Snart er det juleferie, og vi kan leggje bøkene på hylla eit par veker. Desse bøkene har vore på hylla ganske lenge allereie. I kva for eit rom?
torsdag 19. desember 2013
onsdag 18. desember 2013
Adventskalender 2013 #18
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
tirsdag 17. desember 2013
Adventskalender 2013 #17
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
mandag 16. desember 2013
Adventskalender 2013 #16
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
søndag 15. desember 2013
Adventskalender 2013 #15
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
lørdag 14. desember 2013
Adventskalender 2013 #14
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
fredag 13. desember 2013
Adventskalender 2013 #13
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
torsdag 12. desember 2013
Adventskalender 2013 #12
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
onsdag 11. desember 2013
Adventskalender 2013 #11
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
tirsdag 10. desember 2013
Adventskalender 2013 #10
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
mandag 9. desember 2013
Adventskalender 2013 #9
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
søndag 8. desember 2013
Adventskalender 2013 #8
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
lørdag 7. desember 2013
Adventskalender 2013 #7
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
fredag 6. desember 2013
Adventskalender 2013 #6
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
torsdag 5. desember 2013
Adventskalender 2013 #5
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
onsdag 4. desember 2013
Adventskalender 2013 #4
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
tirsdag 3. desember 2013
Adventskalender 2013 #3
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
mandag 2. desember 2013
Adventskalender 2013 #2
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
søndag 1. desember 2013
Adventskalender 2013 #1
Kor godt kjenner du Sand skule? Vi får begynne med eit bilde som eg trur mange vil kjenne att. Ser du kva for rom dette bildet er teke i?
Kvar dag fram mot juleferien vert det lagt ut eit nytt detaljbilde frå skulen. Kor mange klarar du å identifisere?
Kvar dag fram mot juleferien vert det lagt ut eit nytt detaljbilde frå skulen. Kor mange klarar du å identifisere?
Etiketter:
advent,
adventskalender,
detaljbilde,
skule
tirsdag 24. september 2013
Ord
Orda er små vindauge,
luker du kan opne
Med orda kan du sjå
inn i hjarta, ut i verda
Som armar strekt ut
til fjerne galaksar
Som luper - vendt innover
mot tankar så nære at dei svir
Orda er små vindauge
og dører - mellom meg og deg
luker du kan opne
Med orda kan du sjå
inn i hjarta, ut i verda
Som armar strekt ut
til fjerne galaksar
Som luper - vendt innover
mot tankar så nære at dei svir
Orda er små vindauge
og dører - mellom meg og deg
lørdag 31. august 2013
Viskelær (-eit kåseri)
I dag feirar eg eit aldri så
lite jubileum. Eg feirar ikkje stort, festen består stort sett av meg sjølv og
ein liten pakke med rosiner, men det kan vere koseleg nok. Eg lar, som det
heiter, dagen passere i stillhet, endå det som skal feirast er stort nok i seg
sjølv. I dag delte eg nemleg ut viskelær nummer hundre, og den uheldige eleven,
som hadde stava Elfenbein feil, spanderte eit smil då eg la viskelæret på
pulten framfor han. Ja, berre smil
du, tenkte eg. Og meinte det. Det er godt at folk er glade på slike dagar.
Den gongen, då eg sjølv
gjekk på skulen, hadde viskelæra namn. Dei heitte Snorre, oppkalla etter den
store vikingjournalisten som dekka dei fleste kampar og slag i vikingtida.
Gjennom hans velformulerte artiklar fekk både supporterar og andre interesserte
følgje med på sine favorittkongar, og om dei avanserte eller rykka ned i
kongestriden. Det var knapt eit tørt auge att i salen etter at Snorre sine
skildringar hadde blitt lest opp, og vi kan vel tilskrive sjølve
vikingidentiteten vår til gode herr Sturlason.
Viskelæret eg delte ut var
heilt kvitt, forma som eit rektangulært prisme og elles veldig standardisert
etter den norske skulen sine behov. Elfenbin vart omhyggeleg omgjort til
Elfenbein, og eg et rosinpakken min i sikker visse om at dagen vart eit lite
hakk betre, både for eleven, for ordet Elfenbein og for meg sjølv. Tankane flyr
tilbake, med eit historisk sus i vengjene, til midt på åttitalet. Då troppa eg
opp på skulen med nyinnkjøpt sekk, matboks og pennal med blyant, blyantspissar
og viskelær. Mitt første viskelær. Kven kan vel gløyme det?

Likevel, det var ikkje alle
som likte han. Dei tapande kongane kom stadig med truslar mot mannen dei meinte
var ein ryktemakar og landssvikar, og dei var så hissige at han til slutt måtte kjøpe seg sete hos SAS og fly til
Island. Her gøymde han seg i eit vulkankrater, medan motstandarane prøvde å
slette historiene hans frå dagsordenen. Dei fekk seg likevel ikkje til å kaste
heile avisene. Desse avisene måtte gå på rundgang i bygda (Det var trass alt
ikkje så lett å handskrive eigne aviser til kvar abonnent), og dei inneheldt
nyhende frå England, med informasjon om dei mest innhaldsrike klostera, og
teikneseriar med Hårek og Kark. Derfor måtte dei finne ein måte å få vekk berre
delar av teksten på, og vips var Snorre-viskelæret oppfunne.
Denne nye oppfinninga vart
veldig populær, særleg blant lærarane i ungdomsskulane. Kvar gong elevane kom i
fare for å uttrykke kjensler eller vise svakhet i stilane sine, løfta lærarane
på augelokka og påstod at dei hadde “begått ein Snorre”. Etterpå drog dei fram
det berykta viskelæret, og elevane gispa i ærefrykt over vidunderet. Den
stakkars eleven måtte viske vekk dei dårlege bitane av teksten sin, medan dei
andre såg på med store auge.
Dessverre vart dette noko
dei fleste elevane hadde lyst til å gjere, og dermed byrja dei første
skrivefeila å bre om seg. Elevane skreiv rett og slett feil med vilje, berre
for å få viske med Snorre-viskelæret. Til slutt var det heilt brukt opp, og
læraren måtte bestille nye. Ja, dei vart så populære at det vart bestilt inn
heile klassesett med viskelær, og elevane skreiv og viska for harde livet. Det
var den beste dagen i liva deira, nokon sinne.
Uvitande om alt dette, sat
Snorre i krateret sitt på Island og skreiv hatbrev til vikingkongane og
lærarane som hadde jaga han frå landet. Dette var sjølvsagt litt irriterande,
så dei sjøsette båtane og fann han etter ei lang og intens jakt.
Han hadde gøymt seg i ein
liten jordkjellar under hytta si, og var nesten ikkje til å kjenne att. Mest
fordi han ikkje hadde barbert seg eller klipt håret på over fire dagar. Dei
fortalte Snorre om det populære viskelæret, noko som gjorde han svært glad. Det
vart likevel ei kortvarig glede, for neste dag då han vakna og skulle stå opp,
hadde dei drepe han så han var død.
Etter dette slutta hatbreva
å strøyme ut frå krateret, og flya kunne igjen frakte byråkratar og
pakketuristar mellom Island og resten av verda. Den vesle øya var då nesten
heilt gløymt av folk flest, og Snorre også. Berre viskelæret og tekstane han
hadde skrive var att. Heldigvis fantes det GHB-ar også på den tida, gamle damer
med Grått Hår og Briller, som stilte seg veldig skeptisk til nymotens
oppfinningar, som ski, vaffeljern, såpe og viskelær. Dermed vart ein del av
tekstane til Snorre tekne vare på til ettertida, og vi kan lese dei i dag.
Dessverre vart ikkje nokre av hatbreva redda frå vikingkongane sine viskeglade
hender.
Snorre-viskelæra var
populære i skulen heilt fram til 1990-talet, og norske barn kunne stolte komme
heim med ein Snorre i pennalet første skuledag, få ein klapp på skuldra og ein
klem av foreldre, som med tårer i augekroken endeleg kunne sjå at også deira
son eller dotter kom til å bli til noko, og føre tradisjonane vidare.
Det heile tok ein brå slutt
då innkjøpssjefen snubla i ei diger bok på veg ut frå
soverommet og brakk alle
beina i fallet. Medan han låg der, hadde han ikkje anna å gjere enn å lese i
boka, som tilfeldigvis var ei utgåve av Snorre. Då dei fann han, tre timar
seinare (For dei hadde ikkje mobiltelefonar på den tida, så det gjekk ufatteleg
med tid før fråværet vart registrert), hadde han fått ein så enorm overdose med
Snorreforteljingar, at han aldri meir ville sjå namnet for sine auger. Dermed
overtok Faber-Castell, som kom frå den tidlegare utplyndra vestkysten av
Storbritannia, heile jobben med å skaffe viskelær, og Snorre-viskelæret vart
raskt gløymt av den oppveksande slekta.
For oss historielærarar er
det ganske trist å sjå korleis elementær kunnskap gradvis forsvinn frå skulen,
og den halvtomme viskelærboksen på kateteret framfor meg er ei sår påminning om
nettopp dette. Dei ligg og ropar etter å bli brukte, medan elevane sit,
uvitande om det historiske vakuumet dei befinn seg i, framfor datamaskinene og
trykker i veg på svarte plastikknappar. Kven har bruk for viskelær i dag, med
delete-knappen lett tilgjengeleg oppe til høgre, og staveprogram som rettar dei
verste feila automatisk? Då eg delte ut viskelær nummer 99, for snart tre år
sidan, planla eg feiringa av hundreviskelærsjubileumet i detalj; bestilte kake,
smellbon-bonar og inviterte hundre gjestar. Det heile vart, som du forstår, ein
fiasko frå ende til annan.
Så denne dagen får passere i stillhet. Berre eg, rosinpakken og det
gamle Snorreviskelæret frå 1. klasse, som eg sjølvsagt har teke vare på. Eg er
då trass alt ein ekte viking. Eg hugsar kor eg kjem frå.
Etiketter:
historie,
kåseri,
skule,
skulemateriell
onsdag 28. august 2013
Eitt døgn i villmarka
Som ein fast post på programmet i 10. klasse står tur til Buarekvelven med overnatting i telt. Turen er ein del av undervisninga i kroppsøving og naturfag, og på turen skal elevane blant anna leite opp og bestemme blomar og plantar i fjellet, og kunne setje ut kompasskursar og orientere seg i fjellet etter kart og kompass.
Turar av denne typen krev ein del førebuing. Blant anna må ein sjekke at gasskokarane verkar og at teltet er mogleg å setje opp...
Det er ikkje kvar dag at skuleplassen ser ut som ein campingplass!
Så kom dagen, og litt over femti elevar og fire lærarar kunne lempe sekkar på ryggen...
... og ta beina fatt oppover mot fjellet:
Véret var varmt, himmelen blå med ei og anna sky og vegen tyngst i starten. Det gjekk ikkje så lang tid før vi kom opp over "kanten", og kunne leggje i veg innover fjellet i lettare terreng.
Det var eit mektig landskap vi bevega oss inn i!
Dei første elevane har nådd fram til leiren, ved foten av ei gedigen steinrøys under sjølve Buarekvelven:
Snart byrja telta å sprette fram som paddehattar.
Så kunne vi nyte fjellivets gleder. Første punkt på lista, nest etter å gjere klar telta, var tilberedning av mat.
Dette vart gjort i overgongen mellom dag og kveld. Her ligg halve leiren i sola, medan dei inste telta er komne i skuggen:
Provianten på turen skulle elevane sjølve stå for, og dei ulike teltlaga måtte planleggje eit felles måltid og handle inn til dette på førehand. For oss vaksne, som gjekk rundt og prata og såg til alle teltlaga, var det lett å sjå ulikskapar i både tilreiingsmåtar og val av mat. Frå dei som kokte opp vatn og helte over i Mr. Lee-begeret sitt, til dei som gjorde seg litt meir umake:
Når vi på førehand seier at det er heilt greit med snop, må vi vel berre rekne med at det også dukkar opp proviant av denne typen:
Eg reknar med at den sekken var noko lettare å bere ned att enn opp!
Så kom kvelden sigande, med mørke og noko kaldare luft.
Då er det greit å kunne setje seg rundt eit bål! Eg lovte å skrive kven som skulle takkast for at det var teke med nok ved til å lage bål, så takk Osmund, Glenn og Oddvar!
For nokon av oss kom natta og søvnen ikkje så lenge etter kvarandre, for andre tok det lengre tid å sovne. Til slutt senka roen seg over leiren, og i ly av mørket kom tåka sigande.
Heldigvis forsvann den att med dagslyset. Sakte men sikkert vakna leiren til live att, og gjorde seg klar til dagens oppgåver (Dei førnemnde kart/kompass- og blomar/plantar-oppgåvene)
Eg tok meg ein tur opp under ein hellar i steinura bak leiren. Der var det murt opp ved dei fleste opningane, og laga til eit lite rom inni:
Dei seier at denne hellaren vart brukt aktivt til stølsdrift i gamle dagar. Eg kan ikkje tenkje meg anna enn at det må ha vore ein rein sommarstøl, for den var temmeleg luftig. Det var nok likevel ikkje den verste plassen å sitje på varme sommardagar, med denne utsikta frå "stova":
Så, heilt plutseleg, etter nesten eit døgn i fjellet, forsvann heile teltleiren.
Vi gjorde oss klare til å gå. Eit siste orienteringsmøte før avmarsj...
... og så sette vi i veg, ned att til ventande bussar og resten av sivilisasjonen.
Då er det berre etterarbeidet og rapportskriving att...

tirsdag 2. juli 2013
Taran L. Bjørnstad: Picassokvinnen
Angelika er einsam. Ho er ikkje som alle andre, og vil vere mest mogleg aleine. Ho vil spare seg for smerta ved å bli glodd på, bli sett ned på.
Angelika har eit syndrom som gjer henne annleis. Ansiktet hennar ser ikkje ut som alle andre sine ansikt. Difor gøymer ho seg vekk på rommet, og utgir seg for å vere ein heilt annan på internett. På nettet er ho grensesprengande, modig og framfus. På nettet tørr ho gjere alt det ho ikkje vågar i det verkelege livet.
Simen er hennar einaste venn. Simen er narkoman, og er sliten. For Simen er Angelika spesiell, og oppmuntrar henne og gir henne støtte. Han får henne til å love å utforske livet. Finne ut om det er verdt å leve.
Så er Simen borte.
Angelika må utfordre seg sjølv på eiga hand, med løftet til Simen som einaste drivkraft.
Boka "Picassokvinnen" teiknar eit nært og inderleg bilete av ei jente som er annleis. Ei jente som ikkje passar inn i vår kroppsfikserte verd. Ei jente som opplever å bli dømt - ut frå utsjånaden og ikkje den ho verkeleg er.
Eg likte denne boka svært godt. Først og fremst på grunn av det nære portettet som vert gitt av Angelika. Boka seier ikkje noko om kva slag syndrom ho har, før mot slutten, og det er berre fantasien som kan teikne opp utsjånade hennar. Likevel gjorde eg dette i liten grad, for tankemonologane og den sterke teksten dreiv forteljinga framover, og viser Angelika som ei ganske så normal jente. Inni er ho som andre, bortsett frå såra ho ber med seg og eit ansikt som skil seg frå andre.
Denne boka burde nesten vore obligatorisk for alle ungdomsskuleelevar å lese. Kanskje kunne den vere med på å utvide horisontar, og auke forståinga for dei som ser annleis ut. Det er som det heiter i songen: "Alle er forskjellig, men det er utenpå..." Inni går vi rundt med dei same spørsmåla og den same redsla for å bli utstøytt. Inni er vi like.

søndag 30. juni 2013
50 Cent: Playground
I boka Playground vert vi kjent med trettenåringen Butterball, som etter å slått ned ein skulekamerat må møte til samtalar to gongar i veka hos terapeuten Liz. Samtalane går trått, for Butterball har verkeleg ikkje lyst til å vere der, og i alle fall har han ikkje lyst til å fortelje kvifor han slo ned kameraten.
Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.
På skulen er Butterball underdog, men får ein viss status hos dei tøffe gutane etter episoden der han gav juling til kameraten.
Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.
Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.
Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.
Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!
Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!
Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.

Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.
Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.
Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.
Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!
Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!
lørdag 29. juni 2013
Matched - Crossed - Reached
Forfattaren Ally Condie har skrive ein strålande trilogi som har fått namnet Matched. Handlinga er lagt til eit post-moderne USA, der verda som vi kjenner den i dag har gått dukken. I staden har det vokse fram eit dystopisk framtidssamfunn, der mange av byggesteinane i dagens demokrati er borte. Handlinga foregår på ein stad som ganske enkelt har fått namnet Samfunnet. Dei som lever i Samfunnet, lever kontrollerte og avsondra liv, der dei skal skjermast for alt som er vondt eller opprørande.
For å halde kontroll på innbyggarane, har leiarane i Samfunnet bestemt seg for å øydelegge det meste av kulturuttrykka frå vår tid. Dei let berre hundre dikt, hundre songar og hundre maleri overleve utrenskinga. I det nye Samfunnet er det heller ingen som treng å kunne skrive, så det er berre nokre ytterst få som kan dette.
I den første boka, som på norsk har fått tittelen Cassias valg, vert vi kjent med dei tre hovudpersonane Cassie, Xander og Ky. Forelskelse og kjæresteri er overflødig i det nye Samfunnet. Når ein er 17 år, vert ein matcha (derav namnet Matched) med den personen ein avansert database har funne ut ein passar best saman med. På den måten kan ein oppnå maksimalt lukkelege par, som passar perfekt saman.
Boka startar med at Cassie er på veg til sin matchingbankett, der ho skal få vite kven som er hennar match. Ikkje alt går etter planen denne dagen, og Cassie byrjar etterkvart å stille spørsmål ved enkelte sider av Samfunnet. Er alt så perfekt som dei som styrer vil ha det til? Når ho etterkvart vert kjent med Ky, og lærer at livet inneheld meir enn det Samfunnet har presentert for henne til no, byrjar grunnvollane i tilværet hennar å svikte.
I dei to neste bøkene, Crossed (Flukten) og Reached (Opprøret), fyljer vi Cassie, Xander og Ky vidare på ferda mot å avsløre dei mørke sidene ved Samfunnet.

Det er fleire ting eg likar godt med denne serien. For det første er det framsidene på bøkene, som er metta med symbol og på ein god måte illustrerer innhaldet. Vidare er det sjølvsagt ei spennande handling, men på ein heilt annan måte enn eg hadde trudd då eg las første boka. I starten, når Cassie byrjar å opponere mot Samfunnet, verkar alt nemleg ganske svart-kvitt, og det er tydeleg kva som er rett og kva som er gale, og kva ho må gjere for å verte eit fritt menneske. Etterkvart som handlinga skrid fram, viser det seg at alt ikkje er så svart kvitt. Kan ho i det heile stole på noko eller nokon i den verda ho lever i?
Historia rullar fram, og i bok tre byrjar bitane å falle meir og meir på plass, og løysinga på det heile var, i alle fall for min del, svært overraskande.
Som eit eige lag i boka, er spørsmåla om ytringsfridom, pressefridom og valfridom heile tida nærværande. Cassie får to dikt av bestefaren sin då han skal dø (Samfunnet har bestemt at alle skal dø når dei er 80 år, på den måten er det ingen som treng å oppleve lidelse og tap av verdighet i alderdomen). Desse to dikta høyrer ikkje til dei 100 lovlege dikta i Samfunnet, og ho må halde dei hemmeleg. Orda er svært verdifulle, men kven kan ho betru dei til? Og ikkje minst vil ho gjerne vite kva bestefaren vil seie til henne gjennom dei to dikta.
Det skrivne ord, særleg i form av dikt, og også teikningar, songar, maleri og andre kunstuttrykk, er marginaliserte i Samfunnet, og får ein sentral plass i handlinga.
Bakteppet i historia, eit post-historisk USA, og eit dystopisk og overkontrollert samfunn, kan minne mykje om den verda som vart skapt av Suzanne Collins i "The Hunger games". Likevel skil Condie si verd seg ut på mange punkt, og bøkene er langt frå like. Likevel trur eg at mange av dei som likte "The Hunger Games", også vil like Matched-trilogien.

Abonner på:
Innlegg (Atom)