søndag 26. januar 2014

Yrkesmesse 2014

Nokre glimt frå turen med Gann til Sauda på torsdag som var. Yrkesmesse i Saudahallen og besøk på Eramet var dei to store måla med turen. Kanskje nokon har blitt sikrare i sine val for framtida etter turen?

Det meste vert smått ved sidan av så store båtar!


Fire ulike måtar å gøyme seg for fotografen på...

Vi fekk omvisning på båten, og var blant anna på brua...

... og nede i lasterom og motoren.

Etter vel ein time ombord, dukkar Sauda opp i det fjerne.




Elevane, og ein og annan ordførar, prøvde seg på diverse konkurransar. Her var mykje informasjon, brosjyrar og sjokolade å få!

Pizza og brus i kantina på ungdomsskulen

Det var rimeleg kaldt å gå frå ein stad til ein annan denne dagen!

På Eramet tek dei HMS alvorleg. Her må alle kle seg opp i frakk, hjelm og briller!


Kvar dag vert det lasta inn om lag 1600 tonn malm i denne hallen, fordelt på to smelteomnar, og kvar dag hentar dei ut 800 tonn ferdig metall!


Til slutt ein liten test på kor godt du fulgte med på smelteverket... Fekk du med deg kor mange tonn denne kranen kan løfte i eitt løft?