Hovudpersonen i boka heiter Clay Jannon, og er ein ung vaksen, på veg ut i arbeidslivet. Han er utdanna designer og har akkurat mista sin første, korte jobb. På jakt etter arbeid kjem han tilfeldigvis over bokhandelen til hr. Penumbra, som søker ny medarbeidar. Han får jobben, og finn seg plutseleg som nattevakt i verdas merkelegaste bokhandel. Det er lite kundar, og dei fleste som kjem innom låner bøker som ikkje er å finne i den vanlege søkemotoren. Clay begynner å undersøke saka, og er snart innblanda i eit 500 år gamalt mysterium og ei mystisk, hemmeleg rørsle som jaktar på ein tapt kode.
Clay engasjerer venene sine, og finn undervegs ut kva som er hans verkeleg sterke side. Boka er godt skrive, og er, i tillegg til mystikken og fantasyen, eigentleg ei feel-good bok. Her er ikkje noko Mordor, eller Capitol eller nokon Voldemort som trugar i kulissene. Her er dei som motarbeidar Clay, men dei gjer det på svært menneskeleg vis.
Forfattaren, Robin Sloan, har jobba mykje innanfor teknologibransjen, og i boka spelar bruken av ny teknologi ei avgjerande rolle.
Den norske oversetjinga er for det meste god, men forlaget har hatt det litt for travelt med korrekturen. Ein del irriterande skrivefeil skjemmer teksten. Særleg gjeld dette namna til hovudpersonane, som veldig ofte vert stava feil. Ei så pass god bok hadde fortent betre rettskriving.
Boka er for alle som er glad i bøker om gamle mysterier, iblanda litt fantasy og moderne teknologi. Den er ikkje for dei som søker skumle bøker, med halsbrekkande handling og fæle skurkar...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar