søndag 30. juni 2013

50 Cent: Playground

I boka Playground vert vi kjent med trettenåringen Butterball, som etter å slått ned ein skulekamerat må møte til samtalar to gongar i veka hos terapeuten Liz. Samtalane går trått, for Butterball har verkeleg ikkje lyst til å vere der, og i alle fall har han ikkje lyst til å fortelje kvifor han slo ned kameraten.

Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.

På skulen er Butterball underdog, men får ein viss status hos dei tøffe gutane etter episoden der han gav juling til kameraten.

Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.

Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.

Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.

Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!

Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar