fredag 1. juni 2012

Norsktentamen

Slik ser utsikta mi for det meste av denne skuledagen ut:


Det er heilt stille i rommet. Det einaste eg høyrer er lyden av tastatur som klikkar, ein og annan fot som tappar stille i golvet og knirking frå stolane. Svært mange har med den "obligatoriske" brusflaska og godteposen... Nesten som om dei aldri et snop elles! (Men for all del, eg forstår at det er stas å få lov til å ha med snop på skulen. Eg gjorde då det same sjølv...)

Den einaste leksa på lekseplanen for torsdag, var: "Legg deg tidleg, så du er opplagt til tentamen". Ut frå det eg kan sjå, ser det ut som dei fleste har gjort leksa si!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar