onsdag 28. august 2013

Eitt døgn i villmarka

Som ein fast post på programmet i 10. klasse står tur til Buarekvelven med overnatting i telt. Turen er ein del av undervisninga i kroppsøving og naturfag, og på turen skal elevane blant anna leite opp og bestemme blomar og plantar i fjellet, og kunne setje ut kompasskursar og orientere seg i fjellet etter kart og kompass.

Turar av denne typen krev ein del førebuing. Blant anna må ein sjekke at gasskokarane verkar og at teltet er mogleg å setje opp...


Det er ikkje kvar dag at skuleplassen ser ut som ein campingplass!

Så kom dagen, og litt over femti elevar og fire lærarar kunne lempe sekkar på ryggen...


... og ta beina fatt oppover mot fjellet:


Véret var varmt, himmelen blå med ei og anna sky og vegen tyngst i starten. Det gjekk ikkje så lang tid før vi kom opp over "kanten", og kunne leggje i veg innover fjellet i lettare terreng.


 Det var eit mektig landskap vi bevega oss inn i!


Dei første elevane har nådd fram til leiren, ved foten av ei gedigen steinrøys under sjølve Buarekvelven:


Snart byrja telta å sprette fram som paddehattar.


Så kunne vi nyte fjellivets gleder. Første punkt på lista, nest etter å gjere klar telta, var tilberedning av mat.


Dette vart gjort i overgongen mellom dag og kveld. Her ligg halve leiren i sola, medan dei inste telta er komne i skuggen: 


Provianten på turen skulle elevane sjølve stå for, og dei ulike teltlaga måtte planleggje eit felles måltid og handle inn til dette på førehand. For oss vaksne, som gjekk rundt og prata og såg til alle teltlaga, var det lett å sjå ulikskapar i både tilreiingsmåtar og val av mat. Frå dei som kokte opp vatn og helte over i Mr. Lee-begeret sitt, til dei som gjorde seg litt meir umake:


Når vi på førehand seier at det er heilt greit med snop, må vi vel berre rekne med at det også dukkar opp proviant av denne typen:


Eg reknar med at den sekken var noko lettare å bere ned att enn opp!

Så kom kvelden sigande, med mørke og noko kaldare luft.


Då er det greit å kunne setje seg rundt eit bål! Eg lovte å skrive kven som skulle takkast for at det var teke med nok ved til å lage bål, så takk Osmund, Glenn og Oddvar!


For nokon av oss kom natta og søvnen ikkje så lenge etter kvarandre, for andre tok det lengre tid å sovne. Til slutt senka roen seg over leiren, og i ly av mørket kom tåka sigande. 


Heldigvis forsvann den att med dagslyset. Sakte men sikkert vakna leiren til live att, og gjorde seg klar til dagens oppgåver (Dei førnemnde kart/kompass- og blomar/plantar-oppgåvene)


Eg tok meg ein tur opp under ein hellar i steinura bak leiren. Der var det murt opp ved dei fleste opningane, og laga til eit lite rom inni:


Dei seier at denne hellaren vart brukt aktivt til stølsdrift i gamle dagar. Eg kan ikkje tenkje meg anna enn at det må ha vore ein rein sommarstøl, for den var temmeleg luftig. Det var nok likevel ikkje den verste plassen å sitje på varme sommardagar, med denne utsikta frå "stova":


Så, heilt plutseleg, etter nesten eit døgn i fjellet, forsvann heile teltleiren.


Vi gjorde oss klare til å gå. Eit siste orienteringsmøte før avmarsj...


... og så sette vi i veg, ned att til ventande bussar og resten av sivilisasjonen.


 Då er det berre etterarbeidet og rapportskriving att...

1 kommentar: