fredag 30. januar 2015

Bil

Skulle ønske eg var ein bil
Skulle ønske eg hadde høglytte horn
og firehjulstrekk
Skulle ønske eg kunne rulle
ut i verda og kjenne fridomen
som vind i håret

Då skulle eg krysse alle kontinent
Då skulle eg sjølv bestemme retninga
og rulle fram for eigen motor
Då skulle eg tute utanfor huset ditt
og be deg vere med




(Ønskedikt, skrive i samband med diktundervisning i norsktimane for tida)

tirsdag 27. januar 2015

Gullglim

det er ikkje gull
alt som glimar
har eg høyrt

erfaringa seier
at det glimar ikkje
av alt som er gull
heller

lørdag 24. januar 2015

Nyttårsball 2015


Nokre glimt frå nyttårsballet i går kveld!


Mozell i høge glas, og fint dekka bord i ein pynta gymsal møtte elevane då dei troppa opp i finstasen rett før sju.


Flotte elevar i stemningsfull belysning:



Maten kom frå Kulp, og det var foreldre som stod for serveringa - og oppryddinga...


Det var mange varme hovud å sjå i løpet av kvelden. Greitt å kunne kjøle seg ned med litt is!


Dansedelen av ballet vart opna med ein polynese:


...og musikkinnslag ved både elevar...


...og lærarar!


Dermed var stemninga satt, og dei fleste dansa til eit variert utval songar fram mot slutten av ballet klokka 23. Det er vanskeleg å dømme om kva kvar enkelt tenkjer, men det såg i alle fall ut som at dei fleste kosa seg!

Takk for ein fin kveld!


torsdag 15. januar 2015

Finne ly - Aina Basso

Aina Basso er ein forfattar eg har stor glede av å lese. Språket er lett og poetisk, og bileta ho teiknar av personar og stadar trer levande fram i hovudet. I tillegg fortel ho om viktige historiske hendingar, situasjonar som eg veit lite om frå før. Eg har tidlegare lest boka "Inn i elden", som handlar om hekseprosessane i Finnmark.

I boka "Finne ly" er det tatarane som er i fokus. Vi vert kjent med den unge taterjenta Hanna, som har rømt frå tukthuset og søker tilflukt på ein sideliggjande gard, midt i ein skog. Her finn ho ly, og lever ein heil sommar som tenestejente på garden.

Så ein dag kjem eit taterfylgje og slår seg ned i nærleiken, og skuggane frå fortida dukkar opp att. Hanna vert trekt mellom lojaliteten til sitt eige folk, lengsla etter fridom og tryggleiken i det å leve "normalt". Så begynner stemninga i bygda å bli hissig, etterkvart som ting forsvinn frå ulike hald, og skulda fell på tatarane. Noko må gjerast for å hamle opp med utøyet...

"Finne ly" har spenning både på det indre og det ytre planet. For min eigen del er det den indre reisa til Hanna som er mest spennande. Drakampen mellom dei ulike måtane å leve på, og korleis ho opplever møtet med det "vanlege" livet. Og korleis ho til slutt er nøydd til å bestemme seg for kva side ho vil stå på - korleis ho vil at livet skal vere.

Heile vegen er det poetiske språket der. Herleg, flytande nynorsk, og vakre naturbilder som eit bakteppe for både indre strid, forelsking, mistru, håp og hat. Det er rett og slett vakkert!