torsdag 12. juli 2018

Thomas Enger: Killerinstinkt

Ny ungdomskrim frå Thomas Enger, og boka startar med at hovudpersonen Even set seg i vitneboksen i ei rettssak. Boka er hans vitnemål om det som skjedde i den vesle bygda Fredheim då tre ungdomar vart drepne. Ein av ungdomane var Even sin eks-kjæreste Mari, og mistanken vert difor raskt retta mot han. Han får ein vanskeleg jobb med å bevise uskulda, og på vegen byrjar han å tvile på mange av sine næraste; Er dei til å stole på?

Både gjerningsmann og motiv er ukjent, men gjennom samtalar og små opplysningar frå fleire kantar oppdagar han stadig meir av sanninga. Mykje av det han får vite, er vanskeleg å fordøye, og til sist vert Even stilt på eit nærast umogleg val.

Dette er ei krimbok med høg intensitet heile vegen. Her er mykje som er skjult, og små hint, frampeik og hendingar driv historia framover. Først på siste side kan lesaren puste ut etter ei nervepirrande jakt på dei skuldige.

Språket i boka er lett og ledig, og vil treffe unge lesarar godt. Utgangspunktet for romanen - eit uoppklart mord - er klassisk for sjangeren, men Enger har skrive historia på ein original og oppfinnsam måte som eg trur krimlesarar vil setje pris på.


tirsdag 10. juli 2018

Bjørn Sortland: Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen

Bjørn Sortland tar i denne boka tak i eit av vår tids største tragediar og drama; konflikta i Syria. Mariam og broren Luka er dei einaste som er att av familien, og dei bur i ruinane etter det sønderbomba huset. Heldigvis var faren pessimist, og hadde teke sine forhåndsreglar i god tid, noko som gir Mariam og Luka ein sjanse til å klare seg. Likevel er livet svært vanskeleg, og det vert raskt verre: Luka vert sjuk, og det er ikkje råd å få tak i medisin. Mariam bestemmer seg då for å ta med seg broren og rømme til ein stad der han kan få hjelp.

Det er ei dramatiske historie som vert fortalt, og vi kjem nært innpå to av offera for borgarkrigen. Alle perspektiv vert omsnudde når vi kjem nær enkeltmenneska på denne måten, og vi oppdagar at flyktningen på sjøen er eit vanleg menneske som meg og deg. Jenta i ruinen er eit vanleg menneske som meg og deg. Jenta og den vesle guten som let seg smugle over landegrensene er vanlege menneske. Som meg og deg. Det er den viktigaste grunnen til at vi treng akkurat slike forteljingar.

Sortland får som vanleg sagt mykje med eit konsist og ofte knapt språk. Setningane er korte, det same er kapitla. Gjennom Mariam sine auge og tankar, og resonnement som gjer at lesaren må fylle ut det som ikkje vert sagt, blir vi tekne med inn i ei dramatisk reise og ein av krigen sine mange, stygge konsekvensar.



Endre Lund Eriksen: Baksiden

Katrine og mora prøver å liggje lågt. Dei skiftar namn og bustad, og ynskjer at færrast mogleg skal vite kven dei er. Grunnen? Faren var med i eit romturistprogram, og skulle sirkulere rundt månen før han kom tilbake til jorda. Problemet er berre at romskipet forsvann på baksida av månen.

No ynskjer dei å leve med saknet aleine, utan innblanding frå omverda. Dette vert umogleg for Katrine når ho byrjar å få mystiske epostar, og seinare når ho vert kjent med hackaren Julian, som bur i Australia. Det gjer det heller ikkje betre at to mormonarmisjonærar, Joe og Peter Paul, syner uvanleg stor interesse for henne, eller at romfartsorganisasjonen som mista raketten tilsynelatande er villig til å gjere det meste for å halde hendinga skjult.

Eriksen har skrive ein moderne og spennande thriller. Forteljegrepet er smart: Han lar Katrine sjølv fortelje historia, gjennom ein tekst ho skriv på datamaskina si. Der limer ho inn epostar og dialogar frå dagen som har vore. Målet er å dokumentere mest mogleg av det som skjer, og denne dokumentasjonen får vi del i.

Romanen "Baksiden" er både tidsaktuell, spennande og overraskande. Konflikta i teksten kan synast uløyseleg, så spørsmålet er om Katrine og Julian kjempar ein fåfengt kamp mot overmakta.