. Ho er Ela si veslesøster, og alt Ela ynskjer er å hjelpe henne ut av byen og i tryggleik. Først må ho finne henne att, og kan den mystiske "Gröna Engor" hjelpe henne med det...?

"Under" er ei fantasirik, dyster og språkleg fargerik bok. Ord og vendingar hentar inspirasjon frå både svensk og kinesisk (Byen heiter då også Zeijang-Volvo!), og nyttar moderne, lettlest nynorsk. Dette er ei bok for alle som er glade i fantasy og dystopiar, og forteljinga tilfører sjangeren noko heilt nytt!