Denne vesle bildeboka tek for seg eit sentralt kapittel i dei svarte sin kamp for like rettar i USA. Vi vert med ein liten gut og bestefaren på museumsbesøk, der dei ser på ein gamal, gul buss. Så begynner bestefaren å fortelje; Om raseskiljet, ku klux klan, Rosa Parks og den store bussboikotten.
Boka er ei interessant og fin reise tilbake i historia, og formidlar hendingane på ein nær og forståeleg måte. Flotte illustrasjonar gir boka eit heilskapleg og kunstferdig uttrykk, og får fint fram både frykta og motet som prega hendingane.
Dette er ein god måte for born og ungdom å bli kjent med ein viktig del av historia på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar