torsdag 30. oktober 2014

Skulevegen min

På dagar med vakkert lys, særleg etter mange dagar med tunge skyer og mykje regn, kan eg ikkje ta med fotoapparat viss det er noko eg skal nå om morgonen... Her ser du kvifor:


Desse bileta tok eg på veg til skulen i går tidleg. Erfjorden over, naust på Vik under.


Lovradalen:


Sandsfjorden:


Vestover mot fjella på Ropeidhalvøya:


Garaneset:


Snart framme!


Skulen:


Herleg å kunne nyte fargane i naturen igjen, ikkje berre springe i ly for regnet...


Sandsfjorden i går ettermiddag, på veg heim att frå jobb:


Ja, det blir ein del stopp langs vegen i slikt lys!

onsdag 29. oktober 2014

Tarzano!

Det var duka for eit møte mellom norsk og tanzaniansk musikk i auditoriet på skulen i dag. I ein skuletime fekk vi lytte oss gjennom ei blanding av vare saxofontonar og afrikanske rytmer!



Det er ikkje alltid så godt å seie kor godt slike musikalske hendingar treff elevane. Musikksmak varierar, det same gjer evnen musikarane har til å engasjere. Ut frå responsen til elevane under konserten, og det eg har høyrt av snakk i gongane i etterkant, fall denne konserten i smak hos mange!


tirsdag 28. oktober 2014

Haustregn



det er slike dagar
vi trekk pusten
ekstra djupt
før vi opnar døra




stegar ut
på raske føter,
søker ly
der det er å finne





vi er robåtar
på ope hav,
flyt med straumane
frå skjær til skjær


torsdag 16. oktober 2014

tirsdag 14. oktober 2014

Skuleglimt #11

Det er kanskje ikkje det beste eksempelet reint komposisjonsmessig, men bildet har leielinjer, og det var ein av tinga valfagselevane mine skulle ut og leite etter i dag:


Dei vertikale linjene mellom brusteinane leier innover i bildet, det same gjer søylene, vindauga og sjølve bygningane.

Tema i dag var bakgrunnar og framgrunnar, og vi såg på ulike triks ein kan gjere for å få betre fram- og bakgrunnar i bileta sine. Det vart mange spennande resultat!

Her er det fotosession med uforsking av ulike perspektiv:


I løpet av haustferien har det skjedd store ting i klasseromma våre. Dei elektroniske tavlene har blittt sentrert i alle klasserom, så no er dei meir tilgjengeleg for dagleg bruk!


mandag 13. oktober 2014

Vill? Kva meiner du? (Spurde ho)

Vill; agelaus, amok, aud, bakkantisk, balstyren,
barbarisk, besett, bestialsk, blodig, blodtørstig,
brutal, bråkete, crazy, desperat, ellevill, forvilla,
frenetisk, fri, frå seg, frå vettet, furiosa,

fælsleg, gal, grassat, grum, hemningslaus, hissig,
impulsiv, intens, i villa, i ørska, kaotisk, kåt,
lidenskapeleg, livat, livleg, løpsk, lågtståande,
mannvond, naturleg, olm, opphissa, opprørt,

primitiv, på liv og død, på måfå, på styr, rabiat,
rasande, ravgalen, rebelsk, rivande, rusk, rå,
sinnssjuk, sinnssvak, skremmande, skremmeleg,
skrullete, skøytelaus, sprelsk, springsk, sprø,

stormfull, storslått, styren, styrlaus, truande,
tullerusk, tussete, udyrka, ukontrollert,
ukultivert, umenneskeleg, uordna, uorganisert,
ureflektert, uregjerleg, uroleg, usivilisert,

ustyrleg, utamd, utemjande, utilrekneleg, uvørden,
vanvettug, vettlaus, vilter, viltveksande,
vørdlaus, yr, ørsken. Som eg sa:
Eg er vill etter deg.


(Heikki Gröhn)

søndag 12. oktober 2014

Bare en time til - Sanne Mathiassen

Sanne Mathiassen skriv om sorga ved å miste. Hovudpersonen har mista mora si, og det er som om eit anker har blitt kutta over. Ho er i fri drift, og ingenting i livet verkar lenger viktig.

Med fortetta handling, og mange tankesprang, der hovudpersonen både ser tilbake på det som skjedde og reflekterer over sin eigen posisjon i notida, teiknar boka eit temmeleg intenst bilete av tida etter tragedien.

Parallelt med forteljinga om sorg, vert det også ei kjærleikshistorie. Ein seier at ein vert blind av kjærleik. Boka viser at ein kanskje også kan bli blind av sorg, for hovudpersonen evnar ikkje å sjå korleis Jonas, som ho er forelska i, verkeleg er. Dermed går ho inn i ein relasjon vi som lesarar ser er destruktiv, og sympatien med hovudpersonen veks.

Boka er bygd opp av fragmenterte handlingar, og vil difor kanskje vere vanskeleg å forstå for mindre erfarne lesarar. Teksten er difor mest aktuell for ungdom som er vant til å lese mellom linjene, og som likar å bli utfordra.

Det er ei interessant bok, og gir eit godt innblikk i sorga.

fredag 10. oktober 2014

Hr. Penumbras døgnåpne bokhandel - Robin Sloan

- Fantasy for Googlegenerasjonen, er agnet forlaget legg ut, og eg let meg lokke. No er eg kanskje ikkje ein del av denne såkalla googlegenerasjonen - i så fall er eg i ein av dei ytste gråsonene - men eg likar fantasy, eg likar mysterium og eg likar bøker. Bokomslaget lovar meg alle tre.

Hovudpersonen i boka heiter Clay Jannon, og er ein ung vaksen, på veg ut i arbeidslivet. Han er utdanna designer og har akkurat mista sin første, korte jobb. På jakt etter arbeid kjem han tilfeldigvis over bokhandelen til hr. Penumbra, som søker ny medarbeidar. Han får jobben, og finn seg plutseleg som nattevakt i verdas merkelegaste bokhandel. Det er lite kundar, og dei fleste som kjem innom låner bøker som ikkje er å finne i den vanlege søkemotoren. Clay begynner å undersøke saka, og er snart innblanda i eit 500 år gamalt mysterium og ei mystisk, hemmeleg rørsle som jaktar på ein tapt kode.

Clay engasjerer venene sine, og finn undervegs ut kva som er hans verkeleg sterke side. Boka er godt skrive, og er, i tillegg til mystikken og fantasyen, eigentleg ei feel-good bok. Her er ikkje noko Mordor, eller Capitol eller nokon Voldemort som trugar i kulissene. Her er dei som motarbeidar Clay, men dei gjer det på svært menneskeleg vis.

Forfattaren, Robin Sloan, har jobba mykje innanfor teknologibransjen, og i boka spelar bruken av ny teknologi ei avgjerande rolle.

Den norske oversetjinga er for det meste god, men forlaget har hatt det litt for travelt med korrekturen. Ein del irriterande skrivefeil skjemmer teksten. Særleg gjeld dette namna til hovudpersonane, som veldig ofte vert stava feil. Ei så pass god bok hadde fortent betre rettskriving.

Boka er for alle som er glad i bøker om gamle mysterier, iblanda litt fantasy og moderne teknologi. Den er ikkje for dei som søker skumle bøker, med halsbrekkande handling og fæle skurkar...

torsdag 2. oktober 2014

Foto valfag: Leik

Tysdag var temaet "leik" for valfagsgruppa. Dei skulle ut og ta bilete som kunne ha tittelen leik. Her er ei type løysing: Bilete av leikeapparat. Skulen har i løpet av det siste året fått mange nye leikeapparat, sett opp av foreldre på dugnad.


Her er starten på ei rekke leikeapparat som til saman kan brukast som ei slags hinderløype:


Eksempel på bilderedigering, med eit bilete der dei siste apparata i rekka var i fokus. Auka kontrastar, og sepia:


Eg må også ta med eit bilde litt utanom tema. Hausten har mykje flott å by på, også i skulegarden!