torsdag 15. januar 2015

Finne ly - Aina Basso

Aina Basso er ein forfattar eg har stor glede av å lese. Språket er lett og poetisk, og bileta ho teiknar av personar og stadar trer levande fram i hovudet. I tillegg fortel ho om viktige historiske hendingar, situasjonar som eg veit lite om frå før. Eg har tidlegare lest boka "Inn i elden", som handlar om hekseprosessane i Finnmark.

I boka "Finne ly" er det tatarane som er i fokus. Vi vert kjent med den unge taterjenta Hanna, som har rømt frå tukthuset og søker tilflukt på ein sideliggjande gard, midt i ein skog. Her finn ho ly, og lever ein heil sommar som tenestejente på garden.

Så ein dag kjem eit taterfylgje og slår seg ned i nærleiken, og skuggane frå fortida dukkar opp att. Hanna vert trekt mellom lojaliteten til sitt eige folk, lengsla etter fridom og tryggleiken i det å leve "normalt". Så begynner stemninga i bygda å bli hissig, etterkvart som ting forsvinn frå ulike hald, og skulda fell på tatarane. Noko må gjerast for å hamle opp med utøyet...

"Finne ly" har spenning både på det indre og det ytre planet. For min eigen del er det den indre reisa til Hanna som er mest spennande. Drakampen mellom dei ulike måtane å leve på, og korleis ho opplever møtet med det "vanlege" livet. Og korleis ho til slutt er nøydd til å bestemme seg for kva side ho vil stå på - korleis ho vil at livet skal vere.

Heile vegen er det poetiske språket der. Herleg, flytande nynorsk, og vakre naturbilder som eit bakteppe for både indre strid, forelsking, mistru, håp og hat. Det er rett og slett vakkert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar