lørdag 23. juni 2012

Den merkelegaste dagen

Denne dagen har alt blitt snudd på hovudet.

Dagen starta som ein draum. Bokstaveleg talt. Eg stod fremst på ein stor båt, og speida inn mot eit nytt og ukjent land. Båten seig nærare og nærare, og eg såg tårn og spir og store boligblokker openberre seg mot den kaldlilla morgonhimmelen. I det sola gjekk opp over horisonten, var det som om byen eksploderte i eit skin av gull og diamantar, og vart vakrare enn det vakraste eg nokon gong har sett.

På denne tida plar eg eigentleg ha mareritt, så eg begynte å ane ugler i mosen. Og då vekkarklokka ringte, og eg kjente meg glad og vaken, gjekk det opp for meg at ingenting var som før. Eg kjente på eit djupt ynskje inni meg om å gå på skulen. Vårlufta var mjuk og deilig, og eg smilte til spegelbiletet, mamma, katten og bussjåføren.

Kor merkeleg denne dagen eigentleg kom til å bli, gjekk til fulle opp for meg i første time på skulen. Læraren snakka om eit tema som faktisk var interessant, og alle elevane fulgte med. Alle saman! Dei sat med vidopne auge og stirra som om det var ein spenningsfilm, og alle skreiv ned stikkorda utan å klage. Då ein av elevane kom i skade for å avbryte forteljinga, smilte læraren berre og sa at det var ein spennande og interessant opplysning, som i grunn passa veldig godt inn. Eg måtte klype meg litt i armen, for dette var nesten litt for utruleg.

Eg var visst vaken.

I friminuttet gjekk vi ut, endå vi ikkje måtte, og vi fekk ein merkeleg sterk trong til å leike noko saman, alle i hop. Så der stod vi samla, midt i skulegarden, og leikte og hadde det kjekt. Ingen stod aleine ved sykkelstativet, og ingen trakk seg unna for å gå for seg sjølv. Det var heilt utruleg!

Då eg kom heim, stod middagen klar på bordet, og vi åt saman heile familien. Trass i ein del halvflaue kommentarar og plagsame spørsmål, så kjente eg det som ein fin stad å vere. Eg forstod at familien var glad i meg, og at eg var glad i dei. Eg klarte til og med å smile fleire gongar til dei andre, medan eg velvillig delte av opplevingane mine frå skulen.


Det merkelegaste av alt hende rett etter middag. Eg gjekk til rommet mitt og leita fram vekeplanen. Eg tenkte at no, no! kom eg nok til å møte motstand frå min eigen vilje. Eg såg over arket, las kva lekser vi hadde fått og henta fram bøkene. Ingenting. Eg slo opp i boka og las den første matematikkoppgåva. Ingenting. Eg begynte å rekne, stykke etter stykke. Ingenting. Ingen verdens ting! Alt eg kjente var ei enorm arbeidslyst, og eg klarte ikkje å stoppe då eg var ferdig med dagens lekser. Eg gjorde like godt alle leksene for heile veka, og begynte på stilen som skal leverast inn om tre veker. 

Først klokka fem tikka den første facebook-meldinga inn: “Hei! No er eg ferdig med leksene, blir du med og sparkar fotball?” Og den meldinga kom frå ein som eg nesten aldri er saman med, og som nesten aldri ynskjer å sparke fotball. Eg kjente at eg smilte medan eg snørte på meg skoa og sprang ut i vårkvelden.

No ligg eg her i senga og tenkjer attende på alt det merkelege som har hendt. Det har vore ein fin dag, men litt skummel også. Eg håpar i grunn at alt er normalt att i morgon. I alle fall nesten.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: elev i 8A.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar