onsdag 4. juli 2012

Vente på bussen (ei novelle)




Det går alltid ein buss, seier dei vaksne. Og det er fleire bussar på stasjonen. Det tek aldri slutt, dei berre står der og kjem, kjem i eit sett. Det er mange bussar. Verda er faktisk full av dei. Nokon kjem i grupper, men dei fleste kjem kvar for seg. Ein og ein. Så kan du gå på, og sitje på eit stykke. Akkurat så langt som du skal. Kanskje får du sitje på heilt til endestasjonen.

Det beste er å få sitje på heilt til endestasjonen, seier alltid bestefar. Heilt fram, i den same bussen. Eg kjenner eg er einig med han.

Men kva om den rette bussen aldri kjem? Kva om du vert sitjande og vente, heile livet. Kanskje vente på ulike haldeplassar, men like fullt vente forgjeves. Bussen dukkar aldri opp, og du må sitje ute i skuret når det regnar, når sola skin, når det bles, når snøen lavar ned eller når haglet slår mot bakken. Der er aldri ein buss å sitje i, for alle som kjem er feil, dei skal til feil stad, eller dei er fulle. Kva om det er det som er skjebnen, å måtte sitje her og vente, heile livet?

Eg håpar, inderleg, at den rette bussen kjem. Det skal bli fint. Alle dei fine stadane eg skal sjå gjennom rutene, alle dei mjuke setene eg skal sitje i. Prate med bussjåføren, kanskje bli kjent med nye menneske og nye stadar. Av og til skal eg sove litt. Legge setet bakover og kvile hovudet mot vindauget, og berre la meg vogge i søvn av den mjuke duren frå motoren. Då skal eg drøyme vakre draumar, draumar som kanskje handlar om å køyre buss. Kanskje handlar dei om nettopp det å sitje i ein buss og sove, og så vaknar eg og merkar at det er nett det eg gjer. Då skal eg bli glad. Ikkje ei slik glede som ein får av å sjå ein komisk film eller høyre ein artig vits, men ei slik glede som startar djupt nede i magen, spreier seg ut til alle delar av kroppen og når hjernen heilt til sist. Ei slik glede som nesten ingen eller ingenting kan ta frå meg.

Når vi kjem inn på stasjonane, skal eg berre riste på hovudet og seie at eg skal sitje på vidare. Eg skal heilt til endes, ikkje tale om noko anna. Då håpar eg at bussjåføren smiler og seier klart det, berre sit, og ta deg gjerne eit krus kaffi i dispenseren. Og det er aviser i ryggen på setet framfor, du kan berre lese i dei om du har lyst.

Alltid er det noko nytt å oppdage om bord på bussen. Stadig nye finesser, nye skap, nye funksjonar. Heile tida ser eg nye plakatar, nye oppslag, nye lys, nye skilt. Det tek liksom aldri slutt, og det beste er at det er kjekt å sjå på dei oppslaga eg allereie har oppdaga også. Eg kan studere dei, om att og om att. Det er spennande, endå så langt eg skal.

Det verste må vere å bli sett av før eg har tenkt, før endestasjonen. Det aller verste eg kan tenkje meg, er at bussjåføren nektar meg å sitje på vidare, eller vert sur og skular på meg viss eg ikkje vil gå av. Då kan det ikkje vere så kjekt å sitje på lenger, og viss eg må gå av, vil det vere forferdeleg å sjå  bussen svinge ut frå stoppet og køyre vidare på vegen. Utan meg.

Kanskje finst det berre ein einaste buss som skal akkurat dit eg skal. Tenk om eg berre får ein einaste sjanse? Då gjeld det å gripe den, halde fast på den og aldri, aldri tenkje at det sikkert er betre på neste buss. For kanskje kjem ikkje neste buss, og kanskje, viss den kjem, er den slett ikkje betre.

Akkurat no sit eg berre og ventar. Håpar. Kanskje kjem bussen min snart, kanskje må eg vente ei stund til. Det viktigaste er at eg er klar, og eg trur eg skjønar kva som er min buss når eg ser den. Eg treng ikkje å fundere på det, eg vil berre vite det.

Viss den kjem.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar