Ingen
veit at det er mi skuld. Det var ingen som såg meg. Ingen som høyrde at det
skjedde. Eg var aleine, dei andre var samla i gymsalen. Eigentleg skulle eg
vere der eg også, men eg måtte ut på do. Og så var eg innom naboklasserommet, skulle berre trikse litt med ballen, ikkje så
mykje, berre litt. Det er som regel nokon andre som har den, no hadde eg sjansen
til å prøve sjølv. Utan at nokon kunne blande seg inn. Utan at nokon fekk med
seg kor gale det gjekk.
Eg
gjekk rett tilbake til gymsalen, sette meg på plassen min og lytta vidare på
konserten. Knapt nokon hadde lagt merke til at eg var borte, om nokon i det
heile. Det var ein bra konsert, artig og stilig. Den siste delen smaug seg
rundt meg, utan å trengje inn. Den svarte klumpen i magen var for stor til at
eg klarte å fylgje med. Hjernen min var full av singlande glas.
Så
kom friminuttet, og eg sprang saman med dei andre ut i skulegarden. Eg oppdaga
glasskåra saman med dei andre. Sprang rett bak Amalie og Geir, vart like
overraska som dei. Nesten. No berre tek vi dette store nye inn over oss, og
Geir har sprunge for å seie frå til vaktene. Den svarte klumpen er no så stor
at eg ikkje veit kor eg skal gjere av meg. Eg har lyst til å springe, eg har
lyst til å stå stille. Men eg gjer ingen av delene, eg går berre roleg vekk.
Samtidig held eg auge med vindauget, ser når vakta kjem, ser vaktmeisteren
komme med kost og brett. Ser rektor komme ut til vakta. Då snur eg meg, og ser
på dei som spelar basketball i staden. Eg ser ingenting, for eg har tåke
framfor auga.
Vi
har kontaktlæraren vår i timen etterpå. Norsk. Vi har om Henrik Ibsen, og held
på å lese Peer Gynt. Vi sit klare med boka framfor oss, læraren er sein. Det er
ei spent tyngde over klassen, og den svarte klumpen har begynt å krype opp
gjennom magen og eterøyret mitt. Eg er kvalm.
Læraren
set seg bak kateteret, og stirrar på ein gul lapp som er limt utanpå Peer Gynt.
Ingen kan sjå kva som står der, men vi veit det likevel. Eit knust glas i
B-klassen sitt klasserom. Det som er rett ved sidan av toaletta. Hjartet mitt
slår hardt, eg er sikker på at alle kan høyre det. Læraren kremtar og reiser
seg opp. Ser på lappen, løftar auga og ser utover klasserommet. Begynner å snakke,
men eg høyrer ikkje kva han seier. Ser berre leppene som bevegar seg opp og
ned, formar bokstavar og lydar, men ingenting av det eg høyrer gir meining.
Berre tåke.
Plutseleg
festar han auga på meg, og det er som alle dei andre pultane forsvinn. Eg sit
att, heilt aleine i klasserommet, og den store lærardommaren stirrar meg i senk
med laserauge. Det varer nok berre nokre hundredels sekund, men det er lenge
nok til at den svarte klumpen kryp saman. Trekkjer seg saman til ein tett ball,
og strammar alt den har rundt seg til ein hard og tung knute. Eg hikstar etter
luft, og klarar ikkje halde munnen att lenger. Det var eg, seier eg plutseleg.
Tjuefem par auge snur seg mot meg.
Læraren
stoppar taleflaumen, og ber meg gjenta det eg sa. Det var eg, seier eg ein gong
til. Kjenner at lungene får luft att. Den svarte klumpen
begynner å løyse seg opp.
(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar