tirsdag 18. september 2012

Gjennombrot på Sand skule: Nytt molekyl oppdaga!

I dag vart det gjort ei oppdaging som kjem til å revolusjonere heile vår tenking rundt molekylære samanhengar. To elevar oppdaga heilt tilfeldig, som det jo ofte er når store ting vert oppdaga (Ta for eksempel Columbus, som fann noko veldig stort),  eit nytt og hittil ukjent molekyl. Ein rapport er allereie på veg til Nobelkomiteen, og det er ikkje urimeleg å tenkje at dei to unge forskarane sit med kvar sin Nobelpris i fysikk før året er omme.

Dei to forskarane viser villig fram det nyoppdaga molekylet:


Av omsyn til mogleg høgt mediatrykk, og dertil ein straum av interesserte og tilhengjarar som kan komme til å forstyrre det vidare arbeidet med molekylet, ynskjer dei to elevane å vere anonyme. "Omar" og "Christopher" (La oss kalle dei det) har vanskar med å forklare korleis den store oppdaginga skjedde. Det einaste dei veit sikkert, er at dei aldri før har sett eit liknande molekyl.


Det som er ekstra unikt, og som forbløffar ei heil forskarverd, er at det for første gong er oppdaga eit karbonbasert molekyl, der det eine karbonatomet berre har inngått tre elektronparbindingar. Det er med andre ord eit umetta og svært reaktivt molekyl, og det er umogleg å sjå for seg korleis det vil oppføre seg viss ein for eksempel let det reagere med hydrogen. Ein kan ikkje utelukke ein kraftigare reaksjon enn den hittil kjente hydrogenbomba.


"I så fall ser vi behov for å opprette ein pris tilsvarande Nobels fredspris. Det var ikkje vår meining å tilføre endå meir valdelege våpen til verda, men gjort er gjort, ikkje noko å gjere med det," er svaret eg får frå "Omar" når eg konfronterar han med dei moglege følgjene.

Det vert spennande å følgje med i det vidare arbeidet med molekylet, og det er i alle fall sikkert at dette ikkje er det siste vi har sett til dei to unge genia.

fredag 14. september 2012

Gjennom kikkertsiktet (Novelle)

Eg ser mannen gjennom kikkertsiktet på rifla mi. Han er høg, neste to meter, og vaggar lett når han går. Eg har sett han fleire gongar tidlegare, både i bilar som køyrde til og frå murbygget, og gåande i gatene saman med andre menneske. Han ser alltid så streng ut, eg har aldri sett han smile eller le. Eg har lagt merke til akkurat det, for det gjer det heile så mykje lettare for meg. Det verste eg veit er å skyte menneske som ler. Det verkar så altfor brutalt, endå eg veit at dei eg skyt, har gjort seg fortent til det. Eg let meg ikkje stoppe av sentimentalitet.

Tidlegare i dag fekk eg nye opplysningar frå sjefane mine. Som den beste skarpskyttaren dei har, får eg alltid særskilt behandling. Eg får det beste utstyret, den beste løna og dei viktigaste offera. Ein medsoldat leverte meg ein lukka konvolutt, der dagsprogrammet for denne mannen eg har jakta på så lenge stod. Eg veit ikkje korleis dei hadde fått tak i det, men når eg no nettopp såg han svinge rundt hjørnet, på veg mot parkeringsplassen i enden av gata, visste eg at dei hadde gode kjelder.

Det vil ta om lag to minutt å gå heilt fram til plassen, så eg veit eg har greitt med tid til å stille inn siktet godt. Alt må vere perfekt, treff på første forsøk, for dette vil vere den einaste sjansen min. Bommar eg, kan eg berre gløyme å ta opp jakta på han igjen. For det første vil han nok skjule seg betre, og for det andre vil dei setje i gong ei klappjakt på meg. Akkurat jakta vil nok komme uansett, men den vil øydeleggje alle sjansar for eit eventuelt forsøk nummer to.

Med andre ord: Det er no eller aldri.



Eg ser på han gjennom siktet, vurderer avstand, vurderer vind og tel sekunda inni meg. Full kontroll. Eg let han vandre framfor siktekornet mitt, uanande om det som skal komme. Det er eg som har makta og kontrollen, og det fyller meg med adrenalin og til og med litt glede. Det høyrest kanskje litt grotesk ut, men eg likar jobben min. Endå så mange menn eg har sett falle saman gjennom kikkerten min, klarar det ikkje å ta frå meg gleda over å gjere ein god jobb. Eg er den beste, og det er ubestrideleg.

Eg startar nedtellinga. Fire sekund, tre sekund, to sekund. Plutseleg ser eg ei rørsle heilt i utkanten av kikkertrundingen. Nokon som spring inn i bildet, rett mot mannen. Roa mi forsvinn, og eg pustar raskt ut før eg fokuserer i kikkerten att. Eg vil vite kven det er som kjem og forstyrrar det fredelege bildet mitt.

Personen er låg, eg ser at det må vere eit barn. Langt hår, kanskje ei jente, kledd i bukser og t-skjorte. I handa held ho noko som ho rettar fram mot mannen. Ein bukett med blomar. Mannen bøyer seg ned og tek i mot, klappar henne på hovudet, og smiler medan han ser henne springe vekk. Smiler. Noko dett saman inni meg.

Eg har fulgt etter han så lenge. Det er som om eg kjenne alle rutinar, alle vanar. Vi er nesten som bekjente, berre at han ikkje veit om det. Og no har eg sett han smile. Eg begynner å tenkje på familien hans. Kanskje var det dottera hans eg såg springande over sirkelen min. Kanskje ei niese. Om ettermiddagen set han frå seg skoa i gongen, helsar blidt på kona og borna. Et middag og les avisa. Kanskje likar han å lese om seg sjølv i avisa, kanskje mislikar han det. Ikkje godt å seie med menn i hans posisjon.

Sjølv likte eg godt å spele sjakk. Før alt snudde om, og kvardagen vart fylt opp av krutt og strategiteikningar. Eg likte å sitje i ro og tenke ut lure trekk, og finne ut kva motstandaren ville gjere. Det kan hende at akkurat det er grunnen til at eg vart den beste skarpskyttaren. Eg har tålmodet. Og eg har sett folk i sjakk matt før, utan at det går noko inn på meg. Det heile er berre eit spel, og eg ei viktig brikke. Eg har min naturlege plass på brettet, og er sett der for å ta vekk andre brikker.

Barn gjer det heile så komplisert. Dei får meg til å føle, og det er ikkje det beste ein kan gjere når ein ligg og skal skyte nokon.

Eg tek meg saman og ser på mannen gjennom kikkertsiktet att. Siktar meg inn, fylgjer han på vegen vidare mot parkeringsplassen. Tel ned, gjer det eg må gjere.

Eg er trass alt profesjonell.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Bilde frå Flickr: Redsnap. Manipulert av meg.)

onsdag 12. september 2012

Læring i næring 12/13

I dag har vi hatt bedriftsbesøk i 9. klasse. Suldal Vekst arrangerer møte mellom elevar og næringsliv, og legg opp til eit samarbeid som kan komme både elevane og bedriftene til gode. Her er det Marit Larsen som ynskjer velkommen til Læring i næring.


Mange suldalsbedrifter hadde møtt opp, blant anna to tømrarfirma, kommunen, Suldalsposten:



...statkraft, kulturhuset og oppdrettsnæringa:


Etter ein halvannan time lang presentesjon, der opplegget med Læring i næring vart forklart, og mange bedrifter fekk presentert seg, var det tid for å myldre ut i hallen og melde si interesse på dei ulike standsa.

Elevane kunne skrive seg opp på lister, og så tek bedriftene kontakt for bedriftsbesøk, med eventuelt påfylgjande søknad, intervju og praksisplass. Bedriftene ynskjer å få kontakt med morgondagens arbeidskraft, og elevane får greie på mange av dei moglegheitene som finst i kommunen. Vinn vinn, med andre ord!

Mange elevar skreiv seg opp på listene, så no er det berre å krysse fingrane og håpe det vert et positivt første møte med næringslivet!


tirsdag 11. september 2012

Frå blues til rock

I føremiddag var elevane i ungdomsskulen, saman med elevane frå den vidaregåande skulen, på konsert i Suldalshallen.


Det var mange ungdomar på ein stad, og ei roleg og lydhøyr forsamling. Det verka som dette var ein konsert som fenga.


På scena stod tre musikarar. Kjetil Grande, Trym Sæter og Morten Martens dannar gruppa "Trio Grande", og saman tok dei oss med på ei reise i rockens historie, frå den spede starten i bluesmiljøa i USA på 40- og 50-talet, via Jimi Hendrix på 60-talet og  Led Zeppelin på 70-talet. Frå 1980-åra valte dei å spele ein song av Guns'n'Roses: "Sweet child of mine", og då vakna denne læraren på skikkeleg. Rett inn i mi eiga ungdomstid! Så fortsatte dei vidare, med for eksempel Radiohead frå 90-talet og vidare inn i vår eiga tid.


søndag 9. september 2012

Den morgonen


Det var den morgonen eg vakna
Og såg skyskraparane
Teikne seg mot himmelen
Over Sand sentrum

Det var den morgonen eg vakna
Og høyrte togfløyta
Såg dei parallelle spora
Sno seg inn på Foldøy S

Det var den morgonen eg vakna
Med jungellydar utanfor vindauget
Ein leopard stirra utover
Stråtaka i Erfjord landsby

Det var den morgonen eg vakna
Kjente varmen slå imot meg
Frå glasveggane rundt Suldal
Eit drivhus med eksotiske plantar

Det var den morgonen eg vakna
Og skjøna at alt kunne vore ulikt i dag
Viss historia vart skifta om
Og folk hadde teke heilt andre val




(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i det som då var 8A)

fredag 7. september 2012

Siste runde

Det er helg, og det finst vel ikkje så mange betre måtar å starte helga på, enn å leike saman med gode vener?


 I 9A slutta vi veka/starta helga med "katt og mus", skjønt det ikkje vart så veldig mange minutta.


Det er ikkje så lett å få tak i jaktofferet, i alle fall ikkje når ringen til tider er svært uvillig til å sleppe nokon gjennom!

Det siste vi fekk med oss denne skuleveka, var ein fotograf som tok bilder av bussane på oppdrag av Suldal Billag. Det er lett å anta at det snart kjem oppdaterte bilder av skulebussane på sida deira.


God helg!

onsdag 5. september 2012

Bilderas frå Foldøy

Dei to siste døgna har Tone, Brit-Ingunn og eg vore på Foldøy med denne flotte gjengen:


Leirskulen er eit relativt lite hus, men det var akkurat passe plass for 28 elevar og 2-3 lærarar. Her står vi utanfor og ventar på å komme i gang med naturfagarbeidet.


Nokon er meir klar enn andre...


Og nokon brukar ventetida på fotografering. Det vart nok teke mange blinkskot desse to dagane!


Så kunne vi endeleg leggje i veg:



Det er eksepsjonelt fin natur der ute!

Her er dei to pakkesla våre, som meldte seg frivillig til å trille tralla på alle turane våre. Dei utførte jobben med 20 i stil!


 Målet for den første utflukta vår: Breivika:



 Elevane sette i gong med arbeidet med det same vi kom fram:


Målet med arbeidet i fjøra var å kartleggje dyre- og plantelivet, både i fjøresona, i strandenga og på dyrka mark rett innanfor. 


Vi skulle også sjå på fuglelivet, og speida ivrig etter teikn på flygande liv:



Den eine oppgåva gjekk ut på å kartleggje spor etter menneske i strandsona. Ein spasertur langs ei vestvend strand gav gode resultat (eller nedslåande, alt ettersom kva synsvinkel ein ser det frå...) Her var mykje skrot og søppel som hadde drive i land!


Eit fint tre:


Ein liten test (utanom opplegget...): Er drivveden morken?


Testresultat: 


Jepp!

Blåknapp


Utkikksplassen vår etter fuglar låg høgt i terrenget, og vi hadde godt overblikk der oppe frå!



Til slutt hadde vi funne ut det som var mogleg for oss å finne ut, og gjekk vegen tilbake til skulen for å ete middag:


På menyen: Taco!


Det vart ein god del 'mellomtid'/ventetid på leirskulen, og elevane hadde god tid til å vere sosiale og ha det kjekt saman. Dei fleste sov oppe på loftet, og ein gjeng sov nede på eit rom i kjellaren. Vi trur elevane var fornøgde med sovesituasjonen (ut frå dei signala vi fanga opp...).

Om kvelden hadde vi ein times tid med leik i lag. Elevane kjenner kvarandre godt, og dei fleste (inkludert oss lærarane) syntes det var kjekt å leike saman. Her har vi stein-saks-papir-cup:


Vi fortsette med ein 'grupperingsleik' og leiken "smil viss du elskar meg". Denne er jo litt pinlig, men alle turde vere med. Det er i slike situasjonar ein ser korleis gruppa fungerar saman, og det er tydeleg at klasse 9A består av elevar som inkluderer dei andre og torer å gi av seg sjølv! Det var kjekt å sjå!

Etter at vi avslutta fellesøkta, valte dei fleste å fortsette å leike i stua. Men no var det blunkeleiken det gjekk i:


I dag tidleg, etter frukost, kom tida for å rydde og vaske etter oss:



Ikkje alle 28 kunne vaske på ein gong, og nokon var tidleg ferdige med sine oppgåver. Då var det godt at det var opphaldsvér, og vi hadde hagen å fordrive tida i!


 Rett før ballen treff:


Og akkurat når ballen sneiar ryggen... Snakk om flaks!


Nokon begynner å bli litt leie av å vente..:


Ved Otrahola:




Takk for ein fin tur, undersåttar! De er ein herleg gjeng, og kjekke å reise på tur med!