fredag 20. juni 2014

Avslutningsfest!

Så var vi komne til vegs ende. 10A og 10B er ferdige på Sand skule, og skal ut i den store verda. Vi som har vore så heldige å få ha dei desse tre åra på ungdomsskulen, inviterte til avslutningsfest på kulturhuset i går kveld. Her står rektor og ventar på at ungdomar og foreldre skal komme:


Det var mykje teknikk som skulle på plass denne kvelden, og viktig å teste mikrofonar og datakoblingar på førehand. Rett før halv åtte var det meste klart, og vi kunne ynskje velkommen til denne gjengen:


Elevane hadde fleire innslag, der dei song til kvarandre, heldt talar, song og dansa. Det var kjekt å både sjå og høyre! Etter ein liten kaffipause, var det vi lærarane sin tur til å gå på scena, med blant anna "den store klassefesten 2034", tale til elevane og utdeling av dikt og roser. Til slutt delte rektor ut vitnemåla.


10A har vore ein usedvanleg hyggeleg klasse, og kvelden i går sette eit verdig punktum på åra vi har hatt i lag. Det har vore mykje slit, hardt arbeid, trøytte fjes, glade fjes, keisame timar, artige timar, interessante tema, engasjerte elevar, sinne, humor, irritasjon, samtalar, diskusjonar, raske replikkar.... Og så endar vi altså opp her, med denne fantastiske gjengen:



Takk for åra vi fekk ha dykk, og lukke til vidare i livet!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar