tirsdag 22. januar 2013

Skøytedag på Suldalsvatnet

Den siste veka har det lege skøytesikker is på mange vatn og fjordarmar i kommunen, og vi nytta høvet til å ta med oss elevane ut på ein liten skøytedag på Suldalsvatnet! Tre fulle bussar frå Sand og opp til Vikane, og ein god gjeng med ungdommar som kasta seg ut på glatta. Her er nokre glimt frå turen:






Hockeykamp
Krypekonkurranse
Fysikkforsøk med eld og gass innestengt i isen!
Mange varma seg etterkvart rundt bål i strandkanten

Rett før vi skulle gå, kom sola også til Vikane...
Oppbrot. Slitne bein frigjer seg frå skøyter, og gjer seg klar til heimreise.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar