tirsdag 18. september 2012

Gjennombrot på Sand skule: Nytt molekyl oppdaga!

I dag vart det gjort ei oppdaging som kjem til å revolusjonere heile vår tenking rundt molekylære samanhengar. To elevar oppdaga heilt tilfeldig, som det jo ofte er når store ting vert oppdaga (Ta for eksempel Columbus, som fann noko veldig stort),  eit nytt og hittil ukjent molekyl. Ein rapport er allereie på veg til Nobelkomiteen, og det er ikkje urimeleg å tenkje at dei to unge forskarane sit med kvar sin Nobelpris i fysikk før året er omme.

Dei to forskarane viser villig fram det nyoppdaga molekylet:


Av omsyn til mogleg høgt mediatrykk, og dertil ein straum av interesserte og tilhengjarar som kan komme til å forstyrre det vidare arbeidet med molekylet, ynskjer dei to elevane å vere anonyme. "Omar" og "Christopher" (La oss kalle dei det) har vanskar med å forklare korleis den store oppdaginga skjedde. Det einaste dei veit sikkert, er at dei aldri før har sett eit liknande molekyl.


Det som er ekstra unikt, og som forbløffar ei heil forskarverd, er at det for første gong er oppdaga eit karbonbasert molekyl, der det eine karbonatomet berre har inngått tre elektronparbindingar. Det er med andre ord eit umetta og svært reaktivt molekyl, og det er umogleg å sjå for seg korleis det vil oppføre seg viss ein for eksempel let det reagere med hydrogen. Ein kan ikkje utelukke ein kraftigare reaksjon enn den hittil kjente hydrogenbomba.


"I så fall ser vi behov for å opprette ein pris tilsvarande Nobels fredspris. Det var ikkje vår meining å tilføre endå meir valdelege våpen til verda, men gjort er gjort, ikkje noko å gjere med det," er svaret eg får frå "Omar" når eg konfronterar han med dei moglege følgjene.

Det vert spennande å følgje med i det vidare arbeidet med molekylet, og det er i alle fall sikkert at dette ikkje er det siste vi har sett til dei to unge genia.

1 kommentar: