fredag 20. juli 2012

Thyge opplever noko dramatisk

Dette er historia om bonden Thyge
Som såg ut av sitt vindu i første etasje
Der ute såg han ei diger byge
Og tvinna lukkeleg på sin mustasje

Thyge jubla, for Thyge er bonde
Og ventar på regn til sin åker
Ein tørkeperiode er alltid eit onde
Då ligg han og ventar og våker

No kom altså regnet, endeleg, sa han
Skyene velta seg stille på plass
Han håpte det regnar så mykje det kan
Nett som sist sommar, på campingplass

Medan Thyge venta, stilte skya seg inn
Tok sikte mot møne og pipe
Etter skya kom den sterkaste vind
Flaug inn kvar ei bordkledningsglipe

Så starta regnet, det regna i straumar
I vinduet stod Thyge med stivare blikk
Det såg ut som dei verste av draumar
Alt før straumen forsvann, med eit klikk

Det neste som skjedde
Kan mest ikkje nemnast
Thyge – ein gambler - er glad i å vedde
Og dette tap må nok hemnast:

Lynet fór ut av ei sky, ned mot garden
Han rakk ikkje tenkje ein tanke
Før ilden slo tunger rundt arva frå faren
Og åt opp kvart bord og kvar planke

For alt brann til grunnen,
ikkje noko stod att
og Thyge han nådde bunnen
stod klissvåt tilbake i natt

I regnet stod Thyge og hutra og fraus
Medan uvéret knuste og herja
Då høyrde han plutseleg nokon som naus
- Og vakna i bilen på ferja

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A. Det nedste bildet er manipulert av meg.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar