Med denne boka har Frida Nilsson servert oss ei spennande og
fantasifull odyssé-forteljing. Boka har blitt samanlikna med Astrid
Lindgren sin litteratur, og måten å bygge opp forteljinga på kan ha ein
del til felles med bøker som Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte.
Pirathøvdingen
Hvithode terroriserar innbyggjarane på alle øyane i ishavet. Piratane
hans stel rett og slett barn, og tek dei med seg til ein uviss skjebne
på piratøya. Rykta går om ei diamantgruve, og at barna vert utnytta som
gruvearbeidarar og sjeldan overlever særleg lenge på øya.
Når
Siri si veslesøster vert bortført av piratane, bestemmer ho seg for å
gjere noko ingen andre torer; Ho vil utfordre Hvithode og befri søstera.
Dermed startar ei farleg ferd over havet, og ho møter både gode og onde
menneske. Redselen for piratane er stor, og lenge ser det ut som ho må
møte dei aleine.
Forteljinga tek stadig nye vendingar,
alt etter om personane ho møter hjelper henne vidare, eller set kjeppar i
hjula for prosjektet hennar. Dette gjer forteljinga om Siri si reise
svært fascinerande, og her skjer noko heile vegen. Med på vegen får vi
også ein del rettferdig harme frå Siri si side - ho er frustrert over
egoismen ho møter på reisa, og kor grådige menneska kan vere.
Lurar du på korleis reisa til Siri arta seg, er det berre å lese boka. Den er vel verdt tida!
Veldig fin bok, er virkelig vel verdt tiden
SvarSlett