Hovudpersonen i boka heiter Honey, og bur saman med mora og ei utviklingshemma storesøster. Livet til Honey er i stor grad styrt av storesøstera sitt handikap, og ho er vant til å gjere mykje heime. Blant anna er det ho som plar lage middag når ho kjem heim frå skulen. Faren til Honey er også eit kapittel for seg, og gjer ikkje livet hennar så mykje enklare.
Det
store problemet til Honey er at ho ikkje alltid klarar å seie sanninga. Ho
diktar opp svar på ståande fot, og gir ofte det svaret ho trur
spørsmålsstillaren vil ha. Dermed hamnar ho stadig i situasjonar ho ikkje hadde
planlagt, og vert blant anna kjent med ein herr Marcel på denne måten. Den
eldre, sjuke mannen vert ein god ven, og livet skiftar retning. Ho vert også
med på eit kurs i kinesisk, sjølvsagt utan å eigentleg ville det…
Honey
har ein tøff kvardag, og det er mange såre situasjonar og hendingar i boka.
Likevel er det ikkje ei trist bok. Forfattaren skaper ein nærleik og
humoristisk varme rundt hovudpersonen, og eg som lesar blir glad i både henne
og menneska ho har rundt seg. Ut av ein vanskeleg situasjon klarer altså
forfattaren å skape ei ekte feel-good-forteljing!
Denne
boka bør lesast!