fredag 23. juni 2017

Frida Nilsson: Ishavspirater

Med denne boka har Frida Nilsson servert oss ei spennande og fantasifull odyssé-forteljing. Boka har blitt samanlikna med Astrid Lindgren sin litteratur, og måten å bygge opp forteljinga på kan ha ein del til felles med bøker som Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte.

Pirathøvdingen Hvithode terroriserar innbyggjarane på alle øyane i ishavet. Piratane hans stel rett og slett barn, og tek dei med seg til ein uviss skjebne på piratøya. Rykta går om ei diamantgruve, og at barna vert utnytta som gruvearbeidarar og sjeldan overlever særleg lenge på øya.

Når Siri si veslesøster vert bortført av piratane, bestemmer ho seg for å gjere noko ingen andre torer; Ho vil utfordre Hvithode og befri søstera. Dermed startar ei farleg ferd over havet, og ho møter både gode og onde menneske. Redselen for piratane er stor, og lenge ser det ut som ho må møte dei aleine.

Forteljinga tek stadig nye vendingar, alt etter om personane ho møter hjelper henne vidare, eller set kjeppar i hjula for prosjektet hennar. Dette gjer forteljinga om Siri si reise svært fascinerande, og her skjer noko heile vegen. Med på vegen får vi også ein del rettferdig harme frå Siri si side - ho er frustrert over egoismen ho møter på reisa, og kor grådige menneska kan vere.

Lurar du på korleis reisa til Siri arta seg, er det berre å lese boka. Den er vel verdt tida!

fredag 2. juni 2017

Jenny Jägerfeld: Det er ikke så farlig med meg

Boka startar med at hovudpersonen Maja skjer av seg tuppen av tommelfingeren i ein designtime på skulen. Denne hendinga set tonen for resten av forteljinga, som på ein måte kan kallast tragikomisk. Det går nemleg ikkje så bra for Maja, og ho må nok bere ein god del av skulda for dette sjølv.

Sjølv om Maja må seiast å vere ein ulukkesfugl, unngår boka å gli over i slapstick-humor. Dei tragiske hendingane og uhella som skjer, glir godt inn i handlinga, og historia er ikkje overlessa av ulukkelege hendingar.

På same tid som boka er ein studie i usikker ungdomstid, innehar den også eit stort mysterium. Annankvar helg bur Maja hos mora, men helga etter at ho kuttar seg i tommelen, kjem ho til låst og tomt hus. Maja anar ikkje kor mora er, og jakta på sanninga om kor ho er startar. Dette fører til mange store spørsmål, og ein del ubehagelege svar.

På vegen mot ei løysing møter vi designlæraren Valter, kameraten Enzo, ungdomane Justin og Debbie frå ein fest ho tilfeldigvis kjem inn på og overvaking av faren sin epost og facebook-konto. I tillegg til ein del samtalar med faren og tilbakeblikk på hendingar frå då ho var yngre, får vi teikna eit stadig klarare bilete av personen Maja og kva som eigentleg kan ha skjedd med mora.

Dette er ei svært velskriven og treffsikker bok, med mange språklege perler og ei god oppbygging av historia. Det er ei ungdomsbok som absolutt er verdt den tida det tek å lese den!