tirsdag 15. november 2016

Skuleglimt

Når ein kjem gjennom morgonmørket og regnet, er det fint å sjå varme lys i skulebygningen!


"Den blå time" er heilt tydeleg ikkje berre om ettermiddagen, men også i tida før dagen tek skikkeleg tak!


Ei av dei mange flotte uglene som har flytta inn i 2. etasje på skulen:


Og så dagens ungdom, då... Eg forstår kva vedkommande har tenkt med denne beskjeden, skriven på tavla i ein ubevokta augneblink, men eleven burde kanskje vere hakket meir subtil...:



mandag 14. november 2016

Veronika Erstad: Kattejenta

Det er ikkje alltid at dette med vennskap er like enkelt. Særleg ikkje viss ein er svært ulike, og har ulike ynskjer for fellesskapet.

Denne fine bildeboka tek for seg dette emnet på ein måte som eg trur kan vere forståeleg også for dei yngste skuleborna. Hovudpersonen Ruth er nemleg ei kattejente; Ho trivst veldig godt aleine, og vil helst drive på med sine eigne ting. Ho har éin venn, Kristin, og Kristin er ei hundejente... Ho har mange søsken, er vant til å ha mange rundt seg og vil gjerne leike med Ruth heile tida!

Ruth har lagt ein plan for juleferien, og ho og katten skal drive med prosjektet aleine. Men så bestemmer foreldra at dei skal reise til Lanzarote, og plutseleg krasjlandar planane. Kva skal Ruth gjere då? Og kva skal ho gjere med Kristin som gjerne vil komme på besøk?

Boka er fint illustrert, og er eit godt utgangspunkt for samtale om ulike personlegdomar, ulike ynskjer og ulike måtar å tenkje vennskap på. Kanskje kan lesaren få ei a-ha-oppleving; Det er ikkje sikkert at alle tenkjer heilt likt som meg!?

søndag 13. november 2016

Kari Smeland: Familien Kråkestup og nyset i nabohuset

Familien Kråkestup er ein familie som bur eit godt stykke utanfor resten av bygda, men likevel saknar dei ikkje selskap. Viss du står ute i hagen og kikkar inn vindauget, vil du sjå at hos denne familien skjer det noko heile tida.

Dei seks borna i familien er alle tvillingar, og forfattaren har utstyrt familien med ei rekke ulike rollefigurar. Dei to eldste gutane er til dømes diamentralt motsette; Den eine er optimist og glad i å danse. Den andre er pessimist, og sit helst og les bøker.

Forteljinga startar då dei to yngste tvillingane snik seg ut om kvelden, for å spionere på det tomme nabohuset. Det bur ingen i dette huset, og det har det ikkje gjort sidan onkel Sigurd (som også bur hos familien Kråkestup) var liten gut. Men denne kvelden ser dei ein mystisk skugge, og høyrer eit nys... Og dermed er sirkuset i gong!

Forfattaren har her skrive ei fantasirik og artig bok, med mange sprø påfunn og flotte hovudpersonar. Det er noko Astrid Lindgrensk over det heile, og historia vil appellere til born heilt ned i dei lågaste klassestega. Likevel er vel dette ei typisk 8-12-bok. Det er også eit stort pluss at boka er på nynorsk, og språket er lett og greitt å lese.

torsdag 10. november 2016

Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar

Hilde Myklebust har her skrive ei flott diktbok for barn! Dikta handlar i særleg grad om leik i og utforsking av naturen, og kan eigne seg godt til bruk i både norsk- og naturfag-undervisninga på barneskulen.

Sentralt i boka er det store bjørketreet, og boka sin eg-person har eit nært forhold til dette. Sjølv om samlinga består av enkeltdikt, er der også ein litt skjult raud tråd, og forholdet mellom egpersonen og bjørka er slett ikkje statisk. Det syner seg særleg den morgonen ho/han vaknar opp og ser at vinden har velta stortreet... All annan skade på hus og hage bleiknar etter denne oppdaginga!

Eit par av mine favorittar frå samlinga:

Hengebjørk

Eg heng
etter ei hand
frå ei grein
Kjenner vinden
bølgje i trekrona
Eg er ei kongle
eller ein knopp

Mor ropar frå trappa:
No kjem du deg ned!
Men ho veit då vel
like godt som meg
at dette er ei hengebjørk


Kross på halsen

Mor har redde armar
Ho held meg sterkt inntil seg
og kviskrar venen min
venen min
det der gjer du aldri igjen

Eg blundar mot mor
Er så trøytt
Ho har så mjuke hender
som stryk meg over håret
Held ein kald klut
mot den store kulen i panna

Og eg lovar henne
kross på halsen
at neste gong eg klatrar
til topps
skal eg ikkje falle ned


Boka passar godt for aldersgruppa 7 - 12 år, og kan vere ein fin introduksjon til god lyrikk.

tirsdag 8. november 2016

Bente Bratlund: Fly, Thea! Fly!

Bente Bratlund har skrive mange bøker for barn og ungdom, og denne boka frå 2015 glir lett inn i rekka med gode historier.

Vi vert kjent med Thea, som er fosterbarn. Mora er sjuk og klarar ikkje ta vare på henne. Medan mora er på sjukehus, får Thea bu i ein familie som skil seg kraftig ut frå det ho er van til heimefrå. Her er latter og glede, og ho får vere det barnet ho er.

Thea er glad i å teikne, og ein dag vert fostermora med henne på kunstutstilling. Der vert ei ny verd opna for henne, og ho forstår at ho kanskje kan bruke den vanskelege bakgrunnen til noko positivt. Når fostermora då i tillegg melder henne på eit malekurs, får ho verkeleg mange lyspunkt inn i kvardagen!

Eit anna lyspunkt er venninna Mathilde, som før Thea kom flyttande hadde kjent seg utanfor på skulen. Dei to finn saman i lengten etter å uttrykke seg, og kunsten spelar ei viktig rolle i vennskapet deira.

Dette er ei historie ein lett vert glad i, og det er fint å sjå korleis Thea "vaknar opp" når ho finn ein måte å uttrykke seg på, og også korleis forholdet til mora utviklar seg frå berre trist til eit lite "lys i tunnellen". Det er mykje håp i boka, og trass i dei trøblete tankane og det tunge bakteppet, endar det opp som ei feel-good-bok!

Passar særleg godt for aldersgruppa 9-13 år.

mandag 7. november 2016

Erna Osland: Hør! 21 forteljingar om Eli

Erna Osland er, etter mi meining, ein av dei beste barnebokforfattarane i dag. Ho kjem stadig ut med aktuelle bøker i mange ulike sjangrar.

Denne boka kom ut for nokre år sidan, og inneheld 21 forteljingar om ei jente som heiter Eli. I kvar forteljing spelar lydar ei viktig rolle. Lydane er ein del av Eli sin kvardag, og lesarane, som ut frå tematikken kan tenkjast å gå i 1.- 4. klasse, vil kjenne lydane att frå sin eigen kvardag. Vi møter Eli i mange ulike situasjonar, og her er både latter og gråt, undring, plagsame storebrør og skumle jenter på skulevegen.

Skrifta i boka er enkel, med korte linjer og setningar, og kvar forteljing er ganske kort. Difor eignar denne boka seg godt for unge lesarar som ikkje klarar lange tekstar. Den eignar seg også svært godt til høgtlesing for same målgruppe!

søndag 6. november 2016

Tone Almhjell: Maretorn

Til alle dei som las Vindeltorn, og skulle ynskje den var ein del av ein serie: Her kjem oppfølgjaren!

I den første boka vart vi kjent med Lin, som akkurat hadde flytta til ein ny by og vekk frå barndomsvenen Niklas. I den frittståande oppfølgjaren Maretorn er det Niklas som er hovudperson. Det er no sju år sidan mora døydde, og både Niklas og onkelen har tidvis vore plaga av sterke mareritt etter dette.

Ein dag møter Niklas eit grønøygd monster i skogen, og det er tydeleg at det er ute etter å ta han. På flukta vekk, møter han ei gaupe han har møtt før. Det nye er no at gaupa kan snakke med han!

Dette er berre starten på eit fantastisk eventyr, som både inneber trolljakt, fuglar i bur, ei drukningsulukke, svarte roser og ein vindeltorn som sviktar oppgåva si totalt. Spørsmålet er om Niklas klarar å rydde opp i farene som trugar, og samtidig få svar på alle spørsmåla han ber på om mora. Og det viktigaste spørsmålet han vil ha svar på: Kvifor ville ikkje mora møte han då ho skulle døy, og kalla seg sjølv for ein Maretorn?

Boka er like spennande som Vindeltorn, og også her er det flytande grenser mellom fantasi og røyndom. Og på lik linje med Lin, må også Niklas løyse eit oppdrag som verkar meir enn umogleg.

Historia passar for alle som likar fantasy, og kanskje aller best for aldersgruppa 10-14 år.