søndag 15. januar 2017

Lise Forfang Grimnes: Blodskraft

Dette er fortsetjinga på historia om Minja som begynte i boka Kaoshjerte frå 2014. Minja er tilbake på Stovner, og strevar med å finne seg til rette i kvardagen att. Verst av alt er forholdet til venen Josef, som no har ein totalt ny personlegdom. Ho har vanskeleg for å nå inn til han, og då tanta Pari kjem på besøk, vender han ryggen til Minja og alt dei har felles.

Minja si verd rasar saman, og ho reiser tilbake til mormora i Åslia. Her prøver ho å finne ut kva som eigentleg skjer, og kven ho eigentleg er. Samtidig oppdagar ho at eit eller anna stort og ukjent truar under overflata. Det er nokon som er ute etter henne, men ho anar ikkje kven...

Bøkene om Minja er ei fantastisk blanding av gamal folketru, tradisjonell persisk forteljekunst, magi, fantasy og ungdomsliv på Stovner i Oslo. Personane er samansette, og den ukjente trusselen i boka kjem frå uventa hald.

Dette er ei spenningsbok som grip tak i deg, og det er vanskeleg å leggje boka frå seg før vendepunktet er nådd. Historia vert driven vidare av både spennande hendingar, nye opplysningar, personar som avslører nye sider og tankar som plutseleg fell på plass.

Passar godt for ungdom og vaksne som er glade i fantasy!


onsdag 11. januar 2017

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok - om kropp, kjensler og sex

Denne boka inneheld svar på dei fleste spørsmål som ungdom skulle ha om kropp, utvikling, kjensler og seksualitet. Den rettar seg særleg mot aldersgruppa 10-12 år (altså mellomtrinnet), den gruppa born som er på rask veg inn i puberteten og ungdomsstadiet.

Boka er delt inn i sju kapittel.
1) Peiling på kroppen, om pubertet og korleis kroppen endrar seg.
2) Jente- og gutefabrikken, om kjønnsroller og det å få vere den ein er.
3) Familie på alle måtar, om ulike måtar å vere familie på.
4) Kjenn etter, om gode og dårlege kjensler.
5) Viktig vennskap, om det å ha vener og å vere einsam, og om mobbing og gruppepress.
6) Kjærleik på eigne vilkår, om lengting, forelsking, kjærleik og kyssing.
7) Nysgjerrig på sex, om seksualitet, sex, sjukdomar og prevensjon.

Boka kan brukast som utgangspunkt for samtale med borna, eller den kan brukast som eit oppslagsverk av borna sjølv. Boka tek som sagt opp ei rekke aktuelle tema, og supplerar godt seksualundervisninga i skulen. Det er den psykiske helsa og kunnskapen om korleis kroppen fungerer og korleis ulike menneske kan ha det som står i fokus. Boka tek også opp somme etiske sider ved tema, som seksuell lågalder, overgrep, viktigheita av å ikkje vere med på ting ein ikkje har lyst til og tips til korleis ein kan tolke andre sine kjensler.

Boka legg stor vekt på å formidle kor vanleg det er å føle seg annleis, utanfor, usikker osv. i ungdomstida, og kan på den måten vere med på å førebygge nettopp denne uvissa rundt sine eigne kjensler og eigen kropp. Når ein veit at det ein føler ikkje er uvanleg, kan ein bli meir trygg på seg sjølv!

Boka er fint illustrert, og språket er direkte og enkelt. Det er brukt noko humor i boka, særleg i illustrasjonane, noko som kan lette lesinga. I tillegg er det mange faktaboksar og margtekstar med interessant ekstra-informasjon. Dette gjer boka endå kjekkare!

Boka eignar seg til bruk både i skulen og privat.

tirsdag 10. januar 2017

Tor Arve Røssland: Pode

Det er nokre år sidan denne boka kom ut, og det er faktisk debutboka til forfattaren.

Historia er kort og enkelt oppbygd, men den er festleg og mange barneskuleelevar har nok hatt glede av lesinga. Pode og familien får for ei veke ansvaret for været, og dei styrer det med middagsetinga si. Et alle opp alt, vert det fint vær dagen etter, men om der vert restar, er det duka for uvær.

Når dette vert kjent, får Pode pengar frå ein festivalarrangør for å passe på at det vert solskinn, og ein bonde, for å sørge for at det vert regn. Han har altså eit vanskeleg val framfor seg... Og det vert ikkje enklare av at han nesten aldri likar maten faren lagar!

Eg kjenner det når eg les, at eg er jammen glad for at tinga eg gjer ikkje umiddelbart kan påverke været!

lørdag 7. januar 2017

Robert Louis Stevenson: Skatten på sjørøvarøya

Denne boka vart lånt og lest fleire gongar i løpet av barneskuleåra mine, og eg hugsar enno kjensla av spenning og fare. Sidan det er over 25 år sidan eg las den sist, hadde eg sjølvsagt gløymt mesteparten av handling. Eg frykta at det å ta den opp att no skulle vere som med Løland sin "bjednekniv", men å lese boka "Skatten på sjørøvarøya" var eit gledeleg gjensyn med ein gamal ven.

Namn som Jim Hawkins, Lange John Silver, Billy Bones, kaptein Flint og Ben Gunn vekkjer gode minner, og eg forstår godt at eg var fengsla av dramatikken og spenninga i boka.

Handlinga i boka faldar seg ut ein gong på 1700-talet, og Jim Hawkins får etter ein del dramatiske hendingar hand om skattekartet til sjølvaste kaptein Flint. Han legg ut på ein ekspedisjon organisert av den lokale godseigaren og doktoren i bygda, men det er fleire enn desse som er interesserte i den store skatten. Framme ved skatteøya viser det seg at ikkje alle i mannskapet på båten har same mål, og snart er flokken delt i to leirar. Det er ikkje lett å vite kven ein kan stole på og kven ein bør skygge unna, og kven vil til slutt stikke av med skatten? Sikkert er det i alle fall at slett ikkje alle som la ut på ekspedisjonen vil vende heim att...

Denne utgåva av boka er på nynorsk, og teksten er elegant formulert. Eg skulle ynskje denne utgåva var å få tak i min eigen barndom - det var nok langt frå så godt språk i boka eg leste i. All honnør til Samlaget som gir ut dei gode klassikarane i moderne nynorsk språkdrakt!

Har du ikkje lest "Skatten på sjørøvarøya" endå, har du ei spennande historie å glede deg til!

fredag 6. januar 2017

Lars Mæhle: Skoddefyrstens hevn

Lars Mæhle har skrive mange gode bøker for både barn og ungdom, og i denne nye krimserien rettar han seg tydeleg mot aldersgruppa 10-12 år.

Siri og Max er gode vener, og sjølvsagt, som det høver seg i denne typen bøker, rake motsetningar. Siri er høg, rask og impulsiv, medan Max er låg, litt sein i snuen og grueleg smart. Dei har altså ikkje så mykje til felles, bortsett frå interessa for etterforskning og ei eiga evne til å hamne midt oppe i trøbbel...

I boka "Skoddefyrstens hevn" skjer det to kriminelle handlingar i den vesle byen Heimvik, og mistanken vert ganske fort retta mot den litt mystiske personen Skoddefyrsten. Han plar helst luske rundt for seg sjølv, og trivst best ute i tåka. Han er også den einaste kjende rusmisbrukaren i Heimvik, og er slett ikkje så lett å få tak i.

Lensmannen, som også er Siri sin bestefar, er av det heller forsiktige og beint fram pysete slaget, og må etter kvart lite på at Siri og Max kan hjelpe han med å løyse saka.

Historia er godt komponert, og avslutninga er både overraskande og actionfylt. Tittelen på boka lovar spenning, og målgruppa vil truleg oppleve denne boka som både morosam og spennande. Det er særleg dynamikken mellom Siri, Max og lensmannen som skaper artige situasjonar, godt krydra av innfalla til den heller sidrumpa og sure onkelen til Max, røyrleggjaren Frank Jenssen.

Forhåpentlegvis vil det kome fleire bøker om krimteamet frå Heimvik!

mandag 2. januar 2017

Jesse Andrews: Jeg og Earl og jenta som dør

Det er ei noko annleis historie som vert fortalt i denne ungdomsromanen. Hovudpersonen heiter Greg, og han fortel si eiga historie. Denne inkluderer blant anna kameraten Earl, som han plar lage amatørfilmar saman med, og den litt påtvungne venninna Rachel.

Greg har som mål å gå mest mogleg usynleg gjennom high school, og gjer alt han kan for å ikkje skilje seg ut eller bli lagt merke til av medelevane. Dei tre første åra går greit, men i det fjerde åra byrjar ting å gå gale. Alt startar å skli ut den dagen han får vite at Rachel har fått kreft, og mora meir eller mindre tvingar han til å besøke henne.

Det er, trass i tema, ei ganske artig bok, og det er brukt mange ulike forteljeteknikkar for å få fram historia. Dette gjer boka variert og kjekk å lese. Sjølv om det er brukt mykje humor, er noko av humoren litt krampaktig, og litt på "slå deg sjølv i fjeset"-nivå. Det er dessverre også brukt mykje bannord i teksten. Dette dreg ned ei elles original og fin historie.

Hovudpersonen prøver å halde eit klart skilje mellom seg sjølv og dei kjenslene vi som lesarar vil forvente ein gut i hans situasjon vil kunne oppleve. Men bak den distanserte fasaden, og mellom linjene i boka, anar vi at denne historia er djupare enn berre overflatisk pjatt.

Historia kom ut som film i 2015.