lørdag 30. juni 2012

Mopeden (ei novelle)

Vi fann den i går, heilt tilfeldig. På den gamle og nesten gløymde skogsstien ovanfor sauebeitene. Der stod den lent inntil eit tre. Bakdekket var flatt, men elles var det ingenting i vegen med den, så vidt vi kunne sjå. Ei lang stund stod vi berre og stirra på den, utan å vite kva vi skulle gjere med funnet vårt.

Det var Oskar som først tok ordet: “Det er ein Yamaha.” Mira og eg berre nikka tause. Ein kvar idiot kunne sjå at det var ein Yamaha.

“Eg trur den er sju år gamal.” Mira har sett seg på huk og ser inn på motoren. “Det står 2005 her, på ei slik lita metallplate.” Eg bøyer meg for å sjå det ho har sett, og legg merke til at det er lite sot på eksospotta, ja lite skit i det heile. “Ser ikkje mykje brukt ut.”

Vi står og ser på sykkelen ei stund til. Mira går bortover stien og kikkar både oppover og nedover, og eg ser den andre vegen, tilbake dit vi kom frå. Det ser ikkje ut som det er eit einaste menneske i nærleiken. Ingen eigar i sikte. Ingen som kan leggje merke til tre ungdommar i nærleiken av ein moped.

“Veldig fin framlykt,” seier plutseleg Oskar, og dultar borti det blanke metallet. Framhjulet dreiar så vidt litt utover, og så tilbake i den posisjonen det hadde. “Kunne vore fin…” Orda dør liksom ut mellom leppene hans, og Mira trekk på skuldrene: “Ja, og så?”

Oskar ser nøyare på lykta, ser på festet, leidningane, det blanke glaset. “Trur ikkje den er så vanskeleg å ta av.” Det var akkurat det eg tenkte sjølv, men det høyrtes heilt feil ut no som orda var sagt. Mira stirrar på han med store auger, og ser spørjande på meg. “Han kan vel ikkje…?” Eg trekk berre på skuldrene og set meg ned på ein stein ved sidan av stien. Det er ein fin plass. Akkurat passe open, akkurat passe lukka. Vi kan sjå utover bygda, ser engene, vegane, frukthagane, men eg tvilar på om nokon klarar å få auge på oss her oppe. Og viss dei skulle sjå oss, ville dei kanskje tru at det var tre steinar over beitemarka. Eller tre sauer, viss vi rører på oss.


Mira set seg ned på den same steinen, vi har begge to ryggen til Oskar og mopeden. Ser utover den fredelege bygda, medan vi høyrer stille metallydar bak oss. Til slutt vert det stilt, og Oskar startar å gå bortover stien. “Kjem de?” Han ser ikkje på oss medan han spør, så det er berre så vidt vi får med oss orda. Men jo, vi kjem då, og vi må springe litt for å ta han att. “Og no då?” spør eg, medan eg strevar for å halde farten. Mira er mykje raskare, så ho er allereie komen forbi Oskar, og eit godt stykke ned i bakken. “Dette har eg ingenting med, ok?” ropar ho bak til oss. “Ok?” Ho har stoppa opp no, og ser på Oskar med smale auge. Oskar berre nikkar, og prøver å få igjen pusten. Han held på ei grein som stikk ut over stien, og lenar seg mot den. Han er andpusten og raud i fjeset. Vi kan tydeleg sjå at den venstre jakkelomma bular.

Mira startar å gå med det same ho har fått nikket frå Oskar, og snart spring ho nedover stien. Ho forsvinn bak grantrea, og Oskar og eg står tilbake aleine. “Det var kanskje ikkje så lurt,” prøvar eg, men Oskar berre snøftar og startar å gå igjen han også. “Vi snakkast i morgon, Bolle!” Eg hatar når han kallar meg det. Berre fordi eg har foreldre som er så teite at dei gir sonen sin namnet “Olle”, som om dei budde i Sverige eller noko, så er det liksom fritt fram å tulle med det. Eg prøvar å rope etter han, men han berre vinkar med handa og forsvinn i skogen.

Dagen etter vert eg vekt av mobiltelefonen. Det er Mira som ringer, og ho kviskrar når ho snakkar. Det er berre så vidt eg får tak i orda, men eg forstår ho vil eg skal komme ned til henne. Ho bur nesten midt i sentrum, viss vi kan kalle kaia, butikken og den vesle bensinpumpa, og frisørsalongen, for sentrum.

Ho ventar på meg i hagen utanfor huset, og vinkar meg bort til seg. Vi listar oss stille over plenen og bort til gjerdet, og der har vi fri utsikt ned til kaiområdet. “Der, rett bakanfor bensinpumpene!” Mira peikar mot eit punkt langt borte på kaia, og først forstår eg ikkje kva ho meiner. Så ser eg det plutseleg, akkurat som når ein plutseleg ser kor puslespelbiten passar. Der står ein kvit moped, ein Yamaha. Ved sidan av står det to menn, den eine peikar og viftar med hendene, og den andre ristar på hovudet. Det er heilt tydeleg at det er sykkelen dei snakkar om. Eg kjenner hjarta dunka hardt, og hendene er klamme.

Vi ryggar vekk frå gjerdet, og legg oss ned i graset. Sjølv om eg ser dei rolege skyene som glir forbi, klarar eg ikkje å samle tankane. Det einaste som står klart tilbake, er redsle, og eit sinne retta mot Oskar. Og meg sjølv.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

fredag 29. juni 2012

Skippy dør (Paul Murray)

"Skippy dør" er ein koloss av ei bok. Med sine 718 sider vil det nok koste mange ein god del å ta fatt på den... Den er likevel verdt lesinga, og nokonlunde modne og pittelitt raske lesarar vil kunne få ei stor leseoppleving!

Boka startar, som tittelen lovar, med at hovudpersonen Skippy dør. Vi får så vite kva som leier fram til dødsfallet, og reaksjonane etterpå.

I sin grunntone er det tema som svik, sorg og forfall som pregar boka, men samtidig er den skrive på ein så humoristisk og original måte, at ein som lesar blir reven med vidare. Her er mange tragiske menneskeskjebnar, og det er jamt over dei vaksne som er skuld i ungdomen sine tragediar.

Boka har fleire parallelle historier, som vert vevd saman. Det heile foregår på ein kostskule i Irland, ein skule som kviler på 140 år lange tradisjonar og er driven av ein katolsk presteorden. Vi får vite ein god del om bakgrunnen til mange av lærarane, og vi møter eit persongalleri som spenner ganske vidt. Fungerande rektor ynskjer å framstille skulen som ein mønsterskule, der det er tradisjonane og historia til skulen som er fundamentet. Han viser stadig til suksessrike tidlegare elevar, og held pompøse festtalar. Sanninga om skulen og ungdomane der er midlertid ei heilt anna...

Skippy sjølv, som kanskje er den mest (kanskje den einaste?) sympatiske personen i boka, har vanskelege dagar og vekker raskt empatikjensla hos lesaren. Også den noko stakkarslege læraren Howard, som stadig rotar det til for seg sjølv, kan vekke ein del sympati hos lesaren. Utover det skjer det ganske mykje usympatisk, både frå lærarar og elevar si side. Likevel er ein aldri i tvil om at forfattaren står på elevane si side, og legg skulda på forfallet og dei dårlege handlingane på dei vaksne.

Forfattar skiftar synsvinkel og forteljestil ganske ofte i boka, så som lesar får ein med seg mange detaljar og opplysningar som personane i boka ikkje har. Til saman vever alle desse detaljane eit ganske fargerikt teppe, og ein ser heilskapen.

Eg vil seie at det nettopp er sansen for detaljar som er forfattaren sin store styrke. Boka er så innhaldsrik og godt fortalt, at ein føler ein har vore til stade i gongane på skulen, og gått ved sidan av hovudpersonane!

Lang bok? Ja. Feelgodbok? Både ja og nei. Verdt å lese? Ja!

torsdag 28. juni 2012

Sommarrydding

Eg plar alltid rydde litt i papirbunkane, permane og skuffene mine på slutten av skuleåret. Makuleringbunken er som regel stor, og kvart år står eg ved maskina og tenkjer kvifor i all verda gjer eg ikkje dette etterkvart...

Medan eg rydda i skuffa, oppdaga eg stadig vekk ein del småting som strengt tatt ikkje hadde trenkt å liggje der. Eg har sjølvsagt naturlege ting som kalkulator, gradskive, blyantar, kvessarar, viskelær, bindersar og så vidare. Og så fann eg dette:


Nokre av tinga kan eg forstå, som lypsyl, tyggis og batteri. Eg er litt meir undrande til den knekte glasstaven, klinkekulene, 4H-pinen, tantrixbrikka og ikkje minst sjetongen... Eg er ein tingsamlar, så det hopar seg ofte opp med slike småting. Men kor kjem det frå, alt saman? Og eg har ikkje hjarte til å kaste det heller, så det hamna opp att i skuffa... Neste år tek nok rydding av skuffa endå lenger tid!

onsdag 27. juni 2012

Feriekjensla

Sitje på ei trapp
Og ta på seg sandalar
Eller springe over ei eng
med smørblomar,
prestekragar og soleier
Eller kanskje duppe alle tærne
i det skinande, blåvarme
sjøvatnet

Eller heller liggje på senga
Skru opp volumet på musikken
Og berre flyte med
Shortsen knitrar mot dynetrekket,
og fuglane kvitrar med
frå trea utanfor

Kanskje sitje på ein benk
utanfor butikken
Ete is, eller jordbær
Snakke tull og vås
Synge ein song
Sitje og håpe at den eine
Den spesielle
Kanskje skal komme forbi
Heilt tilfeldig

Eller sitje ved eit kjøkkenbord
halvtidleg ein morgon
heilt i slutten av juni
Rundt meg snurrar verda vidare
Eg har hoppa av
Alle moglegheiter er opne;
Det er ferie!


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Sommarblues (ei novelle)

Eg pussar tennene på trass.

Det er ikkje det at eg er spesielt trassig. Heller ikkje at eg spesielt mislikar å pusse tennene. Det heile er mykje meir komplisert. Mykje. At eg er sint no, er i grunn heilt irrasjonelt, for eg skal jo ingen stad. Det er ingen som tvingar meg til å pusse tennene, eller til i det heile å stå opp for den saks skuld. Eg har ikkje nokon etter meg, for eg har ferie, null planar for veka og ute vil om nokon timar sola skinne som om den aldri har gjort anna. Og det har den vel kanskje ikkje, heller?

Kanskje er det litt med meg som med sola. Vi skin heile tida, det er berre litt vanskeleg å få auge på det av og til. Uff, nei, no rotar eg det til. Ikkje misforstå, eg seier ikkje at eg er ei solstråle, at eg eigentleg er blid og glad heile tida. Men kanskje er eg det litt, inst inne. For eg er ikkje ein sur person. Eg skyar somme tider over, og då er det vanskeleg å få auge på det gode. Slik som akkurat no, her eg står, grinete, sur og tverr.

Det er vanskeleg å forklare grunnen. Ikkje fordi eg ikkje veit kva som er feil, heller ikkje at eg ikkje klarar å forklare det. Det er berre det at det er så irrasjonelt, så lite smart. Eg, som vanlegvis er tvers gjennom rasjonell, og kanskje er det akkurat det som er saka, eg er ofte for rasjonell, slik at det til slutt har bikka litt over. Eg er litt lei. Lei av å alltid vere den fornuftige, den som har alt lina opp og svara klar og alt så vanvittig, håplaust rasjonelt.

Eg er sur på grunn av ein draum. Ja, du las rett. Eg er sur. På grunn av. Ein. Draum.  Ikkje eit mareritt, eller jo, det var eit slags mareritt, men ikkje av det slaget som folk tenkjer på når dei seier mareritt. Der var ingen monster eller brannar eller opne hol i bakken som du prøvar febrilsk å unngå, men som du er dømt til å dette nedi, og der nede møter du alt det du fryktar mest. Store, forvokste edderkoppar, legar med sprøyter så store, og lange, som gjerdepålar, eller Siv Jensen som pratar og pratar og pratar, heilt til du hoppar ned i neste avgrunn. Med vilje. Det var ikkje slik.

Det var i grunn motsett. Det var det motsette av mareritt: Eg drøymde at eg vakna og stod opp. Pussa tennene. Åt frukost. Pakka skulesekken. Gjekk til skulebussen. Slumra gjennom førti minutt med vogging og radiostemmer. Og så vidare. Ja, og så vidare, du veit, heilt inn på skulen, gjennom ein heil skuledag. Ein heil skuledag. Med friminutt, prøvar, lunsjpause, stilskriving, matematikkoppgåver, engelskgloser, Napoleonskrigar, sikksakksøm og det heile. Til og med dopause midt i setningsanalysen.

I det same det ringte ut etter siste time, ringte vekkarklokka mi på nattbordet. Dei seier at vi drøymer veldig raskt, så det er sannsynleg at draumen min faktisk starta i det klokka begynte å ringe, og så vakne eg på andre ringet. Og på dei få sekunda gjennomlevde eg altså ein heil skuledag. Snakk om slag i bakhovudet, særleg i kombinasjon med neste tanke: No må eg opp og gjere det same ein gong til. Ein skuledag ekstra, så å seie. Då begynte skyene å trekke saman, men sola lyste fortsatt gjennom, viss du forstår kva eg meiner. Eg meiner at eg takla det heile med overraskande ro.

Eg raska med meg kleda og gjekk ut på badet. Kledde på meg. Gjekk på do. Vaska hendene. Vaska fjeset. Tok tannkrem på tannkosten. Såg på klokka. Begynte å pusse. Såg på klokka ein gong til. Tok ut tannbørsten og stivna med klokkearmen løfta. Visarane fortsette å tikke på sin sedvanlige rundgang, alt anna i rommet stod i ro. Og utanfor døra høyrde eg plutseleg ei låg, men absolutt merkbar, stille fnising. Eg kikkar ut vindauget, og ser at månen fortsatt heng over straummastene. Til og med eit par stjerner blunkar lurt til meg.

Det var då, på det tidspunktet, at skyene trakk seg heilt saman, og det begynte å regne. Ja, du forstår kva eg meiner. Det begynte til og med å lyne, ørlite granne. Dei slo ikkje ned på klokka mi, heller ikkje på minifjolset med dei store augene som tassar fnisande rundt på gongen. Ikkje ein gong vekkarklokka mi, som så openbart er tukla med, får gjennomgå. Det er draumen eg er sur for, det er draumen som er gjenstand for sinnet mitt.

Ein skal ikkje ha slike draumar. I alle fall ikkje i sommarferien.

Denne dagen skal bli, og her slår eg neven i vasken, denne dagen skal bli så utruleg mykje betre. Eg nektar å leggje meg att. Eg nektar kaste vekk så mykje som eit sekund til av den dyrebare fridomen.

Så no står eg her og pussar tennene. På reint trass.


I denne teksten har eg teke utgangspunkt i to sjølvopplevde situasjonar. Den eine er ei ganske sær oppleving eg hadde på ungdomsskulen, natta til ein tentamensdag. Eg drøymde at eg vakna og gjorde alle dei tinga ein plar gjere om morgonen, gjekk på skulen og hadde tentamen. Alt rota seg til, på eit eller anna vis, som det ofte gjer i draumar, så eg var ganske stressa. Til slutt skulle eg levere, og oppdaga at eg hadde gjort alt heilt feil. Akkurat då vakna eg på skikkeleg, med ganske sterk hjartebank. Eg innser at alt har vore ein draum, og det var både godt og dårleg. På den eine sida måtte eg no gjere alt "om att", men på den andre sida så gjekk det då betrakeleg mykje betre enn då eg drøymte...

Den andre situasjonen opplevde eg i vaksen alder. Eg vakna av at vekkarklokka ringte, stod opp, stelte meg, kledde på meg, laga niste og sette meg til å ete frukost. Først då, medan eg sat og åt, såg eg på klokka. Då var den rett før fire om natta... Nokon hadde tulla med klokka mi, og sidan vi var berre to i familien på den tida, var det ikkje så vanskeleg å vite kven. Datoen var då også 1. april, så eg burde kanskje ha vore meir på vakt.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

mandag 25. juni 2012

Sure Fransen

Sure herr Fransen i etasjen over
Spelar trombone når vi andre sover
Han spelar så veggane ristar, til trass
For det underlege faktumet at:


Sure herr Fransen ropar alltid: "Stille!"
Endå det er han sjølv som er ille
Han bråkar og herjar og vekker oss andre
Og nektar bestemt å la seg forandre


Sure herr Fransen kan ikkje forstå
At ingen andre på tærne kan gå
Han meiner at verda har snudd seg imot
No kjempar han - høglytt - mot kvar idiot


For sure herr Fransen han er berre sur
Han har aldri lært korleis å vere lur
Vi andre er lei både Fransen og maset
Men Fransen er lukkeleg, mitt i alt fjaset!

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

søndag 24. juni 2012

Åge på skråplanet

Det kan visst gå heilt gale
med så mange eg veit om
Slik gjekk det til då Åge
såg at kontoen var tom:

Først tusla han rundt bordet
såg på veggen, såg ut glaset
Kjente på ei merkleg kjensle
av at allting ville rase

Så gjekk han ut på vegen
Ynskte spørje om litt hjelp
Men ingen som han møtte
ville hjelpe slik ein kvelp

Då såg han siste utveg
i eit vindauge på streeten
Der skein sola på eit våpen,
som han tok i siste liten

Med kaldt metall mot magen
og is i alle årer
Leita Åge etter offer
mens han turka vekk to tårer

Til sist han såg ein flokk,
ein familie på tur
Han sneik seg bak eit hjørne
dukka ned og låg på lur

Då dei vandra rett forbi han
spratt han fram og smilte lurt
Gje meg penga, eller livet,
prøvde han å mumle surt


Men alt som kom frå munnen
var litt piping og eit hves
Og aldri har vel ransoffer
sett opp så muntre fjes!

Vår vesle venn, vår Åge
vart heilt raud frå topp til tå
Og aldri meir i byen rundt
han turte ut å gå

No sit han ved eit kjøkkenbord
og stammar nokre ord
Kan eg få kjøttkaker til middagen
Å, ver så snill, då , mor?

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: elev i 8A)

lørdag 23. juni 2012

Den merkelegaste dagen

Denne dagen har alt blitt snudd på hovudet.

Dagen starta som ein draum. Bokstaveleg talt. Eg stod fremst på ein stor båt, og speida inn mot eit nytt og ukjent land. Båten seig nærare og nærare, og eg såg tårn og spir og store boligblokker openberre seg mot den kaldlilla morgonhimmelen. I det sola gjekk opp over horisonten, var det som om byen eksploderte i eit skin av gull og diamantar, og vart vakrare enn det vakraste eg nokon gong har sett.

På denne tida plar eg eigentleg ha mareritt, så eg begynte å ane ugler i mosen. Og då vekkarklokka ringte, og eg kjente meg glad og vaken, gjekk det opp for meg at ingenting var som før. Eg kjente på eit djupt ynskje inni meg om å gå på skulen. Vårlufta var mjuk og deilig, og eg smilte til spegelbiletet, mamma, katten og bussjåføren.

Kor merkeleg denne dagen eigentleg kom til å bli, gjekk til fulle opp for meg i første time på skulen. Læraren snakka om eit tema som faktisk var interessant, og alle elevane fulgte med. Alle saman! Dei sat med vidopne auge og stirra som om det var ein spenningsfilm, og alle skreiv ned stikkorda utan å klage. Då ein av elevane kom i skade for å avbryte forteljinga, smilte læraren berre og sa at det var ein spennande og interessant opplysning, som i grunn passa veldig godt inn. Eg måtte klype meg litt i armen, for dette var nesten litt for utruleg.

Eg var visst vaken.

I friminuttet gjekk vi ut, endå vi ikkje måtte, og vi fekk ein merkeleg sterk trong til å leike noko saman, alle i hop. Så der stod vi samla, midt i skulegarden, og leikte og hadde det kjekt. Ingen stod aleine ved sykkelstativet, og ingen trakk seg unna for å gå for seg sjølv. Det var heilt utruleg!

Då eg kom heim, stod middagen klar på bordet, og vi åt saman heile familien. Trass i ein del halvflaue kommentarar og plagsame spørsmål, så kjente eg det som ein fin stad å vere. Eg forstod at familien var glad i meg, og at eg var glad i dei. Eg klarte til og med å smile fleire gongar til dei andre, medan eg velvillig delte av opplevingane mine frå skulen.


Det merkelegaste av alt hende rett etter middag. Eg gjekk til rommet mitt og leita fram vekeplanen. Eg tenkte at no, no! kom eg nok til å møte motstand frå min eigen vilje. Eg såg over arket, las kva lekser vi hadde fått og henta fram bøkene. Ingenting. Eg slo opp i boka og las den første matematikkoppgåva. Ingenting. Eg begynte å rekne, stykke etter stykke. Ingenting. Ingen verdens ting! Alt eg kjente var ei enorm arbeidslyst, og eg klarte ikkje å stoppe då eg var ferdig med dagens lekser. Eg gjorde like godt alle leksene for heile veka, og begynte på stilen som skal leverast inn om tre veker. 

Først klokka fem tikka den første facebook-meldinga inn: “Hei! No er eg ferdig med leksene, blir du med og sparkar fotball?” Og den meldinga kom frå ein som eg nesten aldri er saman med, og som nesten aldri ynskjer å sparke fotball. Eg kjente at eg smilte medan eg snørte på meg skoa og sprang ut i vårkvelden.

No ligg eg her i senga og tenkjer attende på alt det merkelege som har hendt. Det har vore ein fin dag, men litt skummel også. Eg håpar i grunn at alt er normalt att i morgon. I alle fall nesten.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: elev i 8A.)

fredag 22. juni 2012

Siste skuledag

Endeleg er det sommarferie! Dagen i dag vart brukt til å markere dette fantastiske faktum, og elevane gjekk med ganske så lette steg vekk frå skulen ved lunsjtider.

Dagen starta med samling i gymsalen, der vi aller først høyrde 1.-5. klasse framføre "Klovnesong". Det er ein fin song, og framføringa var god! Flinke elevar!


Etterpå var det rektor sin tur til å ha ordet, og kunne ynskje ein samla elevflokk ein god sommar. Sidan 10. klasse allereie har forlate oss, var flokken noko mindre enn vanleg, men den fylte likevel godt opp i gymsalen:


I klasserommet markerte vi slutten på vår eigen måte. Loggskriving høyrer med, og den siste oppryddinga som vi ikkje rakk i går. Ein av elevane hadde laga bordkonkurranse...


... og gruppene kasta seg ivrig over oppgåvene:


Så måtte eg oppfylle eit løfte: Eg hadde lova at vi skulle sjå litt på X-Factor og One Direction ein eller annan gong... og løfter skal ein halde! Dermed fann eg eit klipp på Youtube som eigna seg for stunda. Her sit dei og ser på One Direction og Robbie Williams framføre songen "She's the one". ALLE elevane fylgjer intenst og ivrig med! ...?


Dagen vart avslutta med det tradisjonsrike spelet "fengselsfugl" (aka "hangman").


Så kunne vi dele ut karakterane og ynskje god sommar. No har vi ein heil sommar å lade opp på, og forhåpentlegvis nyte til fulle drag, før vi møtes att i august. God sommar, flotte elevar!

"Dommen"

No ligg dei klare, arka som oppsummerer skuleåret. Og om her ikkje akkurat står kva elevane kan, så er det i alle fall ei vurdering av det dei har vist av kunnskap ut frå læreplanen...


Elevane er spente, og det forstår eg godt. Eg hugsar sjølv den store spenninga som var knytt til det å få karakterboka siste skuledag. Nokre gleder, nokre skuffelsar og for det meste ganske forutsigbart. Men spennande likevel!

Og ikkje minst er det kjekt med symbolikken i det å få semesterkarakterane, for det betyr at det er... sommarferie!

onsdag 20. juni 2012

Årskavalkade 2011-2012

Når ein nærmar seg slutten på noko, er det ofte vanleg å sjå litt tilbake. Rett før nyttår for eksempel florerar det av kavalkadar over det meste som har skjedd i året som har gått. No er skuleåret 2011-2012 straks slutt, og då er det vel på sin plass med ein aldri så liten kavalkade?

La oss begynne med aller første skuledag. Nye åttandeklassingar sit spente, og etterkvart sikkert litt tunge i hovudet av alle informasjonen. For Tone og meg, som nettopp hadde hatt 10. klasse, verka det plutseleg som det var veldig god plass i rommet. Utover året har eg merka at det har blitt trangare og trangare om plassen... Dei veks til, og er ikkje lenger så små som på dette bildet:


Ein av dei nye spennande tinga med 8. klasse, er at ein får kvar sin bærbare PC til skulebruk. Ja, la meg gjenta det ein gong til: Til skulebruk... Her er det rett før dei skal logge på for første gong:


Dei måtte berre ha friminutt førs:


Nokon dagar seinare var det tid for aktivitetsdag saman med b-klassen. Mange ulike konkurransar, og ein kjekk dag saman i sola!


Når eg leita fram bilder til kavalkaden, såg eg raskt at eg ikkje var så god til å ta fotoapparatet i bruk i haust. Nokre sporadiske glimt her og der, men så kom vi til vinterene og den o store snødagen! Då var fotoapparatet endeleg rota fram att:


Og litt seinare på vinteren hadde 8. klassane konsert for småskulesteget i amfiet. Mange gode innslag!


Rett før påske brukte vi litt tid i gymsalen, der vi hadde ulike gruppeoppgåver. Her skulle gruppa lage ein skulptur med tema "hav". Eg trur dei landa på sjøstjerne:


Tinestaffet i surt og vått vér:


Og slåball i noko varmare og behageleg vér!


For nokre veker sidan var vi oppe i skogen og såg litt nærare på naturen:


Og i førre veke var det aktivitetsdag, med leik på idrettsbana og film på kino:


Det var nokre glimt frå året som har gått. Som vi skreiv til elevane på den siste vekeplanen, har det nok vore mykje hard jobbing dette året, og elevane har til tider vore ganske så slitne. Forhåpentlegvis sit dei igjen med mykje lærdom, men også mange gode minner frå skuleåret!

mandag 18. juni 2012

Hjarte blant glas og betong


Det er ikkje stålet
byggverket
betongen
eller treverket
som gir bygningar varme

Det er heller ikkje
veggane
golva
eller romma i det heile
som pustar liv

Det er hjartene
som fyller bygga med song
Hjartene
skapar liv
midt i kalde konstruksjonar



lørdag 16. juni 2012

Himmelen begynner her (Jandy Nelson)

Ein av dei beste tinga med å bli vaksen, er å kunne slappe ganske så av med det å vere redd for kva andre tenkjer eller meiner om ein. For eksempel kom det ei tid då eg var ung, då eg plutseleg følte at det ikkje lenger var heilt akseptert å sitte og leike med lego lenger... Dermed vart legoen rydda vekk. No, derimot, er det ingen problem å innrømme at eg syns det er kjekt å bygge med lego. Det var eitt eksempel.

Eit anna eksempel er boka du ser til høgre her. Eg veit ikkje heilt kva kameratane mine på vidaregåande hadde sagt viss dei fann meg sitjande og lese ei bok med dette omslaget... ALT med omslaget fortel meg at dette er ei bok som er berekna for unge jenter. Dermed er det nok få tenåringsgutar som vågar å låne den og lese den.

Og det er veldig dumt.

For dette er ei litterær perle, eit overflodshorn av språklege krumspring. Boka er ein del av hausten sin txt-aksjon hos Foreningen Les! Det er også grunnen til at eg les den no, og eg er glad for at boka er med (Det er ikkje sikkert at eg hadde plukka den ut i bibliotekhyllene viss eg hadde funne den der... Den ser ikkje så veldig... litterær ut...)

Boka startar på ein ganske utradisjonell måte. Hovudpersonen, Lennie, har akkurat mista søstera si, Bailey. Dei to søstrene har hengt saman som erteris heilt frå barndomen av, så det er eit stort tomrom som må fyllast. Boka tek opp dei vanskelege kjenslene på ein veldig forståeleg måte, som lesar kan eg til tider verkeleg kjenne smerta til hovudpersonen. Det som før var enkelt og sjølvsagt, vert med eitt så veldig vanskeleg. I tillegg vert ho hovudstups forelska i ein gut som heiter Joe, og er ein racer på dei fleste instrument, samtidig som ho føler at Toby, Bailey sin forlovede, er den einaste som verkeleg kan forstå henne. Her er det duka for drama...

Heldigvis er ikkje dette ei klassisk sukkersøt "jente-må-velje-mellom-to-gutar"-historie. Hovudtemaet i boka er sorg, og korleis ein møter eit ufatteleg tap. Undervegs i boka skriv hovudpersonen små dikt, som ho gøymer overalt der ho ferdast. Dette diktet, frå starten av kapittel 10, var kanskje det eg likte aller best:


Hovudpersonen bur saman med bestemora og onkelen, og dei tre taklar sorga på kvar sin måte. Bestemora ynskjer at Lennie skal pakke vekk søstera sine ting, noko ho lenge motset seg. Til slutt begynner ho likevel å pakke vekk dei mest upersonlege tinga, og det er i den samanhengen at dette fine avsnittet dukkar opp:


Eg likte godt setningen: "Hver gang noen dør, brenner et bibliotek." Det seier noko om alt det som forsvinn frå verda når eit menneske dør.

Dette, og fleire slike flotte avsnitt, kan lesast i sin heilskap viss du plukkar boka frå hylla og gir deg tid. Og det håpar eg at du gjer! Og til dykk gutar: Ikkje la dykk lure av omslaget...

onsdag 13. juni 2012

Aktivitetsdag

Sidan 10. klasse førebur seg til eksamen, og jobbar i alle klasserom så sveitten droplar, tok vi med elevane ut i dag. Første del av dagen var vi på idrettsbana og leika diverse uteleikar. For eksempel ulike ball-leikar:


Fotball-leik med avstraffing (...):


Volleyball:


Petanque:


Og dobbelt hoppetau:


Då klokka nærma seg 10 samla vi saman alt utstyret, og la i veg nedover mot kulturhuset. Elevane var ikkje seine å be...


... og det er ganske så forståeleg. Vi skulle nemleg på kino, og sjå filmen "The Hunger Games"!


Nokre av elevane har sett den før, både ein og to gongar, men for dei fleste var den usett. Det er ein spennande film, og den gir eit godt utgangspunkt for samtale om fleier ulike tema. Og samtale skal vi sjølvsagt gjere.

Etter at filmen var ferdig, delte vi elevane inn i grupper, og gav dei eit oppgåveark med til saman 26 ulike spørsmål på.


Dei fleste elevane jobba godt med oppgåvene!


 Etterkvart begynte arbeidsroen å fordufte, og elevane pakka vekk arbeidsark og skrivesaker. Dagen var over.


Fredag skal vi samtale om oppgåvene i klassane. Det gler eg meg til, og eg satsar på at elevane kjem med mange djupe og reflekterte tankar til det dei har sett, og så skal eg prøve å tilføye litt fleire eg også...

tirsdag 12. juni 2012

Høsten - ein dystopi

Ei temmeleg fersk og spennande bok frå Cappelen har fått namnet "Høsten", og det er ein ganske dekkjande tittel for innhaldet. Boka handlar nemleg nettopp om haust. Ikkje i den tradisjonelle meininga, som årstida haust. Det er heller snakk om ein mangeårig tilstand, der verda rett og slett visnar, dyra døyr og menneska vert ramma av ein mystisk og svært dødeleg sjukdom. Etterkvart går dei tom for medisinar, og menneska er utan håp i møte med undergongen.

I denne situasjonen rømmer ein far saman med dei to små døtrene sine ut til ei aude øy, der dei tek tilflukt i ein bunker frå krigen sine dagar. Mora er lege, og vert att i byen for å hjelpe dei sjuke.

Boka startar nesten seks år etter den store katastrofa. Endå er verda vissen, og Fride og Nanna, som jentene heiter, er blitt henholdsvis seks og tolv år gamle. I seks lange år har dei levd i skjul i bunkeren, og levd på eit matlager foreldrene bygde opp då dei første teikna til sjukdomen dukka opp.

Jentene er mektig leie av å vere innestengt i bunkeren heile tida, og ynskjer å komme ut i frisk luft. Ein dag snik dei seg ut, og faren kjem etter. Dei vågar seg opp, men er redde for å bli oppdaga. Likevel tør borna håpe på ein betre kvardag, med fisking på fjorden og leik på øya.


Men så skjer det utenkjelege... Søstrene oppdagar at dei er nesten tomme for mat, og i tillegg vert faren sjuk. Dei to må reise inn til byen for å få tak i medisin som faren veit mora har gøymt vekk før dei reiste. Dermed startar ei spennande ferd inn mot byen dei forlot seks år tidlegare. Kva vil møte dei der?

Derfrå og ut har boka godt driv og høg spenning. Den er rett og slett vanskeleg å leggje frå seg.

Den yngste søstra, Fride, kan ikkje hugse noko frå livet utanfor bunkeren. Ho var berre ein baby då dei kom dit, så alt ho møter i verda utanfor er nytt og spennande. Dette skaper ein spennande dimensjon til reisa deira, der storesøstra må presentere henne for verda og prøve å skape bilder av korleis den var då det endå budde menneske der.

"Høsten" er ei ekte dystopisk bok. Vi kan lese om eit samfunn som har kollapsa totalt, og dei som overlever må kjempe om restane som er att. Den er dyster i stemninga, men dei to overlevande søstrene gir ikkje opp kampen for å berge seg og faren. Boka har spenning på både det ytre og det indre planet, og er vel verdt å lese!

mandag 11. juni 2012

Snarvisit frå utter space

 Tidlegare i vår hadde 8A ei oppgåve i kunst og handverk, der dei skulle lage ein romfamilie frå ein ukjent planet. Dei stod ganske så fritt til korleis dei ville utforme familiane, og er her dei festlege resultata:







Dei fleste familiane står no på utstilling i ein glasmonter i foajeen, fram til dei reiser tilbake til det ytre rom når sommarferien set inn.