lørdag 7. juli 2012

Største grill gjer meg vill

Kjafø, står det med store bokstavar, gull på svart, liksom brent inn i den flotte grillen. Kjafø? Aldri høyrt om det før, men det ser ut til å vere ein fin grill, med mange gode funksjonar. Eg trippar endå ein runde rundt vidunderet. Eg får vatn i munnen når eg ser på den blanke grillrista, tenkjer på alt eg kan grille der. Hamburgarar, baconpølser, kotelettar, svineribbe, kyllinglår, marinert laks med kviløksaus og rømmedipp og slik frisk salat med sure agurkar og eit dryss nymalt pepper og… Ja, viss eg kjøper den då. Den er litt dyr. Tretusenfirehundreogsytti. Eg har aldri eigd ein så dyr grill før.

Butikkeigaren stirrar på meg frå andre sida av lokalet. Han ser litt skeptisk ut, heilt tydeleg. Sikkert ikkje kvar dag han har kundar som kretsar over tjue gongar rundt grillane hans. Eg veit eg har vore her mistenkjeleg lenge, men eg kan ikkje noko for det. Kjafø-grillen har liksom hypnotisert meg, eg klarar ikkje rive meg laus. Fornuften min seier at eg bør pelle meg vekk, for noko så dyrt har eg ikkje råd til.

Etter endå ti tause minutt, med stirring frå dei ansatte, og nesten-sikling på den flotte grillen, vågar eg meg nærare skranken, og kremtar. Spør om eg kan få litt hjelp med den grillen der borte. Litt motvillig fyljer butikkmannen etter meg, og fortel om finessane. Fortel at det er den største og dyraste grillen dei nokon gong har hatt i butikken, og at den kan steike ei utruleg stor mengde kjøtt på ein gong, utan at noko vert svidd. Dei har faktisk svi-garanti, men på det punktet trur eg dei viser litt overmot. Eg svir alltid maten eg grillar, i alle fall på den eine sida.

Så fortel han om ekstrautstyret, kor lett den er å halde rein og kven som har kjøpt den før. Ein del store namn på den lista, visst. Medan han pratar, kjenner eg det begynner å klø under fotsolen, endå meir enn før. Det prikkar oppover leggen og låra, og snart kjenner eg kløen bre seg ut til heile kroppen.

Eg strevar for å halde det inne, og halde meg i ro, men det er nett som om kroppen nektar å samarbeide lenger. Eg kjempar mot meg sjølv, kjenner sveitten piple nedover panna, medan butikkmannen pratar om temperaturinnstillingar og ulik grillstyrke på ulike sider av grillen. At den kan varierast, berre med å flytte ein hendel… Då klara eg ikkje meir.

Eg sprett som ein sprettball opp på grillrista, dansar rundt med bøy i knea og skjelvande hender, medan eg ropar ut diktet som har bygd seg opp inni meg, sakte men sikkert, heilt frå eg først fekk auge på grillen:

Største grill
Gjer meg vill
Byr meg steike
Ei stor sild

Saft og suse
Pølser bruse
Fyller opp i
Kaffekruset

Grillen grille
Fjorten ville
Store sauer
På ei rille!

Etterpå synk eg saman, det er som all energi berre renn ut av kroppen min og ned i den flotte Kjafø-grillen. Butikkmannen stirrar på meg med store auger, og ryggar rådvill eit steg bakover. Eg forstår at denne grillen kan eg berre drøyme om.

Og det kjem eg nok til å gjere.

(Tekst: Ole Jørgen. Svar på utfordring frå elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar