torsdag 5. juli 2012

Søvnlaus

Eg ligg her i senga og får ikkje sove
Tankane kvernar heilt rundt oppi håve
Eg tenkjer på Åge, min beste venn
Som aldri kan gå ut på byen igjen

Eg saknar han, saknar han verkeleg der
Dei andre seier at eg er for sær
For ingen i byen her likar vel Åge
Det er berre eg som syns han er någe!

Men tenk å gå rundt og vifte med våpen
Venta han jubel for handlinga, tåpen?
Eit orkester, eit band, som laga ein song
Og banner og faner og flagg på ei stong?

Det var nok litt teit, men eg saknar han, eg
Og saknet hos meg har satt sine preg
Eg får ikkje sove, eg vrir meg og vender;
I morgon ei melding til Åge eg sender!


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A. Meir om Åge: Åge på skråplanet)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar