fredag 31. august 2012

Stilskriving

I desse dagar sit elevane mine og sveittar over ei stiloppgåve eg har gitt dei. Det er ikkje berre enkelt å skrive stil, men min påstand er at elevar har godt av å skrive norsktekstar.


For det første treng dei trening i å skrive før dei skal opp til ein eventuell eksamen i 10. klasse. Dess fleire tekstar dei har skrive før den tid, dess betre grunnlag har dei for å skrive gode tekstar på eksamen. Som lærar har eg sjølvsagt dette langtidsperspektivet i hovudet heile tida. Eg ynskjer å gje elevane mine eit så godt grunnlag for eksamen som mogleg.

Likevel er det ikkje berre eksamen som tel på ungdomsskulen. Sett på spissen vil eg seie at eksamen ikkje er så viktig i det heile. Det viktige er at elevane kan noko, at dei har lært det dei bør lære. Så kan det sjølvsagt diskuterast kva elevane skal kunne, og vi vil aldri komme fram til noko eintydig svar på dette. Læreplanen legg sterke føringar, men vi kan ikkje vite om det utvalet dei har gjort er det hundre prosent riktige. Trass i det, trur eg at det å skrive tekstar er ein av dei tinga elevar absolutt bør kunne.

Elevane bør blant anna kunne skrive eigne tekstar, for å betre forstå det andre skriv. Det å tolke bodskap og meining inn i andre sine tekstar er ikkje alltid like lett. Det trengs mykje øving for å få det til. Å lese er ein god start, men viss ein i tillegg får lære å skrive sjølv, vert vegen til forståing mykje kortare. Då forstår ein meir av dei grepa ein skrivar er nøydd til å ta, ein legg merke til val andre har gjort og kanskje ser ein noko som kunne vore gjort betre.

Å kunne skrive er i alle fall naudsynt viss elevane har tenkt å delta i samfunnsdebatten. Skal dei skrive lesarinnlegg til ei avis, eller ein tekst i kva som helst annan situasjon, er det heilt naudsynt å vite kva krav sjangeren stiller, og korleis ein kan formulere seg. Dess meir skriving ein har bak seg då, dess lettare vert det å ta fatt på oppgåva. Og ikkje minst: Ein vert teken meir seriøst viss ein skriv godt for seg, og ikkje let teksten komme i vegen for bodskapet!

Somme av elevane vil kanskje utdanne seg innan eit eller anna skrivande yrke. Kanskje sit det ein framtidig journalist i klassen, eller kanskje til og med ein forfattar! Også dei skriveglade skal få sin bit av skulekaka, og få sjansen til å utvikle sine talent. All den tid alle elevar skal fullføre det same tiårige løpet, må ein difor også legge stor vekt på den basisdugleiken som skriving er.

Når det gjeld utbyttet elevane sjølv sit att med etter å ha ført ein stil i pennen, er det ikkje berre skrivedugleik å hente. I prosessen må ein nemleg setje hjernecellene i sving på mange måtar. Kanskje må ein lære seg noko nytt før ein skriv. Kanskje oppdagar ein nye, ukjente ting undervegs. Kanskje må ein finne tak i eit ord ein ikkje kunne frå før. Og undervegs, gjennom heile skrivinga, vert nye hjernebaner kopla saman, og elevane kjem ut som meir kunnskapsrike og modne menneske. Det er nok vanskeleg å måle denne modninga med noko instrument, men den er der.  Elevane vert meir dugande menneske for kvar stil dei skriv!

Til sjuande og sist kokar det heile ned til eit spørsmål om komfort. Fritid sett opp mot arbeid, skrivetid og tenkjetid sett opp mot avslapping og pause. Klart ein vel det enklaste, viss ein får valet. Men det er ikkje alltid at det enklaste er det beste… Kroppen vår utviklar seg ved trening og aktivitet. Hjernen vår utviklar seg ved tenking og bruk. Ein kan aldri bruke hjernen for mykje.

Alt i alt vil eg seie at alle fordelane ein oppnår ved å skrive er så mykje større enn den innsatsen ein må leggje ned. Det er kanskje eit ork å kjempe seg gjennom ein skulestil, men tru meg: Det er verdt det. Plutseleg ein dag kan du finne deg sjølv sitjande og skrive ein tekst, ikkje fordi du må, men fordi du har lyst!

Ole blir seriøs

Her ein dag vart eg plutseleg så utruleg lei av å måtte gå att og fram til pc'en når eg skulle få opp ein ny setning på powerpointen. Att og fram, att og fram. Ein idé tikka inn i hovudet, og i går sette eg den ut i livet. Dermed dura eg ned til Knut på it-butikken, og spurte etter ein slik:


Fjernkontrollen er testa ut, og fungerer over all forventning. No gler eg meg til å ta den i bruk i timane, og sleppe å stå og gøyme meg vekk med datamaskina i ein krok. Dette skal bli seriøst!

onsdag 29. august 2012

Bokbre

Det nærmar seg fristen vi har sett for at elevane i 9A skal ha lagt på bokbre. Fredag vert det storsjekk av hyller og arbeidsbord!

I går la Nina bokbre på norskboka mi, så no er i alle fall EG snart klar for kontroll... Og sjekk det stilige bokbreet eg fekk!


Herleg å starte arbeidsåret med eit slikt fresht omslag!

tirsdag 28. august 2012

Ulike perspektiv

Eg er fullstendig klar over at elevane og eg har hovudsakleg to heilt ulike syn på timane. I botn og grunn er det vel 29 ulike syn på kvar enkelt time, men dei 28 første samsvarar nok ein del... Ta for eksempel første time i dag tidleg. Då såg det slik ut frå min synsvinkel:


12 rolege og (stort sett) konsentrerte elevar sat og jobba med naturfagoppgåver. Eg gjekk rundt og hjelpte, og det var ei roleg stemning i klassen. For meg var dette ein super start på dagen. Flotte elevar som sit og teiknar atom-modellar og leitar etter opplysningar i periodesystemet... Finst det noko betre?

Elevane opplevde det kanskje annleis? Kanskje, kanskje ikkje. Det er vanskeleg å seie. Sjølv om eg trur at dei fleste syns at det i botn og grunn var greit å sitje der og jobbe. Meir greit enn dei er villige til å innrømme, i alle fall... Men perspektiva er definitivt ulike. Elevane ser på den eine timen separat, og hadde dei plutseleg fått fri, hadde dei garantert jubla (Det var i alle fall det eg gjorde då eg var i same situasjon for 20 år sidan...) Eg er nøydd til å ha eit lengre perspektiv. Det dei lærte i dag, får dei bruk for neste måndag, og i neste kapittel, og til eksamen i tiande. Og mistar vi timen, vel, eg jublar ikkje akkurat...

fredag 24. august 2012

Wok around the clock

I dag var første dag med skulekjøkken for 9A, og vi samla 27 elevar på eit kjøkken som ... ikkje er berekna for mange...


Det vart litt trangt på gruppene, og arbeidsmengda varierte nok litt for dei fleste. Men stemninga var god!


Det var grønsakswok som stod på menyen, og elevane skrella, delte og kutta til den store gullmedaljen. Her er eit godt eksempel på arbeidsdeling: Ein kuttar, ein annan legg bitane i bollen...


Med fleire typar grønsaker som skulle wokast, i tillegg til koking av nudlar og å lage saus, så vart det mange panner og mykje mat fordelt utover bordet! Men med sju kokkar på ein rett, burde det jo gå på eit vis...


Til slutt var maten ferdig, borda dekte, vatn tappa og kjøkkenet rydda. Då var vi litt på overtid, men maten smakte godt likevel!


Bon appétit!


mandag 20. august 2012

Insekt

Det er mykje rart som dukkar opp når ein er tilbake på skulen og ryddar i skuffer, skap og pc. Eg fann nokre bilder av flotte insekt som vart laga av elevar i barneskulen før sommaren. Sjå på desse stilige kreasjonane!

 







No blir det spennande å sjå kva for flotte ting som vil dukke opp i...skuffer og skap?..i løpet av dette skuleåret!

torsdag 16. august 2012

På'an igjen!

Så var eg tilbake på jobb att, etter ein lang og god sommarferie. Kjennes igrunn godt å vere igang att, og veldig kjekt å treffe kollegaene igjen. Og så var det kjekt å komme til arbeidsplassen min, der eg vart møtt med dette:


Godt med sjokolade, og interessant med ny rettskrivingsreform. Litt nye ting å setje seg inn i, men vi får tru endringane er til det betre!

For øvrig er alle bøkene no på plass i hylla mi. No er det berre å brette opp ermene og gå til verket!


tirsdag 14. august 2012

Overgong til noko nytt

Ein sommar er snart over,
nærmar seg ustoppeleg ein ende
Men:
Alt stoppar ikkje opp fordét

Fortsatt vil det bløme blomar
Graset vil vere grønt – ei stund til
Og trea står der fortsatt,
om enn i heilt andre fargar og uttrykk

Og livet stoppar ikkje
Det fortset,
og noko nytt tek til

Ein ny sesong,
nye kvardagar, nye oppgåver
Livet lever vidare,
og gleda vil følgje oss på vegen

For gøymt
i kvardagens slit og strev,
ligg dei endå skjulte perlene
og ventar
på deg


(Tekst: Ole Jørgen, Illustrasjon: Elev i 8A)