mandag 20. mai 2019

Anna Day: Fandom

Dette er Anna Day sin debutroman, og det er ei fascinerande forteljing ho har ført i pennen. Samtidig som det er ei fantasyforteljing, er ho fylt av referansar til andre verk, og då særleg annan eventyr- og fantasylitteratur. Dette er  kanskje ikkje så merkeleg, med tanke på utgangspunktet for historia: Violet og to venninner (og ein veslebror) som er på veg til Comic-con, der dei håpar å treffe hovudrolla i filmen "Galgedansen". Filmen er basert på favorittboka deira med same namn.

På Comic-con kjem dei ut for ei merkeleg ulukke, og alle fire vaknar opp i den dystopiske verda i "Galgedansen"! Her lagar dei raskt kluss i handlingsgangen, drep hovudrolla, Rose, og rotar seg meir inn i forteljinga enn det som er behageleg. Violet vert tvungen til å ta Rose sin plass i historia. Sidan ho har lese boka mange gongar, veit ho korleis det kjem til å ende: Ei veke seinare skal ho hengast i galgen.

Vidare flettar forfattaren dei fire venene inn i fantasyforteljinga, og fortel på den måten historia på ein ny og svært original måte. Det er som me les to bøker på ein gong: både "Galgedansen" og sjølve "Fandom". Heile vegen vert nye sider ved "Galgedansen" avslørt, og venene gjer val som fører til avvik frå den originale forteljinga. Dette kan få alvorlege konsekvensar; kanskje vil dei aldri kunne komme seg heim att til si eiga verd.

Boka passar godt for deg som er glad i fantasy-litteratur, eller som ganske enkelt kan tenkje deg å lese ei original og annleis forteljing!

Frida Nilsson: Det tynne sverdet

Etter det fantastiske eventyret i boka "Ishavspiratar", var forventningane mine store til denne nye boka til Frida Nilsson. Eg kan røpe med ein gong at eg ikkje vart skuffa!

I "Det tynne sverdet" vert me kjent med Sasja, som legg ut på sitt livs eventyr. Mora er sjuk, og den natta ho dør ser Sasja at ho vert teken med i Døden sin båt. Han bestemmer seg for å følgje etter, låner ein pram og kjem seg over havet og på land i Døden sitt rike.

I dødsriket møter Sasja tre ulike typar vesen; hilderar, spartanarar og harpyrar. Han vert ven med ein hilder, og legg på veg innover i riket for å finne huset til Døden. På vegen møter dei mange eventyr, og får seg både nye vener og skumle fiendar. Til slutt når dei fram til målet, men ting er svært annleis enn Sasja hadde forventa.

Nilsson lånar ein del frå Astrid Lindgren, og eg kjenner særleg att element frå boka "Mio, min Mio". Som vaksen lesar forstår ein raskt kor dei ulike vesena kjem frå, men det gir berre ein ekstra dimensjon og styrke til forteljinga. Språket er poetisk og lett, og det er enkelt å bli gripen av dei stemningsfulle tablåa forfattaren skisserer opp. Eg fekk raskt sympati med dei ulike rollefigurane, og til og med Døden har fått, om ikkje sympatiske trekk, så i alle fall ei ganske nyansert framtoning.

Boka eignar seg godt til høgtlesing for born frå 8-9-årsalderen og oppover.