fredag 6. juli 2012

Vente på brølet (Ei novelle)

Det går eit sukk gjennom benkeradene på det store fotballstadionet. Eit skuffa sukk, ikkje av det slaget som kjem når noko, heilt uventa, går godt. Det letta sukket, det som får adrenalinet til å løyse seg opp og endorfina til å strøyme ut i kroppen. Eit sukk av velvære og lette, lette over at det gjekk bra, denne gongen også. Nei, det var ikkje slik. Det var det skuffa sukket, det som kjem når alt går gale.

Og det er meg dei sukkar for.

Eg valde å skyte frå sekstenmeteren. Målet låg der framfor meg, heilt ope og klart til å ta imot ballen. Alt eg hadde å gjere var å trille den over streken. Eit lite tupp med skoen ville vere nok, men eg tok ingen sjansar. Dei kom halsande bak meg, og eg ville ikkje risikere at dei tok att ballen og skaut den vekk. Difor tok eg litt i, og satsa på å plassere ballen midt i målet.

Det var ikkje noko urimeleg ynskje frå mi side. Eg har gjort det hundrevis av gongar før. Sjølvsagt flest gonger på trening, men også i kamp, og då har keeperen stått i vegen og hindra skotet. Då har eg måtta tenkt lurt taktisk, og kanskje skru den, eller skyte ein annan stad enn der eg ser. Ein del gongar har eg klart å lure målvakten, og ein del gongar har han snappa opp ballen før eg fekk nettkjenning. Same kva utfallet vart, har eg bygd meg opp mykje erfaring. Eg er ein spiss med mykje erfaring, og publikum ventar mykje av meg.

No står eg her då, og publikum er stille. Sukket har lagt seg, og eg veit at om eit halvt sekund brakar det laus. Buing, piping og rop. Lagkameratane mine kjem til å sende meg skuffa og oppgjevne blikk. At eg kunne! Eller rettare: At eg ikkje kunne!

Målet var ope, det var ein hundreprosentssjanse. Eg var bak forsvarsrekka, og til og med forbi målvakta. Det andre laget begynte å bli desperate, sende alle dei hadde framover, og oversåg meg, der eg kom inn frå sida. Og då eg fekk ballen, og runda den siste forsvararen utanfor målfeltet, visste alle, ja, dei visste, at ballen så godt som låg i målet.

Kanskje var det det som var problemet. Kanskje var det det sjølvsagte utfallet som øydela. Alle, også eg, var sikre på at dette skulle gå godt. Hundre prosent. Eit tupp skulle vere nok, men eg sparka slik eg pleidde.

No er det rett før buinga startar. Eit kvart sekund til. Eit kvart sekund med måpande stille, før den grå massen løyser seg opp i eit brøl, og det er meg dei vil sluke. Det spelar inga rolle at eg scora sist kamp, eller kampen før det.

Det er no som tel, og det var no eg svikta.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar