fredag 31. august 2012

Stilskriving

I desse dagar sit elevane mine og sveittar over ei stiloppgåve eg har gitt dei. Det er ikkje berre enkelt å skrive stil, men min påstand er at elevar har godt av å skrive norsktekstar.


For det første treng dei trening i å skrive før dei skal opp til ein eventuell eksamen i 10. klasse. Dess fleire tekstar dei har skrive før den tid, dess betre grunnlag har dei for å skrive gode tekstar på eksamen. Som lærar har eg sjølvsagt dette langtidsperspektivet i hovudet heile tida. Eg ynskjer å gje elevane mine eit så godt grunnlag for eksamen som mogleg.

Likevel er det ikkje berre eksamen som tel på ungdomsskulen. Sett på spissen vil eg seie at eksamen ikkje er så viktig i det heile. Det viktige er at elevane kan noko, at dei har lært det dei bør lære. Så kan det sjølvsagt diskuterast kva elevane skal kunne, og vi vil aldri komme fram til noko eintydig svar på dette. Læreplanen legg sterke føringar, men vi kan ikkje vite om det utvalet dei har gjort er det hundre prosent riktige. Trass i det, trur eg at det å skrive tekstar er ein av dei tinga elevar absolutt bør kunne.

Elevane bør blant anna kunne skrive eigne tekstar, for å betre forstå det andre skriv. Det å tolke bodskap og meining inn i andre sine tekstar er ikkje alltid like lett. Det trengs mykje øving for å få det til. Å lese er ein god start, men viss ein i tillegg får lære å skrive sjølv, vert vegen til forståing mykje kortare. Då forstår ein meir av dei grepa ein skrivar er nøydd til å ta, ein legg merke til val andre har gjort og kanskje ser ein noko som kunne vore gjort betre.

Å kunne skrive er i alle fall naudsynt viss elevane har tenkt å delta i samfunnsdebatten. Skal dei skrive lesarinnlegg til ei avis, eller ein tekst i kva som helst annan situasjon, er det heilt naudsynt å vite kva krav sjangeren stiller, og korleis ein kan formulere seg. Dess meir skriving ein har bak seg då, dess lettare vert det å ta fatt på oppgåva. Og ikkje minst: Ein vert teken meir seriøst viss ein skriv godt for seg, og ikkje let teksten komme i vegen for bodskapet!

Somme av elevane vil kanskje utdanne seg innan eit eller anna skrivande yrke. Kanskje sit det ein framtidig journalist i klassen, eller kanskje til og med ein forfattar! Også dei skriveglade skal få sin bit av skulekaka, og få sjansen til å utvikle sine talent. All den tid alle elevar skal fullføre det same tiårige løpet, må ein difor også legge stor vekt på den basisdugleiken som skriving er.

Når det gjeld utbyttet elevane sjølv sit att med etter å ha ført ein stil i pennen, er det ikkje berre skrivedugleik å hente. I prosessen må ein nemleg setje hjernecellene i sving på mange måtar. Kanskje må ein lære seg noko nytt før ein skriv. Kanskje oppdagar ein nye, ukjente ting undervegs. Kanskje må ein finne tak i eit ord ein ikkje kunne frå før. Og undervegs, gjennom heile skrivinga, vert nye hjernebaner kopla saman, og elevane kjem ut som meir kunnskapsrike og modne menneske. Det er nok vanskeleg å måle denne modninga med noko instrument, men den er der.  Elevane vert meir dugande menneske for kvar stil dei skriv!

Til sjuande og sist kokar det heile ned til eit spørsmål om komfort. Fritid sett opp mot arbeid, skrivetid og tenkjetid sett opp mot avslapping og pause. Klart ein vel det enklaste, viss ein får valet. Men det er ikkje alltid at det enklaste er det beste… Kroppen vår utviklar seg ved trening og aktivitet. Hjernen vår utviklar seg ved tenking og bruk. Ein kan aldri bruke hjernen for mykje.

Alt i alt vil eg seie at alle fordelane ein oppnår ved å skrive er så mykje større enn den innsatsen ein må leggje ned. Det er kanskje eit ork å kjempe seg gjennom ein skulestil, men tru meg: Det er verdt det. Plutseleg ein dag kan du finne deg sjølv sitjande og skrive ein tekst, ikkje fordi du må, men fordi du har lyst!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar