mandag 31. mars 2014

Skidag!

Sjå for deg ein vindstille dag. Det er blå himmel og sola varmar så det held. Du har ein heil dag til disposisjon ute i vakker natur, du har ski på beina, niste i sekken og vener rundt deg på alle kantar. Der har du dagen vår i dag - skidag i Breiastølsdalen!



Vi hadde vel gått i om lag sju minutt, då vi kjende at det vart vel varmt med jakke på...


Flott klasserom:


Ski på avvegar...




Klar for skiskytingskonkurranse (fellesstart...), etterfulgt av skiskytingsstafett:


Det var tung motbakke, og på toppen venta ein rockering som skulle treffast på x meter avstand. 


Varme og sveitte, og forhåpentlegvis glade, tilbake på bussen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar