torsdag 31. mai 2012

Feltarbeid

Det er alltid kjekt å komme seg ut i skogen litt, syns eg. Utfordringa vert noko større når ein har med seg 28 feltarbeidarar i tillegg... 


Naturfag er eit ganske teoritungt fag. Formlar og læresetningar som må puggast, gjer det ikkje til det enklaste faget på skulen. Av og til er det difor greit å kunne bevege seg ut i skogen og gjere litt praktiske undersøkingar i tillegg!


Og dei fleste elevane undersøkte ivrig. Vi fann ikkje så mange insekt, men plantar og tre lar seg lettare "fange"...


 Og så teikna dei det dei såg.


Til slutt var alle undersøkingar gjort, og vi kunne gå tilbake til skulen, rydde vekk utstyret og ete lunsj.



No gjenstår "berre" rapportskrivinga...

onsdag 30. mai 2012

Kampen mot urettferda

Urettferd og kampen mot denne er tema for tentamen i 8. klasse om eit par dagar. Ein liten kikk i avisene viser fort at dette er eit tema det er viktig å lære litt om. Seinast i går las eg ein artikkel om jødehat. Ein ny studie har avdekka at det er ganske utbreitt med jødehat i Noreg, også i dag. Heile 12,5 % av dei spurte har utprega fordommar mot jødar!

Studien viser også at det først og fremst er hos menn, eldre og dei med låg utdanning at slike haldningar får slå rot. Det var særleg det med låg utdanning eg beit meg merke i no, og eg har tidlegare lest om andre studiar der det med låg utdanning er ein viktig faktor for framandfrykt eller fordommar mot andre. Grunnen er ganske enkel: Fordommar har sitt utspring først og fremst i kunnskapsløyse.

Skal ein få bukt med jødehat, må folk altså lære meir om jødane si historie, og kva det vil seie å vere jøde. Og aller best hadde det sjølvsagt vore å kjent nokon som tilhøyrer religionen, det er den mest effektive måten å bekjempe fordommar på!

Det er helst eldre som er prega av desse fordommane. Unge har som regel eit meir ope sinn, og ein av grunnane til dette er den undervisninga dei får på skulen. Det ein kan mykje om, fryktar ein mindre.

Eg syns det er flott å setje fokus på dette med framandfrykt, difor er det ypperleg at tema for tentamen i vår er nettopp kampen mot urettferd. Det å døme nokon utan å kjenne dei, er ei tvers gjennom urettferdig handling!

I tekstheftet står dette diktet, som handlar om blant framandfrykt:

Svarte lam

To svarte lam,
seier soga,
møttest i aude hei
båe vart livande redde
og rømde i kvar si lei,
båe sprang heimatt til flokken
av kvite
med fælsleg fart
og ropa: I dag eg møtte
eit lam som var beka-svart.

(Halvor J. Sandsdalen)

Vi i skulen gjer det beste vi kan for å bygge ned framandfrykta, og auke kunnskapen om andre religionar og tankesett. Som vi kan lese om i avisene er ikkje kampen mot fordommar og urettferd over, men det er ikkje i den norske skulen dei unge skal lære slike haldningar, i alle fall!

tirsdag 29. mai 2012

Sommarleg pynt

Dei siste vekene har sommaren riktig teke overhand i naturen, og det er grønt lauv, grønt gras og flotte blomstrar overalt. Også inne gjer sommaren sin ankomst, og sommarleg pynt kan observerast her og der. Eg syns for eksempel det var stilig med desse grøne blomane på det kvite treet i andre etasje!


Dei er med på å bringe endå meir sommarstemning inn i skulen. Og no er det berre 18 skuledagar att til sommarferien, så den nærmar seg med stormsteg. No må vi berre få unna tentamen og eksamen og slikt først...

mandag 28. mai 2012

Sosial kompetanse

Førre torsdag hadde vi om sosial kompetanse i samfunnsfagtimen. Det er sju ulike områder der vi kan "måle" den sosiale kompetansen. Ein fullt ut sosialt kompetent person har med andre ord desse sju gode eigenskapane:

Empati

Kunne setje seg inn i andre sin situasjon, og kunne sjå ting frå andre sin ståstad. Vise omsorg når andre har det vondt, og vise forståing for andre sine argument.

Positiv sjølvhevding

Delta i samfunnsliv og fritidsaktivitetar. Gje av seg sjølv, bruke eigne evner og anlegg. By seg litt fram, men utan å trakke andre ned (Vere både ein god vinnar og ein god tapar - gjerne i kombinasjon med det å ha empati...)


Samarbeid

Kunne jobbe saman med andre om eit felles prosjekt. Kunne både gje og ta i eit arbeidsfellesskap, og kunne inngå kompromiss i konfliktsituasjonar.

Det å innrette seg i eit fellesskap er ein eigenskap som berre vert viktigare og viktigare, evna til samarbeid er kanskje ein av dei viktigaste faktorane i norsk arbeidsliv. (Min påstand - bygd på ting eg har høyrt og lest i ulike media.)
Sjølvkontroll

Kunne styre seg sjølv. Ikkje berre følge straumen, men ta aktiv leiing i eige liv.

Kunne ta val som ein står for - også i ettertid.

Ikkje la kjenslene styre alle reaksjonar. Hjernen skal styre kroppen, ikkje flyktige kjensler som sinne, frustrasjon eller hemnlyst.
Ta ansvar for andre

Vise omsorg for dei svake i samfunnet.

Kunne ta seg av og ta ansvar for dei som ikkje kan ta seg av seg sjølv. Foreldrerolla krev ein del av dette kompetanseområdet!

Inkludere alle i fellesskapet. Ikkje mobbe eller stengje ute andre, men ta med dei som ser ut til å vere aleine og utanfor.
Ta initiativ

Ikkje sitje på gjerdet og vente på at alle andre skal gjere noko. Engasjere seg i saker ein har meiningar om!

Ta kontakt med andre - vere den som ringer og ber med andre ut. Ikkje sitje og vente på at telefonen skal ringje.

Rekke opp handa og delta aktivt i eiga læring. Ikkje vente på at ein time plutseleg skal bli interessant eller relevant, men gjere det ein kan for at den skal bli det.

Vise Glede

Ein utruleg viktig kompetanse å ha! Klarar ein å vise glede, vert ein ein person som andre syns det er greit å omgås.

Ikkje skjule alle kjensler, men smile og le når ein har det kjekt eller syns noko er morsomt. Vise dei andre at ein har det greit - då får også dei det betre.

Dessutan er smil veldig smittsamt!


Dette var altså dei sju kompetansane vi gjekk igjennom, og eg skriv dei her fordi dei kan vere greie å hugse på for dei fleste av oss. Kanskje ein kan utfordre seg sjølv på nokre av felta? Jo fleire som prøver å tileigne seg fleire av desse eigenskapane, jo betre vil samfunnet vårt bli! (Også min påstand...)

fredag 25. mai 2012

Brentball

Det begynner nesten å bli tradisjon å gå ut og spele ballspel om fredag... (Viss to gongar på rad kan kallast tradisjon?) Det var i alle fall så fint vér i dag, at det var umogleg å ikkje gå ut siste timen.


I dag spelte vi brentball. Dette er ein leik/spel som eg kjenner ganske godt. Vi pleidde nemleg å spele det temmeleg ofte heime i Balestrand då eg var liten! Eg vert alltid litt nostalgisk når det kjem til det brentball, på grunn av minnene frå barndommen...

I dag spelte vi etter om lag dei same reglane som eg er van med. Innelaget kastar/slår ballen ut, og spring til den første rockeringen av i alt seks. Ringane ligg som ein stor sirkel, og ein er nødt til å vere innom alle ringane.


Utelaget må få tak i ballen så raskt som råd er, og hive den tilbake til ein utvalgt på laget som skal "brenne" den. Dette gjer dei ved å slå den nedi ein rockering og rope "BRENT!"


Viss ballen vert brent medan ein innespelar er på veg frå ein rockering til ein annan, skiftar inne og utelaget plass.

Poenget er å klare å springe innom alle rockeringane og tilbake til start. Då får laget 1 poeng. Klarar ein heile runden på sitt eige kast, får laget 2 poeng.


Brentball er eit kjekt spel. Einaste negative var at det var så varmt at det nesten var ubehageleg å skulle vere aktiv... Men dei fleste elevane var engasjerte, og gjekk varme og sikkert sveitte til bussane.

No er det langhelg! Endeleg!

Persienneboogie

Vi ventar...
og ventar...
og ventar...
på sola

Endeleg
Endeleg!
ENDELEG!
Kom den

Det er litt
Litt for
altfor littfor
lyst

Ta ned
persienna
please?

torsdag 24. mai 2012

Australia

Klassen min har for tida Australia som tema for engelskundervisninga, og der skal dei blant anna lage ein presentasjon om landet.

Som ei lita hjelp til dette prosjektet, legg eg her ut eit svært nyttig turistkart over landet. Håpar de finn opplysningar de kan bruke til presentasjonen!


Værsågod for hjelpa.

onsdag 23. mai 2012

Utetime

Elevane er, naturleg nok, opptekne av det fine véret og ynskjer å få vere ute i timane. Som regel lar det seg ikkje gjere, av reint praktiske grunnar. Ikkje alt arbeid lar seg utføre ute. I alle fall ikkje effektivt og hensiktsmessig... Men av og til passar det å gå ut, og då er det herleg å kunne sitje i solskinnet samtidig som ein jobbar!

I dag hadde vi to timar med kunst og handverk, og vi held på med arbeid som lett kan takast med ut. Som for eksempel spikking:














Halve klassen heldt på med dette. Den andre halvparten teiknar perspektivteikningar av bygningar (Tredimensjonale teikningar med to forsvinningspunkt)





Det var kjekt å gå rundt og sjå kva dei fekk til, av både teikningar og figurar!


Ikkje alle sette like stor pris på ein lærar som gjekk rundt og tok bilder:


(I alle fall tilsynelatande...)


Og viss nokon trur at det er berre elevane som set pris på å vere ute, tek dei feil. Det er deilig å kunne sitje ute i sommartemperaturen, og det er veldig hyggeleg å kunne glede elevane.

Medan vi sat ute og jobba, dukka det opp også andre klassar:


Vi var visst ikkje dei einaste som benytta oss av finvéret... Og fortset det på same måten, er det jo mogleg at det innimellom kan vere aktuelt med utetimar. Viss det passar med det vi skal lære...

tirsdag 22. mai 2012

Eksklusivt intervju med nestenvoldsoffer

Ein elev vart nesten skadd på Sand skule i dag, i det han sette seg fast i eige arbeidsbord.

Ingen kom alvorleg til skade under hendinga, som skjedde i ein ganske ordinær engelsktime tidlegare i dag. Eleven sjølv seier at han hugsar hendinga svært godt, sekund for sekund, og har sagt seg villig til å svare på spørsmål om hendinga.

Kan du forklare oss nøyaktig kva som hendte?
- Ja, faktisk. Eg sat og lytta til Tone som babla i veg om Australia. Ho snakka engelsk, så det var ikkje så enkelt å få med seg alt. Difor måtte eg konsentrere meg svært mykje for å forstå. Samtidig sat eg og pirka på pulten min. I og med at eg fylte så godt med framover, fekk eg ikkje heilt med meg kva eg sjølv gjorde. Og så sat eg plutseleg fast.

Kva følte du då?
- Akkurat med det same tenkte eg at eg sikkert klarte å komme meg laus ganske raskt, så eg vart ikkje så uroleg. Det einaste som bekymra meg var at eg ikkje klarte å fylgje med på undervisninga samtidig.

Men det gjekk ikkje så greit som du hadde tenkt?
- Nei, det gjorde ikkje det. Fingeren sat bom fast. Eit lite sekund tenkte eg at eg kom til å sitje fast der resten av livet, og då kjente eg eit snev av panikk. Så forstod eg at det nok var å overdrive litt, men kjekt var det ikkje.

Intervjuobjektet lener seg tilbake i stolen og smiler. Det er tydeleg at hendinga ikkje har ført til varige skader. 

Syns du det var pinlig å be om hjelp?
- Ja. Alle dei andre i klassen såg på meg og lo, til og med lærarane smilte då eg sa det til dei. Eg kjem til å saksøke skulen for akkurat det.

Saksøke? Er ikkje det litt vel drastisk?
- Nei, eg syns ikkje det. Det føltes ganske æreskrenkande.

Men du fekk hjelp til slutt?
- Etter at timen var over, og all dei andre hadde gått til gymtimen, ja. Eg sat der heilt aleine. Så kom læraren med ei sprayflaske med olje og hjalp meg laus. Eg har prøvd å vaske oljen vekk etterpå, men det er heilt umogleg. Det kjem også til å vere med i søksmålet. I tillegg til at eg syns skulen burde hatt sikrare pultar. Hadde skulen hatt forsvarleg utstyr, ville dette aldri skjedd. Alt eg ville var å følgje med, og så må eg oppleve dette.

Intervjuobjektet har etterkvart blitt ganske høgrøysta, og står nesten over meg medan han spyttar ut dei siste setningane. Eg føler det er naturleg å avslutte.

Takk for at du var villig til å svare på spørsmåla mine.
- Berre hyggeleg, du. Kan eg sleppe å gjere leksene mine då, sidan eg vart med?

Eg lar spørsmålet stå ubesvart, og traskar tilbake til vaktmeisteren med oljeflaska. Skuledagen til ein lærar er aldri einsformig!

(Merknad: Intervjuet er fake, trykt med løyve frå nestenvoldsofferet)

mandag 21. mai 2012

Engelsk besøk

I dag hadde 8. klasse besøk av Craig Smithson, som opprinneleg kjem frå Australia. Han viste fram bilder av naturen og dyrelivet i Australia, og fortalte litt om korleis det er å bu der. I tillegg hadde han med seg ting som han viste fram, som eit kenguruskinn, kunst laga av aboriginarane og ein didgeridoo.


Australia er eit eksotisk land for dei fleste av oss, og det var veldig interessant å høyre litt andre historier enn dei som alltid vert presentert i for eksempel dyreprogram om landet. Det var ei utfordring at heile timen var på engelsk, men det gjekk for det meste bra.

Sjølv om det ikkje har noko med saka å gjere, må eg også ta med eit bilde til. Eg har fått ein storm (...) av klager frå sinte lesarar som saknar følgjande bilde frå litt bak i slåballkøen fredag:


Fornøgde?

Kardemomme by

For nokre veker sidan var det hektisk byggeaktivitet i andre etasje på Sand skule. Og det var ikkje noko lite prosjekt dei hadde gitt seg i kast med, dei skulle bygge ein heil by!


Resultatet står no til utstilling i gangen, og det vart ein riktig koseleg by:




søndag 20. mai 2012

Dagen før dagen...

Fredag, medan 8A spelte slåball, heldt 10A på med heilt anna arbeid. Dei flytta pultar og stolar frå klasserommet og inn i gymsalen.


No står pultane klare, på rekke og rad. Endå er gymsalen tom og stille, men i morgon tidleg kjem den til å bli fylt av over tjue nervøse ungdomar.

Det er eksamenstid, og eksamen er spennande. Ein skal ha litt nervar på førehand! Det er særleg minutta rett før papira vert delt ut som er verst. Når ein først er igong, går nervene litt vekk. Då jobbar ein det ein kan, og det er ingen veg tilbake.

Nytt tida godt i morgon, 10A, og lukke til!

lørdag 19. mai 2012

Laurdagskos

Eg reknar ikkje med at folk har SÅ veldig mykje å gjere på ein vanleg, grå laurdagskveld... Difor får du her ei utfordring! Under har eg skrive opp ein del fargar, og fargelagt dei. Prøv å seie fargen på kvart ord (Altså, ikkje les ordet, men sei kva farge det har!)

Vanskeleg? Dette forsøket forårsakar faktisk ei lita konflikt i hjernen din. Den høgre hjernehalvdelen prøver å seie fargen, medan den venstre delen insisterar på å lese ordet.

Javel, det var min laurdagskveld. Kva gjer du på?

fredag 18. mai 2012

Slåball

Dagen etter ei regnfull 17. mai-feiring, er det kjekt å kunne ta med elevane ut og leike i strålande solskinn. Siste time i dag, etter at veketestar og slikt var unnagjort, gjekk vi ut og spelte slåball. Dette såg ut til å vere noko elevane sette pris på!


Det er ei relativt stor bane, så sjølv om det var fjorten elevar på kvart lag, var det ikkje så lett å ta hys.



Men ein kan jo prøve!


Bildet over er teke rett før eleven mista selta, og nesten slo ned to medelevar... (Ok, litt overdrive... Eit artig verkemiddel!)



Eg syns dette var ein fin måte å avslutte veka på. Så får eg berre håpe at dette ikkje er det einaste som sit igjen etter fire skuledagar...

Ein erfaren elev

Eg har nettopp hatt ein samfunnsfagtime saman med klassen min, og i dag handla det om familie, sosialisering og roller. Vi snakka blant anna om ulike roller ein kan ha, og det var naturleg å komme inn på rolla "elev". Det vert stilt ein del krav til rolla, og eg som lærar har heilt klare forventningar til mine elevar. Dei viktigaste forventningane er:

- At dei er stille når dei skal, slik at alle som vil kan fylgje med.
- At dei er engasjerte i timane, deltek og stiller spørsmål.
- At dei gjer sitt aller beste for å lære.
- At dei prøver å finne dei læringsstrategiane som passar best for dei sjølv, slik at dei kan lære seg å lære på ein mest mogleg effektiv og god måte.
- At dei er greie med kvarandre, slik at alle trivst i klasserommet.

Medan vi snakka om dette, kom vi også inn på mi rolle som lærar. Eg har også ei klart definert rolle, og oppgåver som eg skal fylle. Samtidig har eg mykje erfaring med det å vere elev, så viss eg ein dag skal på eit kurs, er det ikkje vanskeleg å leggje av seg lærarhatten og gå inn i elevrolla.

Eg begynte å rekne på kor mange år eg sjølv har sitte på skulebenken, og kom fram til fylgjande tal:



Med andre ord har eg vore elev meir enn halve livet mitt!

Då må eg vel få lov til å kalle meg ein erfaren elev?

torsdag 17. mai 2012

Grunn til å feire!

I dag har Noreg hatt si eiga Grunnlov i 198 år. I snart to hundre år har vi altså hatt våre eigne lover, og stort sett styrt over landet vårt sjølv. Sjølv om vi var i union med Sverige dei første 91 åra, hadde vi vårt eige Storting og vår eiga regjering. Då vi i 1905 vart heilt frie, fekk vårt eige flagg og kunne sjå på oss sjølv som eit fritt og sjølvstendig land, var nok gleda stor!

Denne gleda kjenner eg litt på når eg går i 17.mai-toget. Vi har verkeleg grunn til å feire! For dei fleste er Noreg eit godt land å bu i, vi har gode velferdsordningar og endå har vi ikkje blitt ramma av den store krisa som rammar Europa.


17. maitoga er ein unik måte å feire fridomen på. I mange land er nasjonaldagsfeiringa prega av militærparadar, våpenframvisning og taktfaste føter i gatene. Slik er det heldigvis ikkje her! Vi har riktignok korps med stortromme og marsjar, men musikken akkompagnerer ikkje marsjerande soldatar. Det er borna som er i sentrum, vi syng med på songane og ytterst få går i takt eller slutta orden. Det er herleg! Våpen har ingenting med den norske nasjonaldagen å gjere, og slik håpar eg det fortset også i framtida.

Av den grunn er eg glad når eg ser at ungdommane våre stiller opp og er med og går i toget. Det er dei som skal leggje grunnlaget for det norske samfunnet i framtida, og då er det bra at dei får med seg den kjensla av nasjonalt fellesskap og barnleg fridomsglede som pregar dagen.

Samtidig håpar eg dei hugsar at sjølv om Noreg er eit flott land, og vi er stolte av flagget vårt og tradisjonane våre, så er ikkje Noreg det einaste landet i verda, og nordmenn er ikkje dei einaste menneska på jorda. Vi er ein del av noko større, og vi har ansvar for å ta vare på meir enn berre våre eigne fjell og fjordar. På ein dag som dette går tankane mine ofte til dei menneska som i dag er i krig, eller som lir på grunn av maktovergrep og feilslått politikk.

Fridomen vår er ikkje sjølvsagt, så takk til dykk ungdomar som stilte opp og var med og feira i dei ulike 17.mai-toga i Suldal!

onsdag 16. mai 2012

Kva er dette?

Ei lita tankenøtt, så ikkje hjernen sløver hen berre fordi det er nasjonaldagsfeiring...


Tinestafetten 2012

Førre veke var det tid for den årlege Tinestafetten på Sand. Fleire lag, frå både mellomtrinnet og ungdomstrinnet, hadde møtt opp for å vinne heder og ære!

I 8A brukte vi litt tid på førehand til å lage plakatar, og vi var, stort sett, fornøgde med resultatet.


Det er heller ikkje noko å seie på entusiasmen til publikum. Deltakarane vart heia fram med høge rop, trass i at det var noko kaldt, regn og litt utriveleg å stå ute.


Til slutt dagens høgdepunkt: Eitt hundredels sekund før Oddvar set foten ned på den rette sida av målstreken, og 8A vinn heile sulamitten:


Det var ein kjekk konkurranse, med gode lag og god innsats frå springarane. Og så er det jo sjølvsagt ekstra kjekt når eins "eige" lag vinn!

tirsdag 15. mai 2012

På skuleveg - med ny blogg!

På veg til skulen køyrer eg for tida forbi ei blomstereng, full av sauer i dei fleste storleikar.


Helst er det lamma som er dei finaste, og det må seiast at det var dei som var grunnen til at eg i det heile stoppa for å ta desse bildene. Berre sjå:


Til dagleg er det "lamma" eg omgås, sjølv om dei kanskje ikkje ville sett pris på å bli kalla lam... På skulen er det aller mest born, og det er dei som er grunnen til at vi i det heile har skule!

Elevane mine veit at eg er glad i skulen. Eg er glad for det norske skulesystemet, som sikrar alle retten til utdanning. Elevane mine veit også at eg meinar skulen er eit av dei viktigaste fundamenta i eit fungerande demokrati, og i eit land som vil halde seg oppreist og sikre fridom og nokonlunde gode velferdsgoder til alle.

I skulen skjer det mykje positivt. Der er mykje læring, der er mykje arbeid og der er mykje nyskaping. I tillegg er der humor, gråt, dans, musikk, keisemd, venting, venting, venting..., friminutt! vennskap, glede, sinne, kultur... Eg kunne haldt på lenger, der er så mykje som skjer i skulen at det er umogleg å nemne alt. Og kva er grunnen til at det skjer mykje der? Jo, fordi der er mange menneske samla på ein plass!

I denne bloggen ynskjer eg å vise litt av det mangfaldige livet som finst på skulen. Det er ikkje ein offisiell blogg, det er skulekvardagen sett gjennom mine auger. Håpar eg kan komme med nokre glimt som kan vere til glede, oppmuntring og kanskje inspirasjon - for deg!