søndag 3. mars 2013

Ungdomsskulefest!

Nokre glimt frå ungdomsskulefesten fredag kveld. Der var tre hovudingrediensar: Underhaldning ved lærarane, mat og dans. Her er salen pynta og klar til å ta imot elevane:


Og i gongen stod velkomstdrikken klar:


Etter mottakinga, kunne elevane (og personalet) strøyme inn i gymsalen og finne sine sitjeplassar:


Kvelden starta altså med ein liten revy, som var lagt opp som ein tv-kveld. Barne-tv (postmann Pat), dagsrevyen, ein opera og X-faktor stod på programmet, og det heile vart runda av med ein Harlem shake... Vi kan i alle fall håpe at elevane haldt seg vakne, og kanskje til og med likte litt av det dei såg...

Så var ei feststemt forsamling klar for mat!



Flotte jenter og ein lærar som er oppe altfor seint...


Kåring av konge/dronning og prinsesse/prins:


... og den første dansen...


... før det braka laus med musikk som dei fleste kunne danse til, og det var mange sveitte ansikt å sjå mot slutten av kvelden. Det verka som dei fleste kosa seg, og at det var rom for alle både på dansegolvet og utanfor.


Takk for ein kjekk kveld!